Denne veka blei det klart at indisk-amerikanske Zohran Mamdani (33) vann nominasjonsvalet til Demokratane til ordførarvervet i New York.
Mamdani har blitt møtt av massiv kritikk frå president Donald Trump og republikanarar.
– Han vil øydelegge New York. Han må bli deportert. Derfor ber eg om at han blir fråteken statsborgarskap, skriv Andy Ogles som er representant for Republikanarane i Tennessee på X.
Det kvite hus si pressetalskvinne Karoline Leavitt skal også ha opna for å undersøke Mamdanis immigrasjonsstatus som følge av Ogles påstand.
Mamdani er fødd i Uganda før han kom lovleg til USA i ein alder av sju år.
– Mange seier at han er i landet ulovleg, sa Trump tysdag og sa at dei skal undersøke dette vidare.
Donald Trump truar med å deportere ordførarkandidaten til Demokratane i New York.
Foto: Evan Vucci / AP / NTBGår hardt ut
Valløftet til Mamdani går blant anna ut på å stoppe deportasjonen av naboar.
Tysdag trua Trump med å arrestere Mamdani dersom han skulle gå imot innvandringspolitikken i landet.
Trump har også kalla ordførarkandidaten ein kommunist, «dårlege nyheiter» og ein «total nut job».
– Vi treng ikkje ein kommunist i dette landet, men om vi har ein, så vil eg følge veldig nøye med på han, seier Trump
Han trua også med å halde tilbake federal støtte til New York dersom Mamdani ikkje skulle gjere «det rette».
Mamdani deltok i Pride-paraden i år saman med justisminister i New York Letitia James.
Foto: ADAM GRAY / AFP / NTBGir seg ikkje
– Presidenten av Dei sameinte statane har trua med å arrestere meg, fjerne opphaldsløyve mitt, sette meg i eit deporteringssenter og deportere meg, skreiv Mamdani på X etter utspela til Trump.
Han skriv at det Trumps seier ikkje berre representerer eit angrep på demokratiet, men også eit forsøk på å sende ein beskjed til alle newyorkarar som nektar å gøyme seg i skuggen.
– Vi vil ikkje akseptere desse truslane.
Ordførarkandidaten har blant anna gått til val på å gjere storbyen rimelegare for innbyggarar ved å tilby gratis offentleg buss, rimelegare barnehageplass og fryse husleiga.
Mamdani ligg godt an til å bli ordførar i New York i november.
Foto: MICHAEL M. SANTIAGO / AFP / NTB– Kan styrke Republikanarane
– Mamdani er det perfekte fiendebildet for republikanarar som elskar å ha nokon dei kan åtvare mot.
Dette seier Eirik Løkke som er rådgjevar i tenkjetanken Civita og som følger amerikansk politikk tett.
– Som sosialdemokrat, fødd i Uganda og muslim, bruker republikanarar bakgrunnen til Mamdani til å måle eit fiendebilde, seier Løkke.
Han trur ikkje at Trump faktisk vil deportere ordførarkandidaten.
Rådgivar i Civita og USA-ekspert Eirik Løkke trur ikkje Trump vil deportere Mamdani.
Foto: Hanna Johre / NRKStore ord
– Innvandringspolitikken er i utgangspunktet eit område der Trump har mykje politisk støtte og det blir derfor eit tema han støtter seg på når han kjem med påstandar.
Løkke minner om at det er langt frå første gong Trump har brukt retorikk som bryt med normer og reglar.
– Trumps inngang til politikken var basert på konspirasjonsteoriar om at Obama ikkje var amerikansk statsborgar. Dette fungerte godt for han trass i at det ikkje er sant.
Likevel seier Løkke at ein aldri kan avvise noko når det gjeld Trump og at han verkar meir handlekraftig enn ved sin første presidentperiode.
Det har vore fleire protestar mot immigrasjonsstyresmaktene (ICE) i California.
Foto: ReutersHan har signert presidentordre i rekordfart. Mange av forslaga hans er kontroversielle. Onsdag blei Trumps «One Big Beautiful Bill Act» så vidt godkjent.
No held mange pusten og ventar på kva som skje 9. juli når Trumps «tollpause» er over.
Publisert 04.07.2025, kl. 14.14 Oppdatert 04.07.2025, kl. 14.54