Full strid i kvalmiljøet om flytting av Hvaldimir

1 month ago 27



I slutten av juli godkjente Fiskeridirektoratet søknaden frå One Whale om å flytte kvitkvalen Hvaldimir nordover til Varangerfjorden i Sør-Varanger i Finnmark.

Kvalen kjem frå nord, men har lenge oppheldt seg i Sør-Noreg. Den siste tida i Ryfylke i Rogaland.

Men fleire forskarar er kritiske til at Fiskeridirektoratet har gitt dispensasjon til å flytte Hvaldimir.

Meir enn 70 av dei har no skrive under på ein klage som seier at flyttinga utgjer ein dyrevelferdsmessig risiko.

I 2020 fekk Elias Olafsen seg litt av ei oppleving da kvitkvalen Hvaldimir dukka opp på snorkleturen i Tysfjorden.

Meiner han ikkje er i fare

Det er Sebastian Strand og organisasjonen Marine Mind som er initiativtakar bak klagen.

– Klagen er sendt inn. Vi ønskjer no at saka skal bli behandla i rett rekkefølgje, seier han.

Forskarkollega Eve Jourdain ved Universitetet i Oslo er ei av dei som har skrive under.

Eve Jourdain

Eve Jourdain er postdoktor ved Universitetet i Oslo.

Foto: Norwegian Orca Survey

Ho er redd flyttinga vil påføre kvalen mykje stress og potensielt drepe dyret. Ho fryktar at han vil oppsøke menneske på russisk side og potensielt hamne i fangenskap igjen.

– No er han ikkje i ein situasjon der han er i fare, og han er heller ikkje ein trugsel for menneske, seier Jourdain, som er postdoktor og leiar for Norsk Orca Survey.

Fiskeridirektoratet skriv i ein e-post til NRK at klagen blir behandla på vanleg måte.

Utover dette har dei ikkje meir dei vil kommentera på dette tidspunktet.

Full strid

Klagen gjer det også tydeleg at det rår ein større strid mellom personar og organisasjonar som engasjerer seg i Hvaldimir-saka.

Sebastian Strand har jobba fulltid med Hvaldimir sidan 2022. Først var han ein del av organisasjonen One Whale, som altså meiner at Hvaldimir bør flyttast.

I slutten av fjor sommar braut han med sin tidlegare arbeidsgjevar. Det gjorde han på same tid som ni andre fagfolk og tolv frivillige også forlèt organisasjonen.

– Majoriteten forlèt då organisasjonen, og dei fleste med fagbakgrunn, seier Strand til NRK.

Denne gruppa heldt fram å jobba med Hvaldimir gjennom den nye organisasjonen dei oppretta, Marine Mind.

– Prioriteringar og avgjerder i One Whale var ikkje i tråd med det vi såg som fagleg korrekt, held han fram.

Marinbiolog Sebastian Strand One Whale

Biolog Sebastian Strand fortel at han har blitt truga med søksmål frå sin tidlegare arbeidsgjevar.

Foto: Pål Tegnander / NRK

NRK har fått innsyn i eit brev sendt til Fiskeridirektoratet 12. oktober 2023. Her har ni namngitte fagpersonar og tidlegare tilsette uttrykt misnøye med One Whale si forvaltning av Hvaldimirs velferd.

Meiner råd var i konflikt med lovgjevinga

På andre sida står One Whale, der Regina Crosby Haug er direktør.

Ho er kritisk til klagen, og meiner at enkelte som har skrive under har blitt villeia. Dette avviser Sebastian Strand.

Om personane som braut ut av One Whale seier Haug at samarbeidet med fleire av dei utanlandske rådgivarane blei vanskeleg.

Ifølge organisasjonen blei det gitt råd som dei hevdar var i konflikt med norsk lovgiving, og at denne konflikten førte til at fleire tilsette forlèt organisasjonen førre sommar.

Haug seier til NRK at organisasjonen som ein konsekvens av dette no hovudsakleg jobbar med norske fagfolk.

One Whale jobbar også med ein dokumentarfilm om Hvaldimir.

Kjenner seg ikkje att

Sebastian Strand seier han ikkje kjenner seg att i versjonen som blir presentert av One Whale.

Marine Mind bidreg inn i ein annan dokumentarfilm som blir laga om Hvaldimir.

Strand seier til NRK at dei samarbeider med ulike produksjonar, men presiserer at dei opptrer som kjelder og ekspertar. Dei har ikkje nokon økonomisk gevinst, og dei står ikkje bak produksjonen av nokon dokumentarfilm.

– Vår framgangsmåte er å tilby kunnskap frå forskarar til tittarar og ha skulepresentasjonar. Tanken er at folk skal møte dyr med forståing, seier Strand.

Men tilbake til kvalen.

– Finst ikkje fast kvitkvalbestand i Varangerfjorden

I den opphavlege dispensasjonen som blei gitt frå Fiskeridirektoratet blir det lagt til grunn at formålet med flyttinga er at Hvaldimir skal gjenforeinast med andre kvitkvalar.

Men ifølge forskar Audun Rikardsen, som også har signert klagen, finst det ikkje ein kvitkvalbestand i Varangerfjorden.

I søknaden fremgår det at formålet med flyttingen er å introdusere dette individet til en egen bestandsgruppe, og utforske hvordan det selv vil forholde seg til en flokk etter så lang tid, samt hvordan det blir mottatt (side 1).

– Det er ingen bestand der. Det har ikkje vore ein bestand der så lenge eg kan hugse, seier Rikardsen, som er professor i arktisk og marin biologi ved UiT Noregs arktiske universitet.

Hvaldimir skal flyttast til Jarfjorden, som er ein fjordarm i Varangerfjorden i Finnmark.

One Whale presiserer at det ikkje er dei som har vald Varangerfjorden som utsettingsstad, men dei søkte meir generelt om Finnmark nær Kirkenes.

– Men vi applauderer denne historiske avgjersla frå Fiskeridirektoratet. Dei vil gi kvalen ein moglegheit til å returnera til sitt meir naturlege habitat, seier Regina Crosby Haug frå One Whale.

Dei ønskte i utgangspunktet å flytte Hvaldimir til Svalbard, men er no innstilt på Varangerfjorden. Til NRK har Haug sendt bilde av ein kvitkval ved Grense Jakobselv og fortalt om fleire observasjonar.

Dei seier vidare at planen er å identifisera ein utsettingsstad som vil gjere at Hvaldimir vil komma i kontakt med andre kvalar. Det skal også ha blitt observert kvitkvalar i fjorden.

– I juli var vårt team i Kirkenes der dei møtte lokale ekspertar som kunne fortelja om stader der det var ville kvitkvalar i området. Vi undersøker framleis, og ingenting er bestemt, men vi ønsker å sleppe Hvaldimir ut nær ville kvitkvalar, seier Haug.

Redd han skal bli tatt til fange i Russland

Ifølge Rikardsen ved UiT finst det ein kvitkvalbestand på russisk side og streifdyr som av og til kryssar over i Varangerfjorden.

Han meiner likevel at sjansane er små for at Hvaldimir vil slå seg saman med andre dyr. Hvaldimir er svært menneskevand, og vil derfor først og fremst søke seg til menneske.

Det er heller ikkje uproblematisk om Hvaldimir vel å krysse landegrensa i nord, meiner forskaren.

Hvalforsker Audun Rikardsen etter en vellykket merking av spekkhogger.

Audun Rikardsen er redd Hvaldimir kan hamne i russisk fangenskap.

Foto: Fredrik Broms

– Han kom frå fangenskap i Murmansk, og sjølv om russarane hevdar at dei har slutta med det, var det aktivitet der for ikkje så lenge sidan.

Russland har i dag eit forbod mot kvalfangst.

Dyrevelferdsmessig er flyttinga eit stort inngrep, og Hvaldimir vil miste matforsyninga rundt oppdrettsanlegga der han er vand med å finne mat, meiner professoren.

– Det er ein dårleg idé, samanfattar Rikardsen.

– Og det meiner fleire av mine forskarkollegaer, avsluttar han.

Jonathan Ree (17) og Sondre Hettarvikgard (16) frå Tysvær fekk ei heftig oppleving då dei kasta seg ut i sjøen midt på natta.

Meiner flyttinga er nødvendig

One Whale meiner det er ein risiko at Hvaldimir no er i område rundt byar med høg folketettleik. Dei meiner det er nødvendig å flytte han til eit meir arktisk habitat.

Siri Martinsen, veterinær og leiar i dyrevernsorganisasjonen Noah, seier det ikkje finst noko garanti for at han ikkje blir sett i fare på grunn av publikumsoppførsel.

Ho har samarbeida med One Whale om å flytte Hvaldimir og seier dei har tett kontakt med norske faginstansar.

– All innblanding frå menneske har ein risiko, men det er ein risiko ved å la han bli der det er så mykje menneskeleg aktivitet, seier Martinsen.

Siri Martinsen, NOAH

Siri Martinsen i Noah er redd publikumsoppførsel kan sette Hvaldimir i fare.

Foto: Robert Hansen / NRK

Ho fortel at dei kjenner til fleire saker om einsame sjøpattedyr som har forvilla seg inn i trafikkerte og tettfolka område. Det ender som regel dårleg.

– Det er mange som liker han, men det var også mange som likte Freya, seier ho.

Ho meiner det er ein teoretisk risiko for fangenskap i Russland, mens risikoen for båtpropellar er meir reell.

– Ein tenker gjerne at når ein ikkje gjer noko, er det mindre risiko. Men her finst det ein kontinuerleg og overhengande fare.

Martinsen vil presisera at dei framleis er opne for innspel om kor kvalen bør sleppast ut.

Vi vil gjerne høyre frå fagpersonar om kor det er moglege trekkruter for kvitkvalar. Dette er informasjon som vi no er i ferd med å kartlegge etter at Miljødirektoratet føreslo Finnmark. Alle faglege innspel er velkomne, helst med dokumenterbare observasjonar.

Skal vurdere klagen

Fiskeridirektoratet skriv til NRK at dei har vurdert søknaden frå One Whale i samråd med andre relevante instansar.

Dei har på bakgrunn av dette vurdert at det er forsvarleg å flytte kvalen gitt nokre vilkår.

Dei er ikkje kjent med påstanden til forskarane som seier at det ikkje finst ein kvitkvalbestand i Varangerfjorden.

Og nå behandlar dei altså klagen som har kome inn.

Publisert 20.08.2024, kl. 17.49

Read Entire Article