To menn sikta for terrorstøtte til Hamas

4 hours ago 4



Dei to mennene i 40-åra blei pågripne torsdag på to ulike stader i bergensområdet.

Fredag ettermiddag fortalde politiadvokat Marianne Aune i PST at dei to har vore involverte i ei våpenleveranse i eit europeisk land i fjor sommar.

Våpena skulle til terrororganisasjonen Hamas, og skulle bli brukte i åtak mot jødar, fortalde Aune.

Dei to er norske statsborgarar, men har fortald at dei har palestinsk bakgrunn, ifølgje PST.

en mann og en kvinne som snakker (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

POLITIADVOKAT: Marianne Aune i PST fører saka mot dei to mennene.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I fengslingsmøta fredag ba PST om fire veker i varetekt for dei to, med to veker i full isolasjon.

Vedgår ikkje skuld

Jørgen Riple er forsvarar til ein av dei sikta. Han seier hans klient ikkje vedgår straffskuld.

– Han samarbeider med politiet. Eg meiner bevisa PST la fram er tynne, og ber difor om at klienten min blir sleppt fri, sa Riple til NRK etter fengslingsmøtet.

en mann i dress (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

FORSVARAR: Jørgen Riple seier hans klient ikkje vedgår straffskuld.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Erik Ulvesæter er forsvarar til den andre mannen, og seier også hans klient nektar straffskuld.

Ulvesæter før fengslingsmøte med drapsiktet mann i 30-årene

FORSVARAR: Erik Ulvesæter forsvarar ein av dei to mennene.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Trugselnivået ikkje endra

Dei to mennene er sikta for brot på straffelovas paragraf 136a, som gjeld deltaking eller støtte til ein terrororganisasjon.

Strafferamma er på inntil seks år i fengsel.

Justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) har sagt til NRK at trugselnivået i Noreg ikkje blir endra.

– Eg er kjend med at PST har pågripe og sikta to personar for eit terrorrelatert brotsverk. PST si vurdering er at dette ikkje endrar trugselnivået, seier ho.

Publisert 29.05.2026, kl. 15.13 Oppdatert 29.05.2026, kl. 15.40

Read Entire Article