Hanaa (49) måtte flykte frå Danmark til Noreg

1 month ago 21



Kvar dag går Hanaa Mohamad Treesh ein tur i Tingvoll, omringa av fjord og fjell.

Så går ho tilbake til det vesle rommet sitt på asylmottaket.

Hadde ho kome til Noreg først, kunne ho no hatt jobb og sin eigen plass å bu.

I staden tok ho ein lang omveg via Danmark.

Hanaa Mohamad Treesh går ein tur langs fjorden i Tingvoll. Det er sol og fint vêr.

Hanaa Mohamad Treesh går ein tur kvar dag, for å klarne tankane.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Måtte flykte igjen

Hanaa Mohamad Treesh gjorde som mange andre frå Syria i 2012, flykta frå krig.

Ho reiste med det som blir kalla dødsbåtane over Middelhavet, og enda til slutt opp i Danmark i 2014.

Der lærte ho seg dansk, og fekk opphaldsløyve i landet.

Men i 2022 ombestemte Danmark seg. Danskane meiner det er trygt for Treesh å reise tilbake til det området ho kjem frå, Rif Damaskus.

Denne praksisen vart blant anna sterkt kritisert av FN.

Beskjeden kom som eit sjokk for Treesh.

– Tankane mine vart heilt lamma, seier ho.

Hanaa Mohamad Treesh Sitt ute i skyggen for sola. Ho har på seg ein blå hijab og ei blå skjorte. Bak ho er det grønt gras.

Hanaa Mohamad Treesh måtte flykte frå forlovaren sin i Syria. Han vart seinare drepen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Treesh måtte igjen flykte. Ho reiste vidare til Noreg, som i motsetning til Danmark ikkje meiner at det er trygt å returnere til Syria.

Problemet er at Noreg er ein del av Dublin-samarbeidet. Det betyr at Treesh i realiteten berre skal kunne søke asyl i eitt europeisk land.

Som ho allereie hadde gjort i Danmark, og fått avslag.

– Eg var klar over at saka mi kom til å vere vanskeleg, seier ho.

Ho seier ho er kritisk til regimet i Syria, og fryktar for livet sitt om ho må reise tilbake.

Fekk hjelp av Noas

Noas, ein organisasjon for asylsøkarar i Noreg, meiner det ikkje er trygt å sende Treesh tilbake til Syria.

– Det er ein reell risiko for at Hanaa blir sendt vidare til forfølging. Då er det Noreg som er ansvarleg for det. Det er derfor denne saka er viktig, seier Valentina Soto i Noas.

Soto fortel at så langt dei er klar over, er Danmark saman med Ungarn dei einaste landa i Europa som meiner visse område i Syria er trygge.

– Denne asylpolitikken som Danmark fører, har tvinga henne ut på flukt igjen, seier ho.

Hanaa Mohamad Treesh går i ein kvit gang omringa av døre på begge side. Ved dørene står det planter. Hanaa har på seg ein blå hijab og ei blå dongriskjorte.

Hanaa Mohamad Treesh bur no på eit asylmottak i Tingvoll. Ho deler kjøkken og bad med sju andre kvinner.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Dermed tok Noas, i samarbeid med advokatfirmaet Wiersholm, saka til retten.

I retten var alle partane einige om éin ting. Hadde Treesh søkt asyl i Noreg først, hadde ho fått opphald.

Utlendingsnemnda (UNE), som meiner Treesh ikkje kan få sin søknad behandla i Noreg, seier dei ikkje har moglegheit til å stille til intervju med NRK.

Men i dommen står det at dei meiner Treesh allereie har fått behandla asylsøknaden sin i Danmark. På grunn av Dublin-samarbeidet kan ikkje Noreg gjere det ein gong til.

I dommen står det også at dei meiner det ikkje er noko haldepunkt for at ho ikkje har fått søknaden sin forsvarleg behandla av Danmark.

Vann i første runde

Men tingretten var ikkje einige med UNE. I dommen står det også at sjølv om Danmark formelt sett ikkje returnerer flyktningar til Syria, så er der ingen garanti for at Treesh ikkje blir returnert.

Dermed får Treesh behandla sin søknad om asyl i Noreg. Men dommen er endå ikkje rettskraftig. For UNE kan anke, og det kan bli ei ny runde i lagmannsretten.

UNE skriv i ein e-post til NRK at dei ikkje har tatt stilling til ankespørsmålet endå.

Dermed må Treesh smørje seg med endå litt meir tolmod.

– Eg håper det går bra med saka mi, og at eg får eit positivt svar. Alt eg vil er å begynne å jobbe og betale skatt. Bli ein del av det norske samfunnet, seier ho.

Hanaa Mohamad Treesh er kledd i ein blå hijab og ei blå skjorte. Ho sit på ei seng, og bak ho heng det to blåe gardine.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Valentina Soto i Noas, seier det er vanskeleg å spå om kor mange som vil komme til Noreg for å søke asyl her.

– Men det viktigaste er at vi har ei plikt til å sørge for at ingen skal bli sendt til ein stad dei risikerer å bli forfølgt, seier ho.

Publisert 20.08.2024, kl. 17.43

Read Entire Article