Har ikkje råd til vikar – må be foreldra halda barna heime

1 week ago 15



Klokka er 07.20 måndag morgon. Kronstad barnehage i Bergen skal opna om ti minutt. Uventa sjukefråvær gjer at 18 barn på storbarnavdelinga berre har éin vaksen, og andre avdelingar har ikkje nok vaksne til å avhjelpa.

Styrar Katharina Søreide må senda ut denne meldinga til foreldra:

«Hei. Eg håpar seks til åtte barn frå storbarnavdelinga kan ha fri i dag. Veldig ubehageleg å spørja dykk om dette, men me ser ikkje så mange andre løysingar for forsvarleg drift.»

Styrar Katharina Thuland Søreide i Kronstad barnehage i Bergen.

Barnehagestyrar Katharina Søreide måtte måndag morgon senda ut melding der ho bad foreldre ikkje levera barna i barnehagen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Søreide kallar det ei fallitterklæring.

– Det er ikkje ei hyggeleg melding å senda ut. Men eg såg ikkje noko anna val.

– Hadde du hatt pengar til det, viss du hadde fått tak i ein vikar?

– Nei. Me brukte opp vikar- og overtidsbudsjettet i vår for å vareta helsa til tilsette, behova til barna og halda lovkrava.

Byråden: – Eg har ikkje noko val

Kronstad barnehage er ikkje åleine med å slita, verken i Bergen eller resten av landet.

– Fleirtalet av kommunane i Noreg uttrykker akkurat det same som oss i Bergen. Ein får ikkje budsjetta til å gå i hop, seier byråd for skule og barnehage, Daniel Hägglund (Frp).

I Bergen må barnehagane i haust kutta 4,3 millionar kroner.

– Økonomien for bergensbarnehagane er ekstremt tøff og utfordrande. Men eg har ikkje noko anna val.

Tillitsvald trur alle barnehagar bryt lova

Barnehagelova krev at «bemanninga må vera tilstrekkeleg til at personalet kan driva ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd».

– Slik er det ikkje i dag. Mest sannsynleg bryt alle barnehagar i heile Noreg den paragrafen, seier tillitsvald Kjersti Bernes Drageide i Utdanningsforbundet Bergen.

Ifølge lova skal barnehagane ha minst éin tilsett per tre barn under tre år og éin tilsett per seks barn over tre år.

– Dette er ein minimumsnorm, men blir brukt som ein maksimumsnorm. Arbeidsbelastninga på dei tilsette er altfor høg og har vore det veldig lenge. I realiteten er det berre full bemanning eit par timar i løpet av ein heil dag.

– Barnehagane er frykteleg underfinansierte. Sjølv om bemannings- og pedagognorma er oppfylt, så bryt kommunane likevel kravet om eit pedagogisk forsvarleg tilbod, meiner ho.

Styrar Katharina Thuland Søreide i Kronstad barnehage i Bergen, saman med tre barn.

Laura (4), Tor Inge (3) og Herman (3) saman med styrar Katharina Søreide i Kronstad barnehage.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Godt pedagogisk tilbod er lite mogleg

I ei undersøking blant over 1200 barnehagestyrarar i fjor, svarte 40 prosent at den samla bemanningssituasjonen i lita eller inga grad gjer det mogleg å planlegga og gjennomføra eit godt pedagogisk tilbod til barna (sjå faktaboks).

Både tilsette og tillitsvalde peikar dessutan på at barnegruppa er meir kompleks enn før.

– Ein står aleine med mange barn, mange av dei med særskilde behov. Då klarer ikkje dei tilsette å følga opp ungane slik dei ønsker. Dei tilsette går heim med dårleg samvit, og opplever at dei ikkje har fått gitt kvart enkelt det barnet treng, seier Drageide.

– Barnehagepedagogane har fått veldig mykje nye arbeidsoppgåver, men har framleis berre fire timar plantid i veka. Det har vore uendra sidan 1970, seier barnehagestyrar Katharina Søreide.

NHO: – Staten må betala heile bemanninga

NHO Geneo, som representerer rundt ein tredel av norske private barnehagar, meiner kommunane har så pressa økonomi at dei kuttar budsjetta meir enn det som er forsvarleg.

– Kronstad og mange andre barnehagar går inn i influensa- og forkjølingssesongen utan pengar til å ha folk på jobb når tilsette er sjuke, seier bransjedirektør Torbjørn Sølsnæs.

Han seier barnehagesektoren har vore underfinansiert i lang tid.

– Bemannings- og pedagognorma må bli fullfinansiert av regjeringa i statsbudsjettet for 2025

Barn på rutsjebane i Kronstad barnehage i Bergen

Matilde (4) likar rutsjebanen i Kronstad barnehage.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Norske barnehagar er gode

Byråd Hägglund i Bergen kallar dei økonomiske kutta «utfordrande», men ikkje «uforsvarlege».

– Me oppfyller bemanningsnorma i barnehagen, og me oppfyller lovkravet som ligg der.

Han understrekar at ingen barnehagar skal halda stengt på grunn av økonomi.

– At barnehagar har sendt ut melding og spurt foreldra om dei frivillig har høve til å henta barna, har skjedd i all tid. Men det skal ikkje skje av økonomiske grunnar.

Byråden seier at viss barnehagane må henta inn vikarar for å ha forsvarleg drift, så skal dei gjera det.

– Men dei må ta ei nøyare og meir restriktiv vurdering av når ein kan henta inn vikarar, og eventuelt utsetta andre innkjøp, seier Hägglund.

– Skal barnehagane følga lova eller budsjettet?

– Først og fremst lova. Kommunen har plikt til å hald barnehagane opne. Men Bergen går mot eit underskot på 800 millionar. Dette er pengar me er nøydde til å henta inn i løpet av 2024. Jobben min er å prøva å skjerma barn og unge mest mogleg.

Byråden seier det er Stortinget og regjeringa som må diskutera om bemanningsnorma er tilstrekkeleg og oppfyller intensjonen i lova.

Styrar Katharina Thuland Søreide i Kronstad barnehage i Bergen, saman med fire barn

Barnehagestyrar Katharina Søreide saman med Torvald (4) og 3-åringane August, Herman og Tor Inge.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Forferdeleg skvis

Drageide i Utdanningsforbundet meiner barnehagestyrarane står i ein «forferdeleg vanskeleg skvis».

– Dei får to motstridande beskjedar: Ta inn vikar for å unngå stenging, men samtidig prøva å halda budsjettet. Dei to går ikkje overeins.

For å unngå overtidsbetaling har barnehagestyrar Søreide i haust avlyst alle personalmøte, eit kurs for foreldra, og den årlege deltakinga på ein lokal SOS barneby-kveld.

– Me bryt ikkje lova, men kvaliteten blir dårleg, seier ho.

– Korleis gjekk det etter «naudmeldinga» du sende foreldra på måndag?

– Nokon sa dei kunne levera seinare eller henta tidlegare. Fem familiar heldt barnet heime. Men det er jo barn som då ikkje fekk det dei skulle ha. Det blir brannsløkking, i staden for at me jobbar godt og i forkant.

Publisert 25.09.2024, kl. 21.18

Read Entire Article