Bruker Arne Byes journal til å avgjere erstatningssaker: – Eg fekk sjokk

1 day ago 3



– Det har vore veldig krevjande. Det har tatt lang tid, det har vore masse førebuing, mange sjokk og vanskeleg å ta innover seg.

Det seier Torhild Haugen Røsvik. Ho er ei av 116 kvinner som har søkt om pasientskadeerstatning etter feilbehandling frå deira tidlegare fastlege Arne Bye.

– Du veit ikkje kva som er normalt, fordi det er det unormale som har vore normalt for oss.

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) behandlar erstatningskrav frå pasientar som meiner dei har fått ein skade eller behandlingssvikt i helsetenesta.

I vedtaket Røsvik og fleire andre har fått, bruker NPE journalen deira, som Bye sjølv har skrevet, for å avgjere om det har vore svikt i behandlinga eller ikkje:

Undersøkelsene i seg selv ble ut i fra journalopplysningene utført i tråd med god medisinsk praksis.

Då Røsvik fekk dette svaret trudde ho ikkje det ho såg.

– Eg blei kvalm og uvel. Så blei eg sint. Eg fekk sjokk.

– I denne saka er det frykteleg mykje i journalføringa som ikkje stemmer. Det er mykje som ikkje står i det heile tatt, legebesøk som ikkje eksisterer og det er mykje feilinformasjon, seier Røsvik.

I vedtaket frå NPE som NRK har lese har ein sakkunnig lege vurdert søknaden til Røsvik.

Ho har fått medhald i delar av søknaden fordi ho har blitt filma og fordi det blei brukt alternativt utstyr under ei gynekologisk undersøking.

For andre undersøkingar har ho ikkje fått medhald i at det var svikt i behandlinga.

– Fleire undersøkingar såg dei at var totalt unødvendig, men samtidig skriv dei at det var utført på ein medisinsk god måte.

NRK har kontakta Arne Bye, via forsvararane, men han ønsker ikkje å kommentere saka.

– Kva med alt det andre han ikkje er dømd for?

Arne Bye er dømd for 70 valdtekter og 82 tilfelle av å ha misbrukt si stilling som lege for å oppnå seksuell omgang, mot sine tidlegare pasientar.

Den tidlegare kommuneoverlegen blei også dømd til å betale oppreisingserstatning til dei fornærma.

– Kvifor søker de også om pasientskadeerstatning?

– Denne erstatninga handlar om alt det andre som ikkje fekk plass i retten. Kva med alt det andre han ikkje er dømd for? spør Røsvik.

Dronefoto av Frosta

Fleire av Arne Bye sine tidlegare pasientar på Frosta søker no om pasientskadeerstatning.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Behandlingane som har vore feil er alt frå valdtekt til misbruk av stilling til heilt andre undersøkingar, det er eit stort spenn i alt som er gjort feil.

Røsvik seier at det ikkje er pengane som er viktig, men anerkjenninga frå NPE og staten.

– Det er så mange som skulle ha fått ei anerkjenning. Det er jo berre fordi du gjekk til legen at du har blitt utsett for dette.

Medan enkelte jobbar med å legge saka og det dei har opplevd bak seg, er fleire fornærma i ei ny etterforsking mot Bye:

– Ei av fleire kjelder

Totalt har NPE motteke 116 søknader om pasientskadeerstatning frå pasientar til den tidlegare kommuneoverlegen i Frosta.

Av dei har 44 fått medhald, tre har fått avslag og ei sak har blitt avvist. Dei resterande søknadane er til behandling.

– Grunnlaget for denne ordninga er at ein får dekt det økonomiske tapet sitt, som skuldast ei svikt i helsetenesta, som har ført til skade.

Det seier direktør i Norsk pasientskadeerstatning (NPE) Kristin Cordt-Hansen.

NPE opplyser på eit generelt grunnlag at mange får erstatning som ligg mellom 20.000 og 30.000 kroner.

Kristin Cordt-Hansen

Direktør i NPE, Kristin Cordt-Hansen seier dei forsøker å gjere søknadsprosessen så skånsam og enkel som mogeleg.

Foto: NPE

Cordt-Hansen seier at NPE er kjent med at journalføringa i desse sakene er mangelfull.

– Og me er heilt einig i at journalføringa tidvis er mangelfull i desse sakene. Det kjem fram i dialogen vår med erstatningssøkarane, så det tar me med i vurderingane våre.

– Korleis bruker de journalen då til å vurdere sakene og sette eit nivå for erstatninga?

– Me bruker journalen som ei av fleire kjelder for vurderinga vår. Dommen og ny sikting har også vore grunnlag for vurderinga vår. Og når det gjeld dei økonomiske tapa er det dokument den enkelte sjølv kan legge fram, svarer Cordt-Hansen.

Dersom journalen er mangelfull får han mindre betyding og anna dokumentasjon blir viktigare, skriv NPE på nettsida si.

Men når det gjeld det som har blitt gjort av annan type behandling, blir journalen lagt til grunn.

– Når det som står der verkar riktig for den behandlinga me antar at har blitt gitt, også sett opp mot forklaring frå pasienten, blir journalen lagt til grunn, seier Cordt-Hansen.

– Journalen er ikkje til å stole på

Bistandsadvokat Tove Røddesnes stiller seg kritisk til korleis kvinnene blir møtt når dei søker om pasientskadeerstatning.

– Det tar lang tid, det er ein vanskeleg prosess å stå i og dei forstår ikkje heilt kva det er dei får vedtak på.

Ho reagerer også på at journalen blir brukt til å grunngje vedtaka.

– Journalen blir brukt slavisk. Me veit frå hovudforhandlinga at journalen ikkje er til å stole på, seier ho.

Tove Jensen Røddesnes er koordinerende bistandsadvokat i Frosta-saken. Hun sitter i rettssalen og kikker til sin venstre side med et noe betenkt blikk

Tove Røddesnes

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Fleire av kvinnene har tatt kontakt med ho for å forstå svaret frå NPE og for å klage på vedtaket.

– Det er mange som opplever at dei ikkje blir høyrde.

Camilla Hagen er også bistandsadvokat og reagerer på saksbehandlinga.

– Dei legg til grunn journalen når dei vurderer om ein har blitt feilbehandla. Det blir heilt feil, sett i lys av korleis han har journalført det som har vist seg å vere seksuelle overgrep.

Portrettbilde av Camilla Hagen. Hun er bistandsadvokat i Frosta-saken. Hun står i en gang utenfor en rettssal. Det er vinduer i bakgrunnen, og vi kan se det er mørkt ute

Camilla Hagen er bistandsadvokat for fleire av dei fornærma kvinnene.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

– Omfanget er uvanleg

Cordt-Hansen seier det ikkje er uvanleg at journalføringa kan vere dårleg eller mangelfull i saker der det blir søkt om pasientskadeerstatning.

– Det er omfanget i denne saka som er uvanleg for oss, ikkje tematikken. Me er ikkje uvand med å behandle denne typen problemstillingar, men her er det veldig mange pasientar hos ein og same lege.

Ho er ikkje einig i at systemet er tungvint eller at det er vanskeleg å søke om erstatning hos dei.

– Me har eit system der ein relativt raskt og enkelt kan søke om erstatning hos oss ved å fylle ut eit skjema. Me får tilbakemeldingar på at det eigentleg er ganske enkelt, seier direktøren.

Men ho håpar dei som synest det er vanskeleg tar kontakt og seier dei er klare for å hjelpe.

– Eg har stor forståing for at dei føler seg dårleg behandla. Det er ikkje sånn me skal ha det når me kjem til legen. Det å ha blitt filma utan å vite det og undersøkt med gjenstandar som ikkje høyrer heime på eit legekontor, er avskyeleg.

Hei!

Takk for at du las heilt hit!
Har du innspel eller kommentarar til denne saka?
Eller har du tips til andre ting du synest eg burde skrive om?
Send meg gjerne ein e-post!

Publisert 30.03.2026, kl. 17.49

Read Entire Article