Politiet opplyser at det er gjort funn av ein død person etter ein bustadbrann ved Klokkarvik i Øygarden. Politiet jobbar med å avklare omstenda rundt brannen nærare.
Brannvesenet fekk melding klokka 10.17, som viste seg å vere brann i ein firemannsbustad.
– Alle tre naudetatane rykte ut til staden. Det vart gjort arbeid undervegs både ute og inne. Operasjonssentralen jobba med å kome i kontakt med bebuarar i dei fire leilegheitene, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen til NRK.
Røykdykkarar kom også raskt til staden. Klokka 10.52 melde politiet at brannen var sløkt. Store mannskap frå naudetatane rykte ut til brannen. Pårørande til den omkomne er varsla.
Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 10.17
Rosar innsats frå naboar
Naboar gjorde politiet merksame på at det kanskje var nokon inne i bustaden.
– Dei gjorde ein formidabel jobb med å varsle og sjølv forsøke å sløkke brannen. Då vart vi også klar over ein observasjon om at det kunne vere nokon inne, seier Johannessen.
Den omkomne er ein vaksen mann. Han er ikkje registrert som bebuar på adressa, men har tilhøyrsle til denne. Politiet har allereie sett i gang etterforsking og vil halde fram med denne, mellom anna gjennom kriminaltekniske undersøkingar.
– Politiet har allereie kome godt i gang med etterforskinga når det gjeld avhøyr av vitne og andre. Så vil det bli utført ein kriminalteknisk undersøking på åstaden. Det blir gjort med kriminalteknikarar frå politiet.
Publisert 10.05.2026, kl. 13.54 Oppdatert 10.05.2026, kl. 14.53












English (US)