Hedegart med ultimatum – får full støtte av brørne Bø

2 hours ago 2



Einar Hedegart har hatt ein eventyrleg sesong i langrennsløypa. Han har vunne to verdscuprenn og NM-gull.

Torsdag reiste han heim frå OL med ein bronse- og to gullmedaljar i bagasjen.

Det skjer mindre enn elleve månader etter at han blei noregsmeister i skiskyting:

No vil sterke krefter ha Hedegart tilbake til idretten han sjølv innrømmer at ligg hans hjarte nærast.

– Ta han ut

NRKs OL-ekspert Tarjei Bø har ei klar oppfordring til Norges Skiskytterforbund:

– For å trigge Hedegart til å stå godt i valet sitt, så må forbundet tilby han ein elitelandslagsplass. Han skal vere den sjuande mannen, eit «wild card», seier Bø.

Den eldste av Bø-brørne er stolt over at ein skiskyttar har imponert så mykje blant langrennsspesialistane. No vil han at skiskyttarsporten sjølv skal nyte godt av Hedegarts ferdigheiter.

– Her må ein berre kneble han og putte han inn i smørjetraileren og køyre til skiskyttararenaen, fordi det der er eit så supertalent på ski. Og om vi får han litt betre på standplass, så er han den neste stjerna. Det er eg heilt sikker på, seier Bø.

– Han får seks andre som kan lære han å skyte, mens han som ein av dei beste skøytarane i verda kan lære dei å gå enda fortare på ski. Det er ein vinn-vinn for heile forbundet. Eg synest han er ein vinnarskalle. Alt ligg til rette for at han kan bli den beste skiskyttaren i verda, fastslår han.

Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø

KLAR TALE: Tarjei (til venstre) og Johannes Thingnes Bø støttar Einar Hedegarts søknad om ein friplass på elitelandslaget i skiskyting.

Foto: Heiko Junge / NTB

Christiansen: – Heilt einig

Vetle Sjåstad Christiansen liker forslaget.

– Eg er heilt einig. Eg sa det i fjor: Få inn Hedegart, i alle fall på rekruttlaget. Sjå litt på potensial. Skaff han ein god skytetrenar og lær han å skyte, så er han den beste skiskyttaren i verda. Verre er det ikkje, seier Christiansen.

Vetle Sjåstad Christiansen

STØTTAR BØ: Vetle Sjåstad Christiansen meiner Einar Hedegart har stort potensial som skiskyttar.

Foto: Jon Olav Nesvold / Bildbyrån

Hedegart har aldri lagt skjul på at han er i tvil om framtida. Men allereie før OL, erkjente han overfor NRK at suksessen i langrenn har ført han lenger vekk frå draumen om VM-gull i skiskyting på heimebane i Holmenkollen i 2029.

Samtidig innrømmer Hedegart at han er splitta.

Så seint som etter OL-gullet i lagsprint onsdag, avslørte han at han ikkje har lukka døra for å prøve på å bli dansk for å få ein lettare veg inn i store skiskyttarkonkurransar.

Krav: Plass på elitelaget

Derfor er han glad for å høyre at sterke krefter i skiskyttarleiren vil ha han tilbake. Hedegart er ein del av det private laget Team Anlegg Øst.

Overfor NRK erkjenner han at det skal mykje til for å returnere til skisyting. Ein plass på rekruttlaget, som Christiansen antydar, er neppe nok.

– Om eg bestemmer meg for å byte tilbake til skiskyting, så er eg veldig usikker på om eit rekruttlag er noko eg har lyst på. Her må eg sjølvsagt sjå korleis laget og treningsplanen kjem til å sjå ut før eg takkar blankt nei, men per no så er rekrutt uaktuelt, seier Hedegart til NRK.

Det han ønsker seg, er nettopp det Bø foreslår: Eit tilbod om ein plass på elitelandslaget i skiskyting.

– Då hadde eg takka ja på sekundet, seier han.

– Så forslaget mitt er at skiskyttarforbundet går bort frå alle sette reglar og gjer eit ekstraordinært val, og tar meg inn som ein sjuande utøvar. Eg veit at dette hadde blitt ein vinn-vinn situasjon, seier han.

Dette ultimatumet hyllar Johannes Thingnes Bø, som også er NRKs OL-ekspert.

– Ekstreme utøvarar har lov til å stille ultimatum. Eg stiller meg bak Einars ultimatum og meiner at forbundet seriøst burde vurdere søknaden hans, seier Thingnes Bø.

– Har tenkt tanken

Landslagssjef Per Arne Botnan drar på smilebandet når han høyrer det som i praksis er eit ultimatum, så lenge ein plass på rekruttlaget ikkje er nok til å lokke Hedegart tilbake.

– Vi har tenkt tanken, innrømmer han.

Botnan legg ikkje skjul på at det i så fall føreset at forbundet ser bort frå normale uttakskriterium, ettersom Hedegart ikkje har konkurrert internasjonalt i skiskyting i vinter.

Han er ikkje i nærleiken av å garantere Hedegart ein elitelandslagsplass på ståande fot, men seier:

– Han har vore med i diskusjonen. Han er ein løpar som har ein fysiske kapasitet og ein fart i kroppen. Han hadde vore fin å ha i ei gruppe, og han viste i NM at han kan skyte innimellom òg. Så det kunne vore ein spennande tanke å ta han med.

Per Arne Botnan under OL i Milano Cortina

OPNAR DØRA: Landslagssjef Per Arne Botnan er ikkje framand for å inkludere Einar Hedegart på rekruttlaget til skiskyttarane i framtida.

Foto: Mathias Bergeld / Bildbyrån

Bøs beskjed: – Ta det rette valet

Tarjei Bø sin beskjed til Hedegart er klinkande klart.

– No må han berre ta det rette valet. Han har tatt dei OL-medaljane, no må han komme rett tilbake til skiskyting. Vi treng han der, seier Bø.

Føresetnaden frå Hedegarts side er altså klar: Ein plass på elitelandslaget gir skiskyttarsatsing.

Uansett lukkar han ikkje døra heilt.

– Eg har framleis ikkje bestemt meg. Men at det bikkar meir og meir i retning langrenn, i alle fall for ein sesong til, må eg erkjenne etter ein så bra sesong.

Publisert 20.02.2026, kl. 11.08

Read Entire Article