Fylkeskulturpris til Slottet vekker harme: – Ei fornærming mot kunstnarane

2 hours ago 1



Den 18. juni drog to utsendingar frå Vestland til Slottet i Oslo.

Målet var å overrekke fylkeskommunens nyoppretta kulturpris til Hennar Majestet Dronning Sonja, for hennar personlege bidrag til å syne fram Vestland som ein leiande kulturregion.

– Vi heidrar ein kulturambassadør utan like, sa fylkesordførar Jon Askeland då han helste heim.

Men heime i Vestland var responsen på pristildelinga i beste fall blanda.

Dronning Sonja på Astruptunet

Juryen la særleg vekt på Dronning Sonja sitt langvarige og djupe engasjement for kunstnarheimen Astruptunet i Jølster då dei grunngav kvifor fylkeskommunens aller første kulturpris skulle gå til Slottet.

Foto: Stig Roger Eide / NRK

Samanliknar med Obama-prisen

– Eg tenkte med ein gong på Nobels fredspris til Obama, seier Johan Bengtsson.

Han er tidlegare kulturleiar i Sunnfjord kommune og blant dei som spelte inn forslag til verdige prisvinnarar. I alt kom det inn 229 nominasjonar frå heile fylket.

På same måte som då Den Norske Nobelkomité gav fredsprisen til Barack Obama i 2009, meiner Bengtsson at kulturutvalet i Vestland har late seg blende av status og kjendisfaktor.

I staden for å skaffe seg audiens på Slottet og sole seg i glansen av mottakaren, burde juryen ha løfta fram dei som jobbar i det stille og ikkje får merksemd, meiner Bengtsson.

– For meg er denne avgjerda heilt uforståeleg, legg han til.

Barack Obama mottar Nobels fredspris i Oslo rådhus i 2009

Barack Obama fekk Nobels fredspris i 2009 etter under eit år som president. Tildelinga skapte stor debatt, og kritikarar meinte at Nobelkomiteen lét seg blende av status og håp, framfor å heidre handfaste fredsresultat på grasrotnivå.

Foto: AFP

– Ei fornærming

Tidlegare teatersjef ved Sogn og Fjordane teater, Terje Lyngstad kallar prisutdelinga «ei fornærming mot hardtarbeidande kunst- og kulturarbeidarane som kvar dag skaper kulturlivet i Vestland».

– Ein kulturpris er ikkje berre ei æresutnemning. Han er òg ei anerkjenning frå fellesskapen og ofte ei kjærkomen økonomisk støtte til vidare arbeid. Den funksjonen har ikkje denne tildelinga, skriv han i ei utblåsing på Facebook.

Lyngstad presiserer at han har stor respekt for dronning Sonja sitt mangeårige engasjement for kunst og kunstnarar.

– Eg tvilar ikkje på at kulturutvalet ønskte å heidre ein person som har gjort mykje godt for kunsten. Men denne gongen heidra dei feil person, slår han fast.

  • Terje Lyngstad

    Teater Vestland

    Terje Lyngstad

    Ein kulturpris er ikkje berre ei æresutnemning. Han er òg ei anerkjenning frå fellesskapen og ofte ei kjærkomen økonomisk støtte til vidare arbeid. Den funksjonen har ikkje denne tildelinga. Dronning Sonja treng ikkje ein kulturpris for å kunne støtte kunst, men mange i fylket vårt kunne hatt stor nytte av pengane.

  • Privat

    Johan Bengtsson

    Eg tenkte med ein gong på Nobels fredspris til Obama. Fordi nyheita var så uverkeleg og avgjerda så heilt uforståeleg. Det må ha vore ein sjuk fantasi som blei pakka inn og argumentert for slik at eit heilt kulturutval med 15 personar blei manipulert til å ta ein einstemmig avgjerd.

  • Rita Tonning

    NRK SOGN OG FJORDANE

    Rita Tonning, Raudt

    Det finst mange fantastisk gode kandidatar i Vestland fylke. Det å gje prisen til dronninga synest eg er litt spesielt, det må eg få lov til å seie. Eg foreslo Torkjell Djupedal for sin innsats gjennom Selja forlag, men då det framlegget fall, slutta eg meg til dei andre.

  • Båt og ei hamn, og ein mann.

    Olav Røli / NRK

    Jon Askeland (Sp), fylkesordførar

    Eg følgjer debatten nøye, og så reknar eg med at politiske organ i fylkeskommunen vurderer om premissane for kulturprisen bør justerast i god tid før neste tildeling.

  • Jacob Nødseth

    Håkon Vatnar Olsen / NRK

    Jacob Nødseth, Venstre

    Vår tildeling er ein takk for ein formidabel innsats i kulturens og kunstens teneste, over mange tiår, til ein snart 89 år gammal person. Fleire tar nok innsatsen og engasjementet Dronninga har vist for gitt. Vi er blitt veldig godt vant med ein Dronning som er høgt og lågt og djupt personleg engasjert.

  • Trude Brosvik, gruppeleiar for KrF på fylkestinget i Vestland.

    Gaia Øpsen / NRK

    Trude Brosvik, KrF

    Prisutdelinga var, etter kva eg skjønar, samrøystes i kulturutvalet. Utdelinga er over, og eg har ingen ønskjer om å delta i ein debatt som kan ta form av kritikk for valde prisvinnar.

  • Tommy Sævareid (INP)

    Privat

    Tommy Sævareid, INP

    Ein kulturpris bør gå til den som har ytt ein ekstraordinær innsats – ikkje til den som er minst kjent. Å antyde at juryen berre lét seg blende av status, undervurderer Dronninga sitt faktiske bidrag. Ho har ikkje berre vore eit symbolsk overhovud, men ein aktiv støttespelar. Dette er ikkje eit tilfelle der prisen låner glans av mottakaren, men ei velfortent anerkjenning.

– Litt spesielt å gje prisen til dronninga

Rita Tonning (Raudt) sit i fylkeskommunens utval for kultur, idrett og inkludering, som bestemte kven som skulle få prisen.

Ho ønskte i utgangspunktet ein annan vinnar, men slutta seg til fleirtalet slik at alle 15 medlemmar i utvalet kunne tale med ein røyst.

– Eg har ingenting vondt å seie om dronninga, men kulturprisen skal gå til «vanlege» folk som har gjort ein stor innsats for ulike kulturuttrykk i fylket vårt og sett Vestland på kulturkartet – ikkje til samfunnstoppar som uansett har flomlyset på seg frå før av.

Jacob Nødseth

– Det er fint med kritisk debatt, det er jo kulturlivets styrke, seier Jacob Nødseth (V), som er leiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Foto: Venstre

Utvalsleiaren forsvarar valet

Jacob Nødseth (V) er leiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Han seier responsen på tildelinga i det store og heile har vore «positiv», sjølv om det alltid er andre syn.

– Det er fint med kritisk debatt, det er jo kulturlivets styrke, seier Nødseth.

Han meiner at parallellen til fredsprisen til Obama bommar.

– Den kritikken gjekk på at den ferske presidenten fekk prisen før han kunne vise til konkrete fredsresultat.

– Vår tildeling er derimot ein takk for ein formidabel innsats gjennom mange tiår, til ein snart 89 år gammal person som har stor respekt i heile Kultur-Noreg, seier utvalsleiaren.

Nødseth meiner kritikarane devaluerer den jobben som faktisk blir gjort frå kongehuset si side.

– Det som slår meg med stor tyngde når eg les noko av kritikken, er at fleire nok tar innsatsen og engasjementet til Dronninga for gitt.

– Dronninga har brukt heile livet sitt på å løfte kulturfeltet, og eg er glad for at vi kan bruke denne prisen til å takke for hennar heilt ekstraordinære og viktige innsats.

Publisert 23.06.2026, kl. 05.49

Read Entire Article