Gjorde endring på 0,015 millimeter: – Ekstrem forskjell

5 days ago 12



«Under pari».

Slik skildrar alpinisten frå Rælingen førre sesong. For alpinisten som vanlegvis håvar inn fleire sigrar i løpet av ein sesong, blei dette ein utanom det vanlege.

Éin andreplass, to tredjeplassar. Ikkje ein einaste siger.

Det er ikkje noko 30-åringen kan seie seg nøgd med, og allereie undervegs i sesongen tok han grep som kan kome til å prege den kommande sesongen.

Henrik Kristoffersen

SKUFFA: Her frå Kitzbühel der han blei nummer 21.

Foto: GEORG HOCHMUTH / AFP

– Mentalt sliten

For det var fleire ting som ikkje stemte. «Uvanar» kallar Kristoffersen det sjølv. Mellom anna at han køyrde med for skarpe kantar på skia.

Når du køyrer med altfor lite kantar, er det altfor lite spelerom, og då startar eg svingen for tidleg, og så må eg sleppe opp. Og så må eg ha svingen etter porten, for eg har ikkje nok plass før porten. Og då kjem svingen etter porten, då går det imot kreftene, og då går det sakte. Så det er vel så enkelt, men så vanskeleg, sånn sett, seier Kristoffersen.

Men han kom langt ut i sesongen før dei begynte å ta ordentleg grep om endringane, og då var det kort tid igjen av sesongen.

Du var allereie sliten, mentalt sliten fordi ting gjekk ikkje sånn som det skulle, og det tar tid å legge frå seg uvanar.

Nokre endringar starta han likevel før sesongen var over. Allereie i februar valde han å skifte ut servicemann. Etter det begynte pilene å peike i rett retning.

Eg hadde to pallplassar etter det og var nær ein siger i (Palisades) Tahoe, der det fungerte veldig bra. Men så er det på det tidspunktet veldig få treningsdagar igjen, fortel Kristoffersen.

Derfor begynte den viktigaste jobben etter sesongslutt. Men med ny servicemann som forstod behovet hans i større grad og kommuniserte betre, var vegen allereie enklare.

Ekstreme forskjellar

WCup Mens Giant Slalom Skiing

Foto: John Locher / AP

Ei av dei viktigaste endringane han har gjort, er veldig teknisk for dei som ikkje er veldig alpinkunnige. Men Kristoffersen forklarer det slik:

Når ein sliper ein kant på ei alpinski, så sliper ein jo på ein måte sidekanten. Viss det svarte belegget er under her, så sliper ein jo då den kanten. Og når ein då slipar både med fil og med maskin, så dyttar ein på den kanten den vegen, og då kjem det på ein måte ein «egg» under. Viss den egga blir for stor, på ein måte, for langt ned, så blir ting veldig, veldig aggressivt, fortel Kristoffersen.

Og nå køyrer eg nesten ikkje med noko egg i det heile. Så her snakkar vi jo på mikrometer, ikkje sant, det som blir kalla for «my».

Men sjølv om vi skal ned på mikroskopisk nivå, er det ifølge Kristoffersen ei ganske enorm endring. Ifølge han ville éin som er «relativt OK» til å stå på ski kjent forskjellen.

Fattar’n kan jo stå på ski, men han hadde ikkje køyrt europacup eller verdscup eller gjort det spesielt bra i FIS-renn i Noreg. Men han har jo racingsko, og når han kjenner stor forskjell, da seier det sitt, seier Kristoffersen.

Eg køyrde rundt 17-18-19-20 my i fjor. Og nå ligg vi på rundt tre. Mellom to og fire my. Det er ganske ekstreme forskjellar.

Forskjellane Kristoffersen snakkar om ligg altså på rundt 15 my, tilsvarande 0,015 millimeter.

Harmonisk

Ein annan viktig del for Kristoffersen er at dei nå jobbar mykje meir systematisk enn før. Detaljar blir ført ned på papir. Alt blir loggført. Ifølge Kristoffersen har det ikkje vore stor vilje til dette tidlegare, men servicemann Martin Winderle har eit auge for detaljar.

Då kan ein også gå tilbake å sjå kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Og du har tal på ting, då. Det gjer det lettare å seie frå, seier Kristoffersen.

Team Kristoffersen er rett og slett betre enn på lenge, seier Kristoffersen. Det er eit betre system og færre kokkar.

Det er litt meir harmonisk, og det er litt færre meiningar og innvendingar nå enn det var dei første åra. Vi er veldig einige om kva vegar vi skal gå på ting, seier Kristoffersen.

– Nå er det fint å stå på ski. Sjølvsagt er det lettare. Ting er jo lettare når det går bra. Så lenge vi klarer å fortsette sånn og jobbe rett, så er stort sett livet lettare.

Norsk festaften i Slovenia - bilder fra TV 2 01:58

Publisert 16.11.2024, kl. 17.16

Read Entire Article