Gribbane

2 weeks ago 11



Når dei offentlege sjukehusa slit, sit private bemanningsbyrå som gribbar og ringer legar midt i arbeidstida for å rekruttere dei. Etterpå skal dei selje arbeidskrafta deira tilbake til sjukehusa til ein høgare pris og få seg eit klekkeleg mellomlegg.

Slik bidrar dei til å utarme dei offentlege sjukehusa og samtidig tene seg rike på offentlege helsekroner. Dette er makabert, usmakeleg og uetisk.

Korleis veit eg dette? Jo, her om dagen sat eg intetanande og vurderte skogen av tilvisingar om gynekologiske undersøkingar og behandling, innimellom hyppige avbrot for å hjelpe yngre kollegaer med medisinske vurderingar, hjelp til undersøkingar og spørsmål, berre avbroten av telefonar frå legar utanfor sjukehuset.

Vart du litt sveitt av den setninga? Vel, slik er vår kvardag.

Same dag svarte eg også på spørsmål frå media av di vi frå abortregisteret ved FHI, der eg har ei bistilling, offentleggjorde ei førebels oversikt over aborttala for fyrste halvår i 2024.

Eg tok difor telefonen frå eit ukjent nummer på rein refleks og vart heilt perpleks. «Hei! Vi ringer frå bemanningsselskapet xx, (hugsar ikkje namnet) og vi treng gynekologar.»

Meir rakk ho ikkje å seia før eg buste ut: «Det er eg på ingen måte interessert i. Eg har stor tiltru til det offentlege helsevesenet.» og så la eg på.

For å vera heilt ærleg vart eg djupt sjokkert og vippa av pinnen.

Etterpå har eg høyrt med legar frå nokre andre spesialitetar, og både kardiologen, radiologen og øyre-nase-halslegen kjenner til dette. Spesielt er radiologane utsette for forsøk på aktiv rekruttering. Både skriftleg og direkte på telefon.

Ingen av dei eg snakka med har bite på. Det å jobbe på eit offentleg sjukehus er meiningsfullt, og dei fleste av oss ynskjer å vera ein del av samfunnsbidraget.

Oppringinga frå vikarbyrået plagar meg. Det bemanningsselskapa gjer er makabert, særs usympatisk og uetisk. Media er fylt opp med artiklar om manglande rekruttering, legar som seier opp og høg vikarbruk på offentlege sjukehus.

Biletet eg straks får i hovudet er av dei private aktørane som gribbar, som berre rykker nærare og nærare etter kvart som dei ser byttet vert svakare og svakare, før dei kan plukke dei opp.

No tar dei seg ikkje ein gong fem flate øre for å ringe legar på offentlege sjukehus medan dei faktisk er på jobb i det offentlege helsevesenet.

Sjølve vil dei gjerne framstille det som om dei vil hjelpe det offentlege med å finne vikarar til dei tomme stillingane – eit supplement.

Men dei er det motsette av hjelp når dei forsøker å støvsuge offentlege sjukehus og plukke legar og sjukepleiarar ut av stillingar.

Dei er snyltarar med sugerøyret langt ned i statskassa. For det offentlege vert det berre dyrare og meir uføreseieleg å bemanne sjukehusa på denne måten – eit fordyrande mellomledd.

Det er også farleg for den faglege utviklinga og for kompetansen i helsetenesta. Den vert bygd og sikra via stabile fagmiljø som har tid til å drive fagleg utvikling og tid til å utdanne legar i spesialisering og medisinstudentar. Det same gjeld sjølvsagt for dei andre helseprofesjonane på sjukehusa.

Vikarar bidrar ikkje til å utvikle faglege prosedyrar, internundervisning, forsking og generell kompetansebygging. Dei har ikkje ansvaret for ei avdeling, yngre legar og medisinstudentar. Dei skal berre inn og gjera jobben sin for dei aktuelle pasientane.

Dei er ofte hyggelege og flinke, men byggjer ikkje eit arbeidsmiljø.

Profitt har ingenting i helsetenesta å gjere, men det er diverre alt for mange private næringsinteresser som også vil omdefinerer helseteneste til å vera ei helsenæring.

Dersom vi vil trygge den høge kompetansen som framleis er i sjukehusa våre, må vi byggje ned dei private aktørane som berre skummar fløyten, tar dei lette problemstillingane og har null ansvar for kompetansebygging.

Det er ikkje dei som er der når du får noko verkeleg komplisert som treng eit trygt og høgkompetent team.

Publisert 09.10.2024, kl. 16.10

Read Entire Article