–Han var berre sånn: – Yes, darling!

1 month ago 24



Med ein hale av journalistar, turistar og fastbuande etter seg vandra Durek Verrett i gatene i Ålesund i dag. I kveld er det stor fest i Ålesund og i morgon giftar Verrett seg med Märtha Louise i Geiranger.

Fire klassevenninner frå Borgund vidaregåande skole flokka seg rundt Verrett då han kom gåande opp Løvenvoldgata.

– Han var veldig hyggeleg. Han var berre sånn: Yes, darling! seier Sina Solskjær og ler.

Stilte opp på bilde

Dei fire klassevenninnene hadde fått i oppgåve å ta bilde av jugendstilen i Ålesund, men blei overvelda då dei støtte på Durek Verrett i Ålesund torsdag. Den amerikanske shamanen stilte velvillig opp på bilde med jentene.

vedgår at dei hadde håpt å få eit glimt av dei kongelege - og aller helst Leah Isadora Behn, dottera til prinsesse Märtha Louise. Ho er populær influensar, og godt kjent i venninnegjengen.

– Vi prøver å sjå etter andre, men vi har ikkje sett dei, seier jentene.

Vandra rundt i gatene

Durek Verrett kom ut frå Hotel 1904 med eit team frå Netflix på slep. Men det tok ikkje lang tid før ein stor flokk skodelystne, journalistar og fotografar hang seg på.

Durek Verrett kom ut frå Hotel 1904 med eit team frå Netflix på slep. Men det tok ikkje lang tid før ein stor flokk skodelystne, journalistar og fotografar hang seg på.

Durek Verrett var først innom ein butikk i gågata i Ålesund der han kjøpte seg nye solbriller.

– Solbrillene er til meg, eg veit ikkje om eg skal ha dei på meg under bryllaupet, men eg hadde behov for nye briller, sa Durek Verrett då han kom ut frå butikken.

Tok selfies med skodelystne

Så kasta han seg ut blant den store flokken skodelystne og let seg fotografere.

– La oss ta litt bilete, sa han og la ei hand over skuldra til ei av dei mange som sto i nærleiken. Han stilte seg velvillig opp og blei med på selfies og delte ut kjærlege kommentarar til dei han blei med på bileta til.

– Eg skal gifte meg med draumekvinna mi, sa han. Eg er verkeleg lukkeleg, la han til, før han snudde seg til den neste som også ville ha bilete av han.

Midt i gata møtte han også nokre av bryllupsgjestane som han enno ikkje hadde fått helsa på. Då var tida inne til å sjekke kva gjesten hadde handla i det lokale kjøpesenteret i Ålesund. Durek Verrett braut ut at også han hadde tenkt seg på ei lita handlerunde.

Durek Verret svarer at han elsker nordmenn, men at nordmenn ikke alltid har fortsått han.

Ville ikkje avsløre detaljar

I gata fekk Durek Verrett også spørsmål frå journalistane om detaljar for feiringa og kva han skulle ha på seg under bryllaupsfeiringa.

Dette avviste Durek å svare på, og skjemta om at bruda kunne bli sint om han avslørte noko av det dei ville halde hemmeleg.

Men han rosa mottakinga han har fått i Noreg, sjølv om han måtte medgje at han av og til følte seg misforstått.

– Eg elskar nordmenn. Eg har alltid elska dei. Av og til forstår ikkje nordmenn meg. Men eg har alltid elska dei. Eg elskar folk, ikkje få meg til å gråte no, men det gjer eg.

– Må sjå byen

Durek Verrett fekk også spørsmål om korleis det var å kome ut av hotellrommet og møte den store interessa blant folk. Han gav eit klart inntrykk av at det var godt å kome seg ut.

– Eg kan ikkje stenge meg inne på hotellrommet. Eg må ut og få luft, eg må ut og sjå byen, eg må ut og møte folk, sa han før han smilande gjekk inn på hotellet igjen.

Publisert 29.08.2024, kl. 13.04 Oppdatert 29.08.2024, kl. 13.30

Read Entire Article