Har rydda 5000 tonn avfall frå Bergens­banen

3 hours ago 5



– Dette er ikkje for alle. Du må like å vere ute, like dramatiske omgjevnader og tenke at dårleg ver ikkje finst.

Prosjektleiar John Hermann Rivenes i Mesta skildrar ryddegjengen som gjennom hektiske sommarmånader har rydda banestrekninga over høgfjellet.

John Hermann Rivenes, prosjektleder i Mesta.

John Hermann Rivenes leier eit ryddemannskap på 15.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Mellom Myrdal og Hallingskeid går jernbana hogga inn i fjellet, skjerma av rasoverbygg. I skråninga under har tidlegare synder blitt ordna opp i nyleg.

– Her er alt nesten ført tilbake til det naturlege, seier Rivenes.

– Det kan følast som eit evigheitsarbeid. Men samstundes er det gjevande å sjå at det er framgang.

Ferdige om to år

Det er åtte år sidan ryddinga av Bergensbana starta.

Dei byrja ved Hokksund, og har jobbe seg vestover sidan.

I løpet av neste år vonar dei å vere ferdige med fjellet. Om to år kan dei ha rydda seg fram til Bergen, fortel Håkon Berge. Han er byggeleiar i Bane Nor.

Helikopter løfter ut avfall fra ryddeaksjon på høyfjellet, Bergensbanen.

På dei mest utilgjengelege plassane må avfallet fraktast ut med helikopter.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det var ein litt annan måte å jobbe på tidlegare. Når til dømes eit rasoverbygg skulle bytast ut, blei det gamle berre skubba til side. Så no ryddar vi opp i gamle synder.

Berge anslår at dei så langt har rydda kring 5000 tonn med ulikt avfall langs skjenegangen.

Trevirke, jernbaneskjener, stålplater og diverse andre byggemateriale som ein gong var ein del av infrastrukturen på linja mellom aust og vest.

Flåmsbana vart rydda ferdig i 2022.

Byggeleiar Berge opplyser at dette er dei første strekningane som Bane Nor ryddar på denne måten

Håkon Berge, byggeleder i Bane Nor. I bakgrunnen Kleven bru.

Håkon Berge i Bane Nor på synfaring ved Kleven bru mellom Myrdal og Hallingskeid.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

.

Mesteparten vert resirkulert

Ryddeaksjonen kostar kring 30 millionar kroner årleg. Men i dei oransje plastsekkane ligg det og store verdiar.

– For oss er dette ei skattkiste å rote i. Vi kan gjenbruke mykje av dette. Det meste vert biobrensel, men her er det og mykje metall vi kan bruke på ny.

Det seier Jørgen Nielsen frå RagnSells. Dei har ansvaret for å ta hand om alt avfallet.

Nielsen seier kring 90 prosent av det som vert henta ned frå fjellet kan resirkulerast.

Logistikken i ryddeaksjonen er ein stor utfordring. Somme stader må dei ta i bruk helikopter for å få avfallet vekk frå fjellet.

Jørgen Nielsen fra RagnSells.

Jørgen Nielsen frå Ragn Sells seier dei kan resirkulere kring 90 prosent av avfallet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Dei oransje sekkane med dei gamle syndene vert lessa på tog, og frakta til eit deponi på Voss for sortering.

Fjellet byr og på andre utfordringar. Vinteren held på å tvinge arbeidarane til å gje seg for året.

– Men vi kjem til å halde på til det rimar i barten, seier Rivenes i Mesta.

– Sesongen er så kort, så her er det full pedal til det ikkje er farbart her oppe.

Lasting av sekker ved Kleven

Tidlegare i sumar vart sekkar med avfall frakta ned frå fjellet med tog.

Foto: Bane Nor

Publisert 23.10.2024, kl. 17.17

Read Entire Article