Grasrota i KrF ber om ro og avklaring

1 month ago 21



NRK har vore i kontakt med ei rekke representantar for grasrota i KrF etter at bråket kulminerte med påstandar om eit kuppforsøk.

Viljen til å uttale seg offentleg varierer, men fleire skildrar situasjonen som utoleleg og «ikkje til å bere».

Eg har mange kommentarar, men ingen av dei eignar seg på trykk, seier ein av partimedlemmene som NRK har vore i kontakt med.

Ifølge avisa Vårt Land er mistenkeleggjering, baksnakking og utfrysing blant skuldingane i varselet mot KrF-leiar Olaug Bollestad.

Sjå eit knippe av reaksjonane under.

Trude Brosvik

Sondre Dalaker

Trude Brosvik, gruppeleiar i Vestland KrF

Det er vanskeleg å gje råd når ein ikkje kjenner til situasjonen. Situasjonen er ikkje god for partiet. Det er viktig med rask avklaring der partiet sitt beste blir prioritert.

Frode Bøthun i nye Sogndal KrF.

Privat

Frode Bøthun, gruppeleiar i Sogndal KrF

Eg forventar at alle involverte forstår at dette skadar partiet og at det kjem ei avklaring snarast råd.

Morten Helland KrF

Tale Hauso

Morten Helland, KrF-ordførar i Bømlo

Folk er spørrande og triste. Ein blir jo lei seg på vegner av leiinga og dei som står oppe i det. Eg håper dei får god arbeidsro internt i partiet til å løyse dette. Eg tenker mykje på personane involvert. Det er sjølvsagt ingen som vinn på dette.

Jon Olav Økland

NRK

Jon Olav Økland, nestleiar i Vestland KrF

Eg ønsker Olaug god betring. Når det gjeld varslinga, kjenner naturlegvis ikkje eg til innhaldet i den forutan kva som er referert i media, men eg har tillit til at ho blir handtert på ein ryddig og god måte, i tråd med rutinane til partiet.

Gustav Johan Nydal

NRK

Gustav Johan Nydal, leiar i Kinn KrF

Eg håpar dei klarar å finne ei god løysing for å komme vidare. Ellast har eg ingen kjennskap til detaljar i saka anna enn det NRK har publisert

Svein-Ottar Sandal

Privat

Svein-Ottar Sandal, Gloppen KrF

Merknaden til den sentrale leiinga har vore at det ikkje er kommunisert kva som er grunnen til sjukmeldinga. Då blir det fort spekulasjoner. Merknaden frå grunnplanet er at den sentrale politiske leiinga har vore for lite synleg i den politiske debatten på viktige saksområder for KrF.

Jarle Jacobsen

Leif Rune Løland

Jarle Jacobsen, varaordførar i Sveio og medlem i Vestland fylkesstyre

Eg har tillit til at sentralstyre kjem til å handtere denne saka på ein god måte i morgon, torsdag.

– Gjer ekstra vondt i KrF

I ein kommentar i Vårt Land skriv Emil André Erstad at personkonfliktar gjer ekstra vondt i eit parti som opererer med ein høgare himmel enn konkurrentane på Stortinget:

Politikk er ikkje berre politikk i KrF. Der andre parti kjempar om makt, vinn og tapar, stikk det mykje djupare i KrF. Det handlar om tru og samvit, skriv Erstad, som var rådgivar for Knut Arild Hareide under den mykje omtalte vegvalprosessen i 2018.

Han legg til at ingen parti har høgare gjennomstrøyming i leiinga og at «leiar-forbruket» vitnar om ei krise som bryt på djupt vatn.

Ikkje sidan Valgerd Svarstad Haugland tok over som partileiar på 90-talet, har ein KrF-leiar fått ein god start eller slutt.

qVZXDC4mHqs

Det stormar i KrF etter at partileiar Olaug Bollestad blei konfrontert med klager og reaksjonar på sin leiarstil tidlegare i sommar. Her eit bilete frå 2023, den gongen leiinga kom betre overeins.

Foto: NTB

Tysdag kom nestleiarane Dag-Inge Ulstein og Ida Lindtveit Røse med ein felles uttale. Brevet var også signert generalsekretær Ingunn Ulfsten og stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad.

– Dette er ein svært krevjande situasjon for alle i KrF, skriv dei.

Bollestad har vore sjukmeld sidan starten av juni. Ho er sjukmeld fram til 31. august.

NRK-kommentator Lars Nehru Sand meiner situasjonen er så tilspissa at det berre er eit spørsmål om når Bollestad bukkar ut:

– Samtidig så må ein forstå at ho vil kjempe for æra si og ryktet sitt. Men slik situasjonen har blitt, blir det meir synleg at det er umogleg å kunne leie KrF, seier han.

Vel Ida og gå vidare

Om Bollestad trekker seg, vil ein ny leiar bli utpeika på eit ekstraordinært landsmøte.

Under skolevalet 2023 gjekk KrFU opp i alle fylka, og som «vippeparti» i midten kan KrF spele ei avgjerande rolle ved neste val.

Om partiet hamnar over sperregrensa, har den borgarlege koalisjonen gode sjansar.

Om dei ikkje klarer sperregrensa, blir det straks verre.

Vel Ida og gå vidare, skriv Minerva-redaktør Nils August Andresen, som ønsker seg ei konservativ regjering.

Håpet var at (Bollestad) skulle vere ein samlande leiar, at partiet kunne få ro til å bygge seg opp – og kanskje at ho kunne inspirere nokre av dei tallause Instagram-følgarane sine til å vippe KrF opp over sperregrensa, skriv han.

Nå er det håpet nær ved å forsvinne.

Minerva-redaktør

NRK / Copyright NRK 2011

Nils August Andresen, Minerva-redaktør

– Sist KrF var i krise, påførte leiaren dei eit vegval medlemmene eigentleg ikkje hadde bede om. Enda ein gong er det leiaren som skaper problem ingen hadde bestilt.

Dag-Inge Ulstein

William Jobling / n647304

Dag-Inge Ulstein

Nestleiar Dag-Inge Ulstein si framferd under partileiardebatten i Arendal gjer at fleire ønsker seg han som ny KrF-leiar.

Kvinne smilar inn i kameraet.

Stian Lysberg Solum

Ida Lindtveit Røse

Ida Lindtveit Røse har lagt for dagen ei meir pragmatisk haldning til abortlova enn det som vanlegvis knyter til KrF. I en sms til NRK skriv ho: «Eg kan ikkje gi nokon kommentarar eller sitat på dette før leiinga har fått møtt Sentralstyret. Sitatet som blei sendt samla frå stortingsgruppa, leiinga og generalsekretær står seg framleis.»

Publisert 21.08.2024, kl. 14.19

Read Entire Article