– Eg har nesten ikkje ord for kor mykje dette har betydd, og på jobben som ligg bak, sa ei rørt Nilsen til NRK etter at gullet var sikra.
Vilde Nilsen måtte ta igjen canadiske Natalie Wilkie, som fekk starte 12 sekund før nordmannen.
Det klarte Nilsen – men berre så vidt.
Nilsen var berre 0,2 sekund framfor Wilkie i mål.
– Det var såpass close på slutten der. Det var rein vilje. Eg trur ikkje eg hadde klart dette utan folka i løypene. Eg fekk det norske folkehavet med meg på vegen, seier Nilsen.
OVERLYKKELEG GULLVINNAR: Vilde Nilsen
Foto: Torstein Georg Bøe / NRK– Utruleg rørande
Etter finalen var over snudde ei lykkeleg Nilsen seg mot kamera og sa «tusen takk».
– Det er ein draum som går i oppfylling. Å bli verdsmeister i eit samla verdscup for første gong i historia, og så er det eg som klarer det – det er utruleg stort og utruleg rørande, seier Nilsen.
Og legg til:
– Lille Vilde trudde kanskje ikkje ho skulle bli like stor og rå som Marit Bjørgen, men no føler ein absolutt på det.
– Korleis er det å føle å at ein er likeverdig og like rå?
– Det er utruleg stort. Det er eit stort steg i rett retning det VM i Trondheim har fått til her. Og eg håper verkeleg det blir tatt til etterfølging, seier Nilsen.
Tromsø-jenta hadde ikkje tapt ein sprint sidan Paralympics i Pyeongchang i 2018 og var dermed favoritt, men fekk altså det på ingen måte lett i Granåsen.
Sist etter tjuvstart
Indira Liseth var første norske utøvar i VM-finalen og starta ti sekund for tidleg.
– Nei, nei, nei. Om ho ikkje ventar 16 sekund, så er det disk, sa Birgit Skarstein etter feilen til Liseth.
Liseth var første nordmann ut i finalane i para-langrenn.
Men ho starta tidlegare enn ho skulle, og vart straffa for det.
– Det ser ut som ho skjønte at ho hadde gått for tidleg, sa NRK-kommentator Hans Solbakken.
Liseth var fjerde utøvar i mål, men på grunn av tjuvstarten vart ho deplassert.
Ho enda dermed sist av seks utøvarar i VM-finalen.
FOR TIDLEG UTE: Indira Liseth i VM-finalen.
Foto: NTBFire norske i finalane
Norge stilte med fire utøvarar i finalane i para-langrenn onsdag føremiddag:
Vilde Nilsen, Indira Liseth, Thomas Oxaal (med følgjeperson Geir Lervik) og Kjartan Haugen.
Både Haugen og Oxaal vart nummer fire i sine finalar.
Dette er første gong ei øving i paralangrenn blir lagt inn i eit ordinært ski-VM.
Kjartan Haugen under prologen tysdag.
Foto: NTBKritisk til formatet
Før og etter semifinalane var NRK-ekspert Birgit Skarstein kritisk til at paraøvingane vart fordelte på to dagar.
Prologane gjekk tysdag, semifinalane og finalane onsdag.
– Vanlegvis er det ein regel som seier at alt må skje på same dag, slik at berekningane blir korrekte. Her har ein gjort ei tilpassing for å skli paralangrenn inn på programmet. Den tilpassinga kan få store konsekvensar for kven som endar på pallen i dag, seier Skarstein.
KRITISK: NRK-ekspert Birgit Skarstein.
Foto: Håvard Greger Hagen / NRK– Kva tenker du om tilpassinga?
– Vi må tenke på det som at det er eit skritt i rett retning å få paralangrenn på programmet. Samtidig blør idrettsutøvarhjartet mitt litt når det går utover konkurransen, meiner NRK-eksperten.
– Stramt skjema
NRK har lagt fram kritikken til Georg Zipfel, rennleiar for para.
– Vi er glade for å vere ein del av VM-programmet, men tidsskjemaet er stramt. Her er både langrenn, kombinert, trening og para. Eg seier ikkje at tidsskjemaet vårt er ideelt, men dette er våre store sjanse til å få vist fram paraidretten på, seier Zipfel.
Og legg til at det er ein utandørssport, og at reglane blir følgt.
– Vi hadde ingen annan sjanse enn å fordele konkurransane våre på to dagar, seier rennleiaren.
Indira Liseth i prologen.
Foto: NTB– Stor norsk dag
Sjølv om konkurransane vart lagt over to dagar, gjekk alle dei fire norske utøvarane vidare til finalane.
– Dette er ein stor dag norsk, dag, sa Birgit Skarstein då semifinale var unnagjort.
Både Vilde Nilsen, Thomas Oxaal og Kjartan Haugen tok seg greitt vidare frå sine semifinalar, medan Indira Liseth fekk finaleplass på walkover.
Thomas Oxaal under prologen.
Foto: NTBPublisert 05.03.2025, kl. 12.24 Oppdatert 05.03.2025, kl. 13.00