Heimen deira skal rivast: – Stressande og usikkert

19 hours ago 2



– Eg har nødvendigvis ikkje råd til den dyre leilegheita i byen og me har hatt lite tid. Det er stressande og usikkert. Ein må liksom gjere om heile livet.

Det seier kunstnar Trude Bekk.

Ho og tolv andre bur i Strandveien 23, eit hus i bydelen Svartlamon i Trondheim som er Noregs første byøkologiske forsøksområde.

Den alternative bydelen er tufta på prinsipp om flat struktur, låg standard og rimeleg utleige.

Å få bu her har gjort det mogeleg for Bekk å bu i byen samstundes som ho satsar på kunst.

– Som litt lite etablert kunstnar tener ein nødvendigvis ikkje så mykje pengar. Her har eg råd til å bu og faktisk bruke litt tid på kunst, seier ho.

Trude Bekk står foran en kjøkkenbenk. Hun har på en svart genser, svart lue og holder en kopp. Hun ser rett i kameraet.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Men innan slutten av juni må ho flytte ut. For huset må rivast når det skal byggast dobbelt jernbanespor på togskjenene like ved.

– Det er vanskeleg, me veit jo ingenting. Det einaste me veit er at me har blitt lova erstatning. Me har kanskje vore naive og kvilt litt på det, men no veit me ikkje kvar me skal bu.

Kommunen har lova erstatningsbustad, men det er enno ikkje på plass.

For å bygge dobbeltspor på Trønderbanen skal det grøne huset på Svartlamon rivast.

Heimar forsvinn på grunn av utbygging

Det er ikkje berre på Svartlamon i Trondheim at hus blir rivne og folk må flytte på grunn av utbygging av veg, togskjener eller anna infrastruktur.

På Ørlandet har fleire hus blitt rivne på grunn av utbygging av kampflybasen og støy frå F-35 flya.

I tillegg har 26 bygningar blitt flytta til ein ny bydel i kommunen:

På Vestlandet kan 50 bustadhus gå tapt som følge av bygging av ny E39. I Moss må to bustadblokker rivast på grunn av dårlege grunnforhold og bygging av ny jernbane.

Eksempla er mange og engasjementet er ofte stort når folk står i fare for å miste heimane sine.

Den alternative bydelen i Trondheim begynte som ein husokkupasjon på 80-talet. Strandveien 23 var det første huset som blei okkupert i protest mot bustadmarknaden og for å bevare den gamle arbeidarbydelen.

I fjor tok ei gruppe aksjonistar seg inn i eit hus i Lillehammer, og okkuperte det i protest mot utbygging av ny E6.

– Har ikkje mogelegheit til å leve på den måten me gjer nokon annan plass

Berekraft, lokalt sjølvstyre, dugnad, samhald og kreativitet står sterkt på Svartlamon, ifølge heimesida.

– Veldig mange av dei som bur her har ikkje mogelegheit til å leve på den måten me gjer nokon annan plass i samfunnet.

Det seier Tarjei Sund, han er ein av rundt 240 personar som bur på Svartlamon.

Tarjei Sund og katten Luna

Tarjei Sund og katten Luna bur begge to i Strandveien 23.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Dette er mykje meir enn eit tak over hovudet. Det er ein del av ein kultur, ein motkulturell retning og eit mødesamt oppbygd liv, i kontrast til det brutale jaget i storsamfunnet.

Kommunen eig området, som har tilrettelagd for at bustadane kan leigast ut rimeleg.

Det er fleire som ønsker å bu på Svartlamon, enn det er plass til. Søkelista er lang og unge menneske, bustadlause, kunstnarar, vanskelegstilte og innvandrarar skal kome først i køen.

Sjølv om dei no blir bustadlause, finst det ikkje plass på Svartlamon til dei 13 som må flytte ut.

– Ein har bygd opp et liv her som går veldig på tvers av det som finst elles i samfunnet. Ein er veldig sårbar, fordi dette eigentleg ikkje kan erstattast på nokon måte, forklarar Sund.

Har lova erstatningsbustad

Kommunen har seld bygget til Bane Nor for at det kan rivast til fordel for dobbelt jernbanespor.

Likevel har kommunen lova erstatningsbustad, men det er enno ikkje på plass.

– Det er i utgangspunktet bustadstiftinga sitt ansvar. Det er dei som har leigeavtalen med bebuarane, men me har sagt at me skal sørge for at ingen blir huslause, seier finansbyråd Lars Magnussen (H).

Finansbyråd i Trondheim kommune Lars Magnussen (H)

Finansbyråd i Trondheim kommune, Lars Magnussen (H).

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Men bustadstiftinga på Svartlamon har ikkje ledig plass til dei som no må flytte.

– Det er eit einstemmig vedtak om erstatningsbygg i bystyret, men me har førebels ikkje høyrd noko verken frå byrådet, bystyret eller kommunen.

Det seier dagleg leiar i Svartlamon bustadstifting Gjermund Bungum Gorset. Han er også politikar for Arbeidarpartiet i Trondheim og sit i bystyret.

Gjermund Bungum Gorset i Svartlamon boligstiftelse Gjermund Bungum Gorset i Svartlamon boligstiftelse

Gjermund Bungum Gorset, leiar i bustadstiftinga på Svartlamon.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Me frå stiftinga har peika på fleire mogelege løysingar, men me har enno ikkje høyrt noko om kva som vil skje, når det vil kome eit erstatningsbygg eller korleis det vil sjå ut, seier Gorset.

– Me føler at me har oppfylt forpliktingane me har ovanfor bustadstiftinga, svarar finansbyråden.

– Me vil stille opp med kommunale leigebustader i ein overgangsperiode viss det er nødvendig for å finne folk ein bustad, legg han til.

Luftfoto Svartlamon

I 2022 inngjekk kommunen og bustadstiftinga ein leigekontrakt på 35 år etter mykje usikkerheit og lange forhandlingar.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Kan ikkje gjere anna enn å desperat prøve å kjempe

Trass i at bygget skal rivast har dei som bur i Strandveien 23 framleis eit brennande engasjement for å bevare bygget.

– Me kan ikkje gjere anna enn å desperat prøve å kjempe for å bevare det, seier Sund om huset.

Strandveien 23 på Svartlamon i Trondheim med banneret "La Strandveien 23 stå" hengende på veggen

– Me kan i liten grad gjere anna enn å desperat prøve å kjempe for å bevare bygget, seier Sund om Strandveien 23.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Innbyggarane og bustadstiftinga har også kjempa for at delar av bygget skulle bevarast, men det er ikkje mogeleg seier Bane Nor.

– Me har snudd kvar ein stein for å sjå på alle moglegheiter. Me har lukkast med å flytte sporvekselen lenger vest, som gjer at me unngår å rive Gregus gate 10, og det er me glade for.

Det seier prosjektleiar i Bane Nor Midt, Alexander Mosbakk. Dermed blir bygget bak, som også ligg på Svartlamon bevart.

– Men gjennom det arbeidet har me utelukka moglegheitene for å la Strandveien 23 stå, og det er heller ikkje mogeleg å flytte det, seier han.

Toget kjører forbi Strandveien 23 på Svartlamon i Trondheim

I juni må dei som bur i Strandveien 23 flytte ut og i august blir bygget rive.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Mosbakk seier dei har full forståing for at det er opprivande for dei som no mister heimen sin.

– Me startar ikkje å rive før det er absolutt naudsynt for oss. Det gjer at ungane kan fullføre semesteret på skulen og at ein ikkje får den opprivinga midt i året, seier han.

Trude Bekk og Tom Teulon

Kunstnarparet er usikker på om dei har råd til å bu i Trondheim når dei må flytte ut frå Strandveien 23.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Men for innbyggarane på Svartlamon er det ikkje berre ein heim som forsvinn. I sokkeletasjen ligg det eit kunstgalleri og ein bokkafé som er eit viktig samlingspunkt i bydelen.

– Det er ein veldig hyggeleg og inkluderande stad. Men me må sikkert flytte frå Trondheim til ein stad det er litt rimelegare, legg Bekk til.

Publisert 23.03.2026, kl. 15.56

Read Entire Article