Journalist Morten Vågset Møller i lokalavisa Vestavind fekk fredag ein dramatisk start på arbeidsdagen.
27-åringen erfarte noko som få eller ingen norske journalistkollegaer har opplevd før.
For Heimevernet vart det ein leksjon i kva pressefridom er og skal vera.
– Etter ein halvtime på kontoret tikkar det inn eit tips om militærkledde folk litt utanfor sentrum. Eg køyrer ned for å sjå. Går roleg bort med kameraet rundt halsen. Eg seier venleg og roleg at eg er frå lokalavisa og lurer på kva som føregår, fortel Møller.
«Er dette tull?»
Så skjer ting raskt.
– Då eg er to meter unna, gir ein eldre mann beskjed til ei kvinne om å pågripa meg. Ho drar hendene mine bak ryggen, og festar dei med strips. Eg tenker «er dette her tull»? Men dei er så alvorlege.
Heimevernet hadde øving på «offensive operasjonar» i Sveio. Så offensivt at ein journalist blei ulovleg bakbunden.
Foto: Morten Vågset Møller / Vestavind– Var du framleis like roleg og vennleg?
– Ja, ja. Mange militærkledde folk med våpen, liksom. Eg ville jo ikkje gjera noko som kunne skapa ein reaksjon der dei brukte meir makt enn nødvendig.
I situasjonen spør han igjen kva som føregår. HV-soldatane ber om ID. Den har han gløymt, men seier den kanskje ligg i bilen. Han ber dei google han for å stadfesta at han er journalist.
– Fire-fem av dei fører meg bort til bilen, men legitimasjonen ligg ikkje der. Eg ser at ein mann står og snakkar på eit samband.
Fekk ikkje svar
Møller held fram å spørja kvifor kan dei ikkje seia noko, og om dei har lov til dette.
– Dei svarar: «du vil få vita meir snart, når politiet kjem og hentar deg». På det tidspunktet byrjar eg å bli litt sånn stressa.
– Eg anar jo framleis ikkje at desse alvorlege, væpna menneska rundt meg er frå Heimevernet.
Men så har mannen med sambandet fått stadfesta frå lokalt politi at Møller er lokalavisjournalist.
– Då har det gått ti-tolv minutt. Då slepper dei meg etter kvart fri, og seier eg kan dra. Ho som arresterte og stripsa meg, seier dette er ei heimevernsøving med «reglar å følga når folk kjem inn der vi opererer.»
Møller seier han ikkje fekk noka unnskyldning der og då.
– For meg verka det som om dei hadde gjort jobben sin slik dei skulle.
Den lokale journalisten fekk tatt nokre bilete av heimevernsøvinga etter at dei tok av han plaststripsen.
Foto: Morten Vågset Møller / Vestavind– Det er skremmande at slikt kan skje. Alle stod med store maskinvåpen. Å ikkje få nokon beskjed om kven som arresterer deg, eller kvifor. Dette hadde eg verkeleg ikkje trudd då eg stod opp i dag.
– Heilt uakseptabelt
Redaktør i Vestavind, Ellen Marie Hagevik, reagerer på hendinga.
– Det er utruleg spesielt. Eg har aldri vore borti noko tilsvarande, nokosinne. Dette var jo fullstendig overtenning, meiner ho.
– Morten er den hyggelegaste og minst farlege fyren i verda, sjølv om han er 1,97 høg. Han fekk seg ein alvorleg støkk.
Leiar Dag Idar Tryggestad i Norsk Journalistlag reagerer på hendinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB ,NTB– Han gjorde det alle journalistar ville gjort med eit slikt opptrinn i nærmiljøet sitt: oppsøka dei og spørja kva dette for noko er. Då er det sjølvsagt heilt uakseptabelt at han blir arrestert, seier Dag Idar Tryggestad, leiar i Norsk Journalistlag.
Generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Reidun Kjelling Nybø, er endå krassare.
– Det høyrest ut som ei hending i land som vi ikkje vil samanlikna oss med når det gjeld pressefridom og ytringsfridom.
– Eg har aldri høyrt eksempel på at journalistar i Noreg har blitt stripsa og pågripne på denne måten.
Generalsekretæren i Norsk Redaktørforening kallar det ein svært uheldig episode overfor ein journalist som hadde presentert seg.
Foto: NTB scanpixHeimevernet legg seg flat
Ståle Roness, områdeleiar HV Haugalandet, forklarer at dei i dag skulle trena på «litt offensive operasjonar».
– Troppen gjorde som dei skulle, og spurde om han kunne legitimera seg som journalist. Det kunne han ikkje.
Men Heimevernet legg seg ganske flat etter hendinga.
– Mannskapa misforstod og tolka han som ein «markør» – ein person som var ein del av spelet i øvinga. Dei kjøpte liksom ikkje forklaringa hans og eskalerte nok situasjonen litt raskt. Dei enda opp med å setta strips på han. Her hadde vi ikkje trena nok, konstaterer Roness.
– Dei valde å arrestera han fram til dei fekk avklart situasjonen. Det var heilt greitt. Men ikkje stripsinga, seier områdeleiar Ståle Roness.
Foto: Privat– Så dei blei litt vel offensive?
– Ja, dei var på hogget.
Kommunikasjonssjefen for Heimevernet nasjonalt, Per Gunnar Grosberghaugen, seier det som skjedde i dag er «noko som absolutt ikkje skal skje».
– Dei misforstod, og det er berre å beklaga. Han kunne ikkje legga fram ID, og derfor reagerte soldatane slik dei skulle i ein skarp situasjon.
– Er handteringa i Sveio eit lite symptom på at verda er sikkerheitsmessig stressa for tida?
– Nei, det trur eg ikkje vi skal skulda på.
– Bør lære om pressa si samfunnsrolle
Redaktør Hagevik godtar ikkje heilt at det var ei misforståing.
– Eg skjønar at dei kunne tru Morten var ein del av øvinga. Men dei gløymde ein heilt vesentleg ting: å spørja «er du markør?»
– Sjølv om han hadde vore ein markør som soldatane skulle handtera, skal ein jo ikkje opptre slik overfor ein journalist på jobb, seier Nybø i redaktørforeininga.
– Sjølv om han mangla ID-papir?
– Det er ikkje noko krav om at journalistar i Noreg skal kunna identifisera seg i alle situasjonar. Verken i fredstid eller krigstid. Det er berre politiet som kan pågripa nokon. Viss dei har ein grunn.
– Dei som pågreip journalisten, så resolutt, bør få heilt grunnleggande informasjon om kva rolle pressa har i samfunnet, meiner Nybø.
Publisert 25.04.2026, kl. 09.20










.jpg)







English (US)