– Det er like spennande enno, seier Tom Holland om å ta på seg drakta for sjuande gong.
NRK møter han og Zendaya Coleman i Amsterdam, der dei promoterer den ferskaste filmen i Spider-Man-universet, «Spider-Man: Brand New Day»
– Eg har elska karakteren sidan eg var eit barn, eg var ein kjempestor fan av både Marvel-universet og teikneseriar.
Holland debuterte i superhelt-rolla for ti år sidan, i ein cameo i «Captain America: Civil War» frå 2016.
Stjerneparet på raud løpar for deira ferske film.
Foto: THOMAS COEX / AFP,NTBLikevel er han ikkje lei.
– Det kjennest framleis som den første dagen om og om igjen, seier han.
– Utfyller kvarandre
Holland sjølv må tel på fingrane for å komme fram til svaret, men dette er altså den fjerde filmen i serien stjerneparet gjer saman.
Dei møttest på filmsettet i 2016, under innspelinga av den første Spider-Man-filmen.
Coleman speler MJ, som Peter Parker har eit godt auge til.
Men paret held korta tett til brystet når det gjeld forholdet deira utanfor filmverda.
Holland må gå manuelt til verks for å hugse kor mange filmar han og kona har spelt i saman.
Foto: Sony Pictures Entertainment / NRKLikevel er dei ærlege på at det gjer godt å kunne lene seg på kvarandre undervegs i innspelinga.
– Når de førebur dykk til rolla, kven er meir strukturert og kven er meir avslappa?
– Åh, godt spørsmål, seier Holland. Paret må tenke seg litt om, før Coleman tek ordet.
– Eg trur vi utfyller kvarandre. Nokre dagar er eg meir «chill», mens han overtenker.
– Overtenker? spør Holland og later som han er overraska, før Coleman fortsett:
– Mens andre dagar er det motsett. Eg trur den balansen av å alltid ha nokon du kan gå til som har energien du treng for dagen, det er veldig viktig.
Superparet er private av seg, men legg ikkje skjul på at kjærleiken blomstrar. Her i Madrid for å promotere den nye filmen deira.
Foto: THOMAS COEX / AFP,NTBSommarens blockbuster?
Publikum er heller ikkje lei av Spider-Man.
Den førre filmen, «Spider-Man: No Way Home» hadde nesten 2 milliardar dollar i omsetting, så presset er høgt på å følgje gigantsuksessen.
Ifølgje fleire medium, har den ferske oppfølgjaren allereie sikra seg nokre pene dollar i førehandssal.
Paret har funne tonen både på og av skjermen.
Foto: SF Studios / Sony PicturesI «Brand New Day» får vi sjå ein sårbar Peter Parker som har blitt vaksen.
Etter å ha sletta minnet om seg sjølv hos både dei han står nærast og resten av verda, vier han livet sitt til å halde New York trygg som Spider-Man på heiltid.
Men ein ny trussel og skremmande endringar i superkreftane hans, skaper nye utfordringar for helten.
For stjerna sjølv var det viktig at den nye oppfølgjaren måtte ha eit viktig bodskap.
– Filmen representerer dei unges opplevingar i denne nye, digitale verda, og eg trur at det å finne ein måte å få fram det bodskapet på i ein så gigantisk actionfilm er sjeldan. Eg følte det var ein veldig god moglegheit til å gjere noko viktig.
Publisert 23.06.2026, kl. 06.57














English (US)