Gasslekkasje på Kokstad er avstengt

2 days ago 6



Politi og brannvesen rykker ut etter melding om ein mogleg lekkasje frå ein gasstank ved eit industribygg på Kokstad i Bergen.

Ein tilfeldig forbipasserande har høyrd lyd frå gass som fres ut av ein tank, opplyser Jan Børge Misje i Vest politidistrikt.

Klokka 22.18 opplyser brannvesenet at lekkasjen er stengt.

– Det var lekkasje frå ein ventil på ein gasstank, som no er sikra, opplyser Misje.

Det vart først sett opp sperringar med ein tryggleiksavstand på om lag 100 meter. Bybanetraseen og Flyplassveien som låg innanfor sonen vart sperra for trafikk mellom Birkelandsskiftet og Bergen lufthamn.

Klokka 22.05 informerer politiet om at det ikkje er behov for sperring av veg og bybanetrase likevel.

Brannvesenet er framme og tek målingar for å finne ut kva gass det er snakk om.

Read Entire Article