Giske eit steg nærmare Stortinget: – Han veit kva han held på med

1 month ago 27



– No er trønderane innforstått med at Giske er på veg tilbake igjen.

Det seier kommentator og debattansvarleg i VG, Hans Petter Sjøli, etter gårdagens møte.

Giske blei vald som toppkandidaten på nominasjonslista til Trondheim Arbeidarparti før stortingsvalet neste år.

– Han er ein dyktig, dyktig spelar. Og han veit kva han held på med.

Sjøli meiner comebacket er eit resultat av dyktig og systematisk jobbing frå Giske si side.

– No kjem nemesisen tilbake

Etter at han blei vald til toppkandidat torsdag kveld med god margin, svara Giske optimistisk på spørsmål om han no skal tilbake på Stortinget.

– Det var veldig avgjerande det som skjedde her, svarar Trond Giske.

Men med eit potensielt comeback på Stortinget kan det blåse liv i gamle konfliktar.

Støre har snakka mykje om fornying og om å bygge nytt mannskap. Men no kjem altså nemesisen tilbake igjen og med det kjem det også ein del gamle konfliktar, seier Sjøli til NRK.

– Gamle personmotsetningar blir kvervla opp igjen, og det blir vanskeleg og krevjande, legg kommentatoren til.

Sjølv trur Giske han kan bidra til fornyinga han meiner Arbeidarpartiet og det norske samfunnet treng.

– Eg trur det norske samfunnet trenger ei vitalisering av politikken generelt.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier til NRK at han har respekt for utfallet av møtet.

– Eg har stor tillit til at fylkespartia gjer jobben sin. Dette er eit partilag i Trøndelag, så prosessen får gå der. Dei tek avgjerda og tek ansvar for det, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK etter partileiardebatten torsdag kveld.

Iskald stemning i partiet

Då Giske blei vald som toppkandidat i Trondheim Ap onsdag kveld, fekk han totalt 104 stemmer.

Dermed vann han over digitaliserings- og forvaltingsminister Karianne Tung, som fekk 68 stemmer.

NRK har vore i kontakt med Karianne Tung, men ikkje fått svar.

På møtet viste Trondheim Ap kor splitta kommunepartiet er internt. Prosessane som leia opp til valet fekk særleg kritikk.

– Eg har ein merknad til det eg meiner er manglande sakspapir. Dei kom veldig seint, noko som gjorde at me ikkje fekk førebudd oss skikkeleg, sa Anne Sophie Hunstad frå talarstolen.

Den same kritikken og spliden internt kom også fram under årsmøtet til Trondheim Ap i februar då Giske blei vald til nestleiar.

Pål Sture Nilsen og Trond Giske like før møtet starter i Trondheim Ap.

Fleire av medlemmane i Trondheim Ap har uttrykt seg kritiske til intern kommunikasjon frå leiar Pål Sture Nilsen og mot Trond Giske.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Det er ein iskald stemning i partiet og det er veldig polarisert og ein gjer tydeleg uttrykk for det.

Det seier redaktør i Nidaros, Lorns Bjerkan, om Trondheim Arbeidarparti.

Leiar, Pål Sture Nilsen, seier han no skal ta fatt på arbeidet for å samle laget i Trondheim Ap.

– Den fremste reiskapen for å samle laget er at alle kjenner på den same gløden og engasjementet for å stå opp for Arbeidarpartiet og politikken.

– Valkampanjen som startar no fram mot Stortingsvalet neste år er ein god arena for å drive med lagbygging, legg Nilsen til.

Ikkje tilbake på Stortinget enno

Det er ikkje første gong Trond Giske gjer seg ut på eit comeback i politikken.

Etter at han gjekk av som nestleiar i Arbeidarpartiet i 2018 i kjølvatnet av varslar om seksuell trakassering, har Giske forsøkt å gjere fleire comeback i politikken.

– Det er ikkje første gongen han prøver å kome tilbake. Eg begynte å telje litt i går og dette er vel fjerde eller femte forsøket, seier Sjøli.

Og då han forsøkte å bli vald inn som leirar i Trøndelag Ap i 2020 forlét representantar frå AUF årsmøtet i protest då Giske skulle halde tale.

AUF sin delegasjon på Trøndelag Ap sitt fylkesårsmøte valde å forlate salen da Trond Giske gjekk på talarstolen.

Og heller ikkje denne gongen er Giske sin plass på Stortinget spikra heilt enno.

Det kan skje på nominasjonsmøtet i Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag 30. november. Og då skal alle kommunepartia sine lister vurderast.

Men i motsetnad til dei førre comeback-forsøka har Giske no landet største lokallag, Nidaros Sosialdemokratisk forum, i ryggen.

Leiar i AUF, Astrid Hoem, har ingen kommentar på noverande tidspunkt.

Publisert 16.08.2024, kl. 19.32 Oppdatert 16.08.2024, kl. 19.34

Read Entire Article