Gjer nytt søk etter sakna Christoffer Ordahl i Stryn

1 month ago 16



5. september 2024 kl. 07:02

Til helga blir det sett i gang nye forsøk på å finne sakna Christoffer Ordahl i Stryn. 30-åringen frå Risør vart meldt sakna etter ein fjelltur 13. mai i år.

Det har vore leita fleire gonger i fjella i området der Ordahl skulle gå tur, men utan resultat.

– Det skal vere eit søk på laurdag med dronar, i eit område som det ikkje har vore søkt i med mannskap tidlegare, seier tenestestadsleiar for politiet i Stryn, Vidar Stavik.

Han seier at det også blir organisert eit søk med mannskap på søndag.

– Vi veit jo at det er utruleg vanskeleg å søke i det fjellet, det har vi sjølv sett. Så veit vi at dersom nokon kan klare til å finne han der, så er det denne gjengen her, seier systera til den sakna, Julie Ordahl.

Read Entire Article