Gigantisk steinblokk stengjer E16 i Aurland

2 weeks ago 10



Ein bilist som såg røyskya melde om steinraset klokka 11.23. Ingen skal vere trefte av den kring 50 kubikkmeter store steinblokka.

E16 gjennom Aurland er ei av hovudfartsårene mellom Aust- og Vestland. Vegen er stengd.

– Den blir skildra som ei stor steinblokk, og storleiksmessig kan den samanliknast med ein Volkswagen Transporter som står på tvers i vegbana, seier operasjonsleiar Tore André Brakstad ved Vest politidistrikt.

Steinblokk rasa ned på E16 i Aurland.

STEINBLOKK: Steinblokka som sperrar E16 skal vere på storleik med ein Volkswagen Transporter.

Foto: Politiet

Statens vegvesen opplyser at vegen er stengd. Det er venta ny vurdering klokka 20, og det er no for tidleg å seie om vegen vil bli opna då. Stengd er også både Onstad- og Fretheimstunnelen.

– Politi og brannvesen er akkurat komne på staden. Det kan sjå ut til at steinen ikkje har kome frå stor høgd, men har losna i området nærme vegen, seier Brakstad.

Geolog og entreprenør er på veg for å vurdere om det kan kome meir, eller om de kan starte opprydding med det same. Geologen er venta framme litt før kl.13.

Kø på vei

KØAR: Det er allereie blitt ei lang kø i retning Flenjatunnelen.

Foto: Statens vegvesen

– Set opp båtrute

Det er berre ein og ein halv månad sidan sist det gjekk ras langs strekninga mellom Aurlandsvangen og Flåm. Då var det mange, mindre steinar som raste ut.

– Det første eg tenkte var «å nei, no igjen», seier ordførar Kjell Bøe Bjørgum i Aurland kommune.

No jobbar Aurland kommune med å skaffe båttransport til heimesjukepleien og til barn og ungdom som er på skulen i Flåm og Aurland.

Bjørgum køyrer sjølv langs E16 ganske ofte, og meiner raset viser at det er behov for meir rassikring langs vegen.

– Du kan ikkje drive og tenkje på det, då blir du gal. Du må berre køyre og håpe på det beste. Slik er det på vestlandsvegar, seier Bjørgum.

Ikkje lokal omkøyring

Bilisten som melde om steinraset såg ikkje sjølv at steinen trefte vegbana.

– Men han skildra det som at røykskya stod i det han kom, så steinen kom nok ned like før han kom, seier Brakstad.

Det er ikkje lokal omkøyringsveg, så Vegtrafikksentralen rår til omkøyring om Hardangervidda for dei som skal mellom aust og vest.

Nautaviki er mellom Aurlandsvangen og Flåm i Aurland.

Publisert 06.11.2024, kl. 11.50 Oppdatert 06.11.2024, kl. 12.29

Read Entire Article