24 år gammal blei han tatt som gissel på Nova-festivalen nær grensa til Gaza 7. oktober 2023.
Dette er hans 665. dag i fangenskap.
«Dei et det vi et» står det på arabisk, hebraisk og engelsk over bilda av den utmagra mannen.
Bilda er kryssklipte med videoar av utsvelta palestinske barn, som lir under det som no blir omtalt som ein villa svoltkatastrofe i Gaza, påført av Israel.
«Fortsetting følger ...» sluttar videoen.
Familien til gisselet ønsker ikkje at videoen skal bli publisert.
– Mora mi og broren min burde ikkje scrolle gjennom Instagram og sjå eit bilde av videoen med eit uhell. Å sjå tilstanden broren min er i, var som ein million slag i hjartet, skriv søstera til gisselet på Instagram.
Midtaustenkorrespondent Yama Wolasmal om videoen.
Vender seg mot USA
Videoen blei publisert dagen etter at Palestinsk islamsk jihad (PIJ) publiserte ein video av Rom Braslavski, som også blei tatt som gissel på musikkfestivalen. Terrororganisasjonen hevdar at videoen blei filma dagar før dei mista kontakta med dei som held han fanga, og at skjebnen hans er uviss.
I etterkant har familien til Braslavski kravd eit umiddelbart møte med sikkerheitstenesta samt den militære og politiske leiinga i Israel.
Familien til Rom Braslavski under ein demonstrasjon i oktober i fjor.
Foto: AHMAD GHARABLI / AFP / NTB– Vi skjønar ikkje kva dei held på med i Knesset heile dagen. Snakkar? Debatterer? Rom har vore der i nesten to år, og ingen har eingong brydd seg med å ringe oss med ei oppdatering, seier dei i ei utsegn, ifølge Times of Israel.
Dei snur seg så til USA:
– Vi ber ambassadør Witkoff om å sjå denne videoen. Og vi ber innstendig til president Trump: få sonen vår heim.
Steve Witkoff var fredag i Rafah sør i Gaza, saman med Den israelske hæren (IDF) og Gaza Humanitarian Foundation (GHF).
Bruker lidingar
Reaksjonar som den frå Braslavski-familien er nok det Hamas ønsker, trur dosent i Midtaustenstudium ved Universitetet i Oslo, Dag Tuastad.
– Desse videoane vekkar naturleg nok store reaksjonar i Israel, som så blir til press mot den israelske regjeringa om å gå med på ei våpenkvile og avslutte krigen, seier han.
Presset mot Benjamin Netanyahu for å gjere nettopp dette, har berre auka dei siste vekene. Gisselfamiliar, menneskerettsorganisasjonar og tidlegare statsleiarar har bedt Netanyahu avslutte krigen, om enn av ulike motivasjonar.
Arabiske og jødiske israelarar har demonstrert side om side i Tel Aviv denne veka.
Foto: AHMAD GHARABLI / AFP / NTBFørre veke trekte USA og Israel seg frå våpenkvilesamtalane med Hamas, etter at Hamas la fram eit forslag til ein avtale som dei ikkje var nøgde med, skriv The New York Times.
Forhandlingane er fastlåste, og Hamas har sagt at dei ikkje vil sette seg ved forhandlingsbordet før svoltkatastrofen i Gaza er over.
Dei israelske gislane er Hamas' fremste forhandlingskort opp mot Israel.
– Det at Hamas no publiserer desse videoane, må sjåast i samanheng med forhandlingane og at dei nå vil styrke sin eigen posisjon, seier Tuastad.
Samstundes peikar han på det han ser som ein manglande bakkekontakt.
– Qassam-brigadane ser ut til å vere heilt ute av kontakt med den øvrige befolkninga i Gaza når dei bruker lidingane deira til å oppnå sine mål på denne måten, seier han.
Publisert 01.08.2025, kl. 19.51 Oppdatert 01.08.2025, kl. 19.59