Kva er mest farleg å gjere med ein gamal ubåt med kvikksølv og sprengstoff? Heve den eller dekke den?
Det er ekspertar i Forsvaret heilt usamde om.
– At det skulle vere så motstridande, synest eg er litt overraskande, seier direktør for miljøberedskap i Kystverket, Hans Petter Mortensholm.
I over 20 år har befolkninga i øykommunen Fedje kjempa for å få vekk eit gammalt ubåtvrak på havbotn.
For heilt sidan fartøyet KNM «Tyr» lokaliserte vraket av U-864 på havbotnen i 2003 har debatten gått om kva som skal skje med den tyske ubåten.
Om bord kunne det vera så mykje som 67 tonn kvikksølv.
Prøvetaking viste enorme konsentrasjonar av kvikksølv i farvatnet rundt.
Den store usemja har handla om vraket skal hevast eller ikkje.
No viser dokumenta at det er full splid blant forsvarsetatar om sprengingsfaren.
Er det trygt?
NRK har fått innsyn hos fleire etatar i Forsvaret som jobbar med å vurdere risikoen rundt ubåten.
Vurderingane er samla i ein eigen rapport hos Kystverket, som bestemmer kva som skal skje vidare.
Totalt er det seks torpedoar om bord, pluss flybomber. Torpedoane skal liggje utanfor trykkskroget til ubåten.
Dei ulike forsvarsetatane konkluderer heilt ulikt om sprengingsfaren.
Her er vraket av ubåten på havbotnen. Dei som har sett serien Das Boot på NRK kjenner kanskje igjen detaljar frå utsida.
Foto: KYSTVERKET / SCANPIXI starten av september vart vurderingane til etaten Forsvarsmateriell (FMA) offentleggjort i BA, der dei slo fast at det ikkje er eit spørsmål om torpedoane eksploderer, men når.
Anbefalinga var klar: Heving av ubåt med last er det som gir klart minst risiko. Tildekking av vrak og last er det som gir størst risiko.
Usemje mellom etatar
I den nye rapporten frå Kystverket møter denne konklusjonen kraftig motbør.
Medan FMA konkluderte med stor sprengingsfare, er det fleire etatar som meiner det er «lav sannsynlegheit» for at noko vil detonera dersom det blir rørsle på vrakdelane. Her viser dei til rørsler som oppstår i samband med tiltak på vraket eller tildekking av det.
Både Forsvarets operative hovudkvarter (FOH), Mindedykkerkommandoen (MDK) og Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) konkluderer slik.
Desse tre etatane meiner det bør greiast ut vidare om ein brest i trykkluftbehaldarar i torpedoane kan frigjere nok energi til å torpedoane kan detonere.
I Kystverket sin rapport blir det framheva at det er motstrid i vurderingane.
Difor har Kystverket tildelt FFI eit nytt oppdrag. Målet er framleis å kartlegge risiko for at torpedoane om bord detonerer.
Ubåten vart lokalisert i 2003. Sidan har debatten gått om kva som skal skje med båten. Det er stor usemje blant ulike etatar i forsvaret om det er trygt å dekke til ubåten eller ikkje.
Kystverket: – Overraskande
Direktør for miljøberedskap i Kystverket, Hans Petter Mortensholm, seier til NRK at han ikkje hadde venta at konklusjonane skulle vera så ulike.
– Eg er vel kanskje overraska over at det er så avvikande. Det at det er mindre forskjellar, det må ein rekne med.
Han seier at Kystverket «ikkje kan meine nokon ting» om kven som har rett eller gale.
Men FFI har no fått eit tilleggsoppdrag for å gjere analysar, for å sjå på stabiliteten til eksplosiv som er om bord.
FFI skal gjennomføre berekningar og modellering av mellom anna risiko for detonasjon av torpedoar under tildekking, brest i trykklufttank, fylling av vrak med massar og for sympatidetonasjon.
– Og så må vi vurdere om det kanskje vil vere naudsynt med ekstern kvalitetssikring.
Hans Petter Mortensholm i Kystverket er overraska over usemja mellom ulike etatar i Forsvaret.
Foto: Torstein Gamst/Pixlight– Vil gjere grundige vurderingar
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) legg ikkje skjul på at ulike etatar konkluderer vidt forskjellig om kva som bør skje vidare med vraket.
– Det er betydeleg usemje mellom etatane i forsvarssektoren, skriv ho.
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) seier at det ikkje vil skjer noko rundt vraket før det er gjort nye vurderingar.
Foto: Torkil StoltzHo seier det no blir gjort «grundige vurderingar før vi konkluderer med noko som helst».
– Regjeringa tek sjølvsagt dette på største alvor, og vil ikkje gjennomføre tiltak som medfører høg risiko for detonering av eksplosiv og spreiing av kvikksølv.
Den endelege rapporten frå Kystverket vil truleg vere klar våren 2026.
Publisert 26.09.2025, kl. 22.46