Ein ny studie frå NTNU viser at mange tenåringar sender bilde eller videoar som dette.
A
Axel:Eg skal dusje, skulle ønske du var med.
M
Mia:
Den fiktive samtalen er eit eksempel på «sexting».
8 prosent av 14-åringane i studien hadde sendt bilde eller videoar, mens 39 prosent hadde tatt imot dei.
Når ungdommane er mellom 16 og 18 seier rundt 70 prosent at dei har fått slike meldingar.
Det blir også mykje meir vanleg med alderen å sende frå seg sånne meldingar. Rundt 30 prosent av 16-åringane seier dei har gjort det.
Sjølv om sexting er noko ein del driv med i dag, synest dei det kan vere vanskeleg å snakke om.
Må blokkere folk
– Eg kjenner det har blitt litt tabu å snakke om det å sende nudes. Folk vil liksom ikkje dele sine eigne erfaringar, seier Evina Valseth.
Ho går på Strinda vidaregåande skole i Trondheim saman med Johanne Jebsen og Birk Ulvøy.
Alle tre har fått slikt innhald, men det er noko dei ofte held for seg sjølve.
– Vi har ikkje snakka om det på vidaregåande. Sånn i skulesystemet blir det ikkje snakka om, seier Johanne Jebsen.
Høyr elevane snakke om å få meldingar dei ikkje vil ha. 👇
Får uønskte bilde frå ukjende
Den nye undersøkinga er gjort blant 743 ungdommar, med omtrent like mange gutar som jenter.
Desse er alle med i langtidsstudien «Tidlig Trygg i Trondheim».
Forskarane såg også på kven deltakarane sende bilde og videoar til, og kven som sende til dei.
Vanlegvis sende dei til folk dei kjende, men fekk meldingar frå ukjende.
– Det vanlegaste da dei var 16 og 18, var å sende bilde og videoar til kjærasten.
Det seier professor Silje Steinsbekk ved Institutt for psykologi ved NTNU.
Silje Steinsbekk er professor og spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi. Ho er også nestleiar i studien Tidlig trygg i Trondheim.
Foto: NTNU– Men på alle tidspunkt var det mest vanleg å ha fått bilde og videoar frå ukjende folk.
Jentene får oftare tilsendt bilde og videoar frå ukjende, og dei får oftare slike på sine eigne sosiale medium.
– Dette tyder på at jenter er meir utsette for å få tilsendt uønskte meldingar, seier professoren.
Redd for spreiing
Gjengen på Strinda vidaregåande skole synest ikkje alt med sexting er negativt.
– Kanskje ein kan bli litt meir kjent med eigen kropp, dersom det er med ein du er saman med og har ein relasjon til, seier Birk Ulvøy.
– Kan det vere ein måte å flørte på?
– Ja, dersom det er samtykke da, seier han.
Likevel synest dei tre elevane at det er meir skummelt enn bra å sende slike meldingar.
Vil verne ungdom
M
Mia:Er du framleis i dusjen?
A
Alex:Ferdig nå, vil du ha bilde?
A
Alex:
Studiar viser at sexting kan gjere ein meir utsett for utnytting og overgrep, sjølv om forskinga ikkje gir eit heilt klart bilde.
– Vi treng derfor tiltak som anerkjenner at sexting kan fremme seksuell utvikling og helse, og som samtidig vernar ungdom mot dei risikoane det kan medføre, seier Steinsbekk.
Ho seier studien har visse svakheiter.
– Deltakarane blei bedne om å hugse kor ofte dei har sendt eller tatt imot bilde og videoar. Det kan vere vanskeleg å oppgi heilt korrekt, seier ho, og legg til:
– Studien skil heller ikkje mellom frivillig og ufrivillig sexting, noko vi gjerne skulle visst meir om.
I framtida ønsker forskarane å undersøke om sexting heng saman med seksuell helse, seksuell erfaring og trakassering.
På politiet sine nettsider kan du få tips og råd om du får seksuelt innhald på mobilen din.
Dei oppfordrar folk til å snakke med ein trygg vaksen om det du har fått. Du kan også ta kontakt med politiet på telefonnummer 02800.
Politiet tipsar også om andre nettstader der ein kan få hjelp: Slettmeg.no, Kors på halsen eller Ung.no.
Publisert 30.03.2026, kl. 17.11









English (US)