Gjer offentleg transport meir tilgjengeleg for alle!

4 days ago 14



Hadde Sisyfos vore i live i dagens Noreg, hadde han fått som oppgåve å lære seg billettsystemet i alle landets fylker.

Det er vanskelig å forstå kva for ein billett du skal kjøpe om du skal ta bussen, skriv innsendaren. Foto: Gro Seland

Nyleg «slakta» Jernbanedirektoratet nasjonalt månadskort for 499 kroner. Ein av grunnane for dette meinte dei var at det «innebærer en meir kompleks styring».

Det som er komplekst i dag er å forstå kva for ein billett du skal kjøpe om du skal ta bussen. Her er eit lite eksempel på labyrinten som er AKTs billettsystem.

Først må du bestemme om du skal ha billett for 1, 2, eller 3 soner, men det er ikkje nok, fordi «Kristiansandsområdet» er ei eiga sone som inkluderer både Kristiansand og Vennesla.

Så finnast det opp til seks variantar av billetten basert på alderen. Er du barn, ungdom, ung voksen, voksen, honnør, eller student? Alle får forskjellege billetter.

Men ikkje overalt! 30 dagars billett har seks kategoriar, enkeltbillett berre to.

Så kor lenge skal billetten vare? Du kan ha enkelt, 24-timars, 7-dagars, 30-dagars eller 180-dagars. Interessant nok er det nå billigare å kjøpe seg seks 30-dagarsbilletter enn ein 180-dagarsbillett. Eg lurer på kor mange som ikkje veit det og kjøpte dyrare?

Ingen årsbillett altså, men du kan få flexibillett, og den er morosam, fordi den gjelder «Kristiansandsregionen», som er forskjelleg frå «Kristiansandsområdet», fordi den inkluderer i tillegg også Lillesand, Birkenes og Iveland. Men det er ikkje alt, for mens vanlege enkelbillettar, som jo kostar meir enn flexibillettar innafor same kommune (korleis gir dette meining?), varer «90 minuttar i første sone» så er flexibilletten berre «gyldig for reise i 1 time». Stakkars den som ikkje veit at det er forskjell og blir tatt i å «snike»!

Ein slik situasjon finnast i alle Noregs fylke, alle fylke har sitt eige system på dette, ikkje berre med forskjellege reglar og priser, nei, alle fylker har òg eigen app. Skal du reise heim til foreldra med offentleg transport er det fort nødvendig at du, slik som meg, må ha tre forskjellege transportappar på mobilen, med tre forskjellege brukare som du òg må holde styr på – kan du passordet på alle?

Alle fylke har sitt eige system på dette, ikkje berre med forskjellege reglar og priser, nei, alle fylker har òg eigen app.

Hensikta med eit nasjonalt reisekort er at dette blir forenkla. Det skal bli enkelt og greitt å bruke buss. I andre land som Japan, som òg har ørten firma, både privat og offentleg, som styrer offentleg transport, har dei likevel klart å ordne eit enkelt, nasjonalt, billettsystem. Skal du ta T-banen i Tokyo, eller buss i Fukuoka? Da kan du enkelt og greitt bruke same reisekortet på begge. Du berre skannar når du går på og når du går av, og så blir prisen berekna automatisk basert på kilometer du reiste.

Korfor må vi ha det så komplisert i Noreg? Eit nasjonalt månadskort hadde gjort det så mykje betre. Det komplekse er systemet vi har i dag, ikkje planen om ei nasjonal løysning på dette.

Gjer offentleg transport meir tilgjengeleg for alle!

Read Entire Article