DEBATT: Det uroa meg at rektorar vel å nekte elev-initierte aktivitetar i skulen, sjølv når desse kan ha positive ringverknadar for skulemiljøet. Samtidig ser me at mobbetala skyt i vêret, medan trivselen og motivasjonen blant elevane i norsk skule går nedover.

La oss ikkje frykte elevengasjementet for å opprette kristne skulelag på skulane, la oss heller glede oss over at me har elevar som ønskjer å gje skulen noko meir. Foto: Shutterstock
  • Vegard Snoksrud-Stokland

    Kommunestyrerepresentant for Klepp KrF

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

Å setje ein stoppar for venegjengen som ønskjer å starte Laget på skulen sin, vil neppe bidra til å snu denne negative trenden. Likevel opplever me at rektorar viser til opplæringslova paragraf 12 om skulemiljøet som grunnlag å avslå slike initiativ. Noko rektor ved Bogafjell ungdomsskule i Sandnes nyleg gjorde, for å trumfa organisasjonsfridommen til elevane.

Organisasjonsfridommen handlar om barna sin rett og fridom til å delta i rådelege forsamlingar, ifølgje FNs barnekonvensjon artikkel 15. Dette inneber at elevar som ønskjer å starte skulelag i matfri, skal få høve til det. Samstundes er det viktig å vere klar over at friminutta er elevane si tid, noko som betyr at dei har all rett til å drive med religiøsutøving i skulen utanom undervisingstida. Dette slår FNs barnekonvensjon artikkel 14 fast, at barn har rett til tankefridom, samvitsfridom og religionsfridom. Difor kan verken politikarar eller administrasjonen gå i mot slike initiativ. Det er elevane sjølve som driv skulelaget og deler tru med sine medelevar, og ikkje skulen.

Les hele saken med abonnement