GJESTEKOMMENTAR: Me har skapt ein idé om at mennesket kan vera feilfritt. Me det har me og skapt ei tid utan tilgjeving.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Eg har aldri vore kristen. Knappast religiøs. Men eg vaks jo opp i Stavanger og Ryfylke, så eg er godt kjend med vår særskilde variant av den kristne trua. I den sto synda sentralt. Synda var lett å koma over, den smale stien svært smal, medan den breie umogleg å unngå. Det var ei gudstru som hadde ein lang tradisjon for å undertrykka både menneske og det menneskelege. Det gjorde meg lenge fiendtleg innstilt til tru generelt, og til kristendomen spesielt.
Dei siste åra har eg begynt å revurdera ståstaden min. Ikkje til trua, men til kvifor kristendommen har lagt sånn vekt på arvesynda. Om me alle er syndige, så vert synda ikkje framand – ho er tvert om ein grunnleggande, ubryteleg del av det å vere menneske – og då vert også tilgivinga heilt grunnleggande.
Den moderne gapestokken
Denne heilt sikkert ganske banale utlegginga av eit av dei kristne grunnprinsippa står i skarp kontrast til den tidsånda me lever i dag. For medan Bibelen tek synda for gitt hos menneske, så dømer me kvarandre stadig oftare ut frå ein idé om at me kan vere feilfrie. Me veit meir og meir om kvarandre, det er ein av konsekvensane av internettet og sosiale medium. Det gjer det lettare å avsløra overgrep og utnytting som før vart skjult, det gjer det vanskeleg å kome unna for dei som har utnytta makta si, og det er ei god ting. Men dette har òg skapt ein offentleg gapestokk som er langt verre og varer mykje lengre enn dei som i si tid sto på torget i byane i mellomalderen.
Eit enkelt eksempel er politikarar og andre som har offentlege roller og verv. Neste haust er det stortingsval igjen. Frå Rogaland er det knapt halvparten av dei som sit på Stortinget no som vel å ta attval. Sjølv om ingen har sagt det høgt, er eg ganske sikker på at det har noko å gjere med krava som nå vert sette til dei som skal vera på Stortinget. Dei skal ikkje berre representera meiningane dei partia og dei veljarane som stemmer på dei. Dei skal leva eit liv kor alt dei gjer kan verta ei offentleg sak. Og alle feila dei gjer, eller har gjort, store eller små, kan hamna på framsida av nettavisene. Og feila treng ikkje vere store, men om dei skrik mot deg i store bokstavar og nokon peikar og seier «Sjå, sjå på ho, sjå på han, sjå kva dei har gjort», så er du allereie skuldig, same kva.
Eit ekstremt eksempel er det som skjer med den norske kongefamilien og særleg kronprinsessa vår no. Sonen hennar er under etterforsking for brotsverk. Dei vert bretta ut for alle. Men det vert også alle rundt han. Sist veke var den store skuldinga, og det me alle måtte finna ut av, at ho hadde ringt til han då ho fekk vita at han skulle bli pågripen. No er det, takk og lov, berre éin familie som er kongeleg i Norge, og berre éin familie som lever med flaumlysa på seg på denne måten. Men sjølv om dei er kongelege, så er dei fyrst og fremst menneske dei òg. Og fortel meg kven som ikkje hadde ringt til ungen sin og sagt frå om dei fekk vita at snart kjem politiet til deg. Eg hadde i alle fall gjort det, sjølv om det var gale. Det å ville hjelpe ungane sine er grunnleggande menneskeleg. Det er ein «feil» me alle ber me oss.
Men det er ikkje berre politikarar og kongelege som lever under flaumlyset, som vert forventa å vere utan feil. Noko av det mest usympatiske med den rørsla som kallast «woke» – ordet har vorte eit slag skjellsord på same vis som «politisk korrekt» vart det for nokre tiår sidan – er at ho er heilt utan tilgjeving for feil. Som med det «politisk korrekte» er det eigentleg noko bra i botnen her. Det er ikkje gale å arbeida mot rasisme, sexisme eller undertrykking av folk på grunn av kjønn, identitet eller seksualitet. Tvert om. Men det er gale å forfølgja den rette tanken til det punktet at han vert den einaste tanken det er lov å tenka. Og det er slik det kjennest i mange debattar no.
offentlege, hadde me kanskje òg
lært ungane våre å tilgje seg sjølve.
Folkehelsa
Me lever òg ei tid kor dårleg psykisk helse er den nye folkesjukdommen. Særleg blant ungdom. Då eg vaks opp, lo me av amerikanarane i California og New York som alle gjekk til psykolog om dei hadde råd til det. No er psykologar og psykiatrar til ungdommane våre eit av samfunnets mangelvarer. Det kan skuldast at me skriv ut for mange diagnosar, og at ungane våre er snøfiller, men eg trur me må ta inn over oss at ideen om det feilfrie menneske treffer dei unge hardare enn nokon andre. Dei veks opp med ein idé om at dei skal gjera alt rett. På skulen, i idretten, ovafor vener og familie, – og for ikkje å snakke om arbeidslivet, når dei kjem dit. Og dei veks opp utan å tilgje seg sjølv at dei gjer feil.
Det er når eg legg disse tinga oppå kvarandre eg har begynt å tenka attende på kristendomskunnskapen min. Ikkje som religiøs praksis, men som filosofi. Kristendommen, og for den saks skuld jødedommen og islam tek skulda for gitt. Menneske vil gjera feil, me vil koma til å misunna vår neste, me kjem til å fråtsa, irritera oss over foreldra våre, lyga og det som verre er. Difor finst det bod som fortel oss at kva me ikkje skal gjera, og difor balar religionen så mykje me korleis ein skal takla det at me veit kva som er gale, men gjer det likevel.
Men i denne erkjenninga ligg det to ting som me verkeleg treng i vår tid. Det eine er den grunnleggande forståinga av at menneske ikkje er, kan vere eller skal vere feilfritt. Tvert om. Det er menneskeleg å gjera feil. Og difor er det mest naudsynte av alt å tilgje. Å tilgje andre for dei feila dei gjer. Om me gjorde meir av det, og dømde mindre i den offentlege gapestokken, hadde me kanskje òg lært ungane våre å tilgje seg sjølve.
Publisert:
Publisert: 9. november 2024 07:08