Full krise i Kommune-Noreg: Sjå kva skular som kan bli lagde ned

3 hours ago 4



I industribygda Tyssedal i Ullensvang kommune tronar eit monumentalt bygg øvst i fjellsida.

Tyssedal barneskole med sine om lag 40 elevar.

Men no er skulen ein av fleire skular på kuttlista til administrasjonen i kommunen.

Dei må både kutta kostnadar og omstilla seg til ei ny framtid med færre ungar.

– Eg synest det er trist. Me meiner at ein heller skal satsa på oppvekst og utdanning i staden for å kutta, seier leiar i FAU ved Tyssedal barneskole, Kristin Moe.

Seier nei til kutt

Stine Marie Opedal Berg (til venstre) og Kristin Moe lovar å kjempa med nebb og klør for å behalda skulen i bygda.

Foto: Olav Røli / NRK

Foreldre: Me skal kjempa med nebb og klør

Situasjonen i Ullensvang er ikkje unik.

NRK har spurt alle 357 norske kommunar om dei planlegg skulekutt til neste år.

Ja, er svaret frå mange.

Ei berekning av svara frå 197 kommunar viser at minst 36 skular er direkte truga.

Mange svarar også at dei skal sjå på strukturen på nytt.

Årsaka er dårleg kommuneøkonomi. Men også mangel på arbeidskraft og fallande elevtal.

Dette er argument som møter forståing, men ikkje støtte mellom foreldra i Tyssedal.

For allereie neste haust kan deira skule vera historie.

– Det vil vera trist, men me skal kjempa med nebb og klør. For oss vil det vera ei stor belastning om det skjer så raskt, seier Stine Marie Opedal Berg.

Seier nei til å leggja ned skulen

Langs Rv. 13 i Tyssedal skal ikkje bilistane vera i tvil om kva innbyggjarane meiner.

Foto: Olav Røli / NRK

Mange vil leggja ned

Både grunnskular og vidaregåande skular over heile Noreg står føre store endringar i åra framover.

I dag, tysdag, er det planlagt store demonstrasjonar i Innlandet mot forslaget om ny skulestruktur innan dei vidaregåande skulane.

Dette skjer i små kommunar, som i Balsfjord kommune, der Laksvatn oppvekstsenter er i faresona.

Men også i store kommunar som Asker, der fire skular står på kuttlista.

NRK spurte også om framlegget til statsbudsjett kom til å endra på forslag om skulestruktur.

– Statsbudsjettet vil nok påverka våre folkevalde, men vil nok ikkje påverka kommunedirektøren si vurdering av sakene, opplyser Asker kommune i undersøkinga.

Demonstrerte forgjeves

I sørenden av Ullensvang ligg Skare. Også den skulen står på kuttlista til administrasjonen i kommunen. Igjen.

– Eg er tom for ord. Berre for fire år sidan hadde me same kampen. No sit me igjen med kjensla om at alt er forgjeves, seier Lars Olav Tverberg, som bur i bygda saman med Nina Meland og borna Maren og Mikkel.

Ung befolkning i Skare

Ei ung befolkning i bygda Skare er klare for å kjempa for skulen. Allereie no er dei i gang med å mobilisera.

Foto: Privat

Frå huset sitt har dei berre ein spasertur bort til skulen.

Men om skulen ryk må dei senda ungane langs rasfarlege Rv. 13 til Odda.

– Det er ein grunn til at me har busett oss her med stort hus og hage, og ikkje i ein tettstad med mindre plass, seier han.

Kjempar for skulen i Skare-Ullensvang

Lars Olav Tverberg og Nina Meland, med Mikkel (5 md.) i vogna har busett seg i Skare for å ha kort veg til skulen.

Foto: Olav Røli / NRK

Raudt-politikar: Vond spiral

Kommunestyrerepresentant og leiar i den lokale fagrørsla i Ullensvang, Terje Kollbotn (R), likar slett ikkje utviklinga.

Han meiner kutt i skulesektoren vil føra til ein negativ spiral.

Bygder døyr, og færre folk vil flytta til mellom anna Ullensvang.

– Så står ein i same situasjon om få år, og må leggja ned meir, meiner han.

Raudt vil i staden at kommunar skal bruka alle kreftene på å få folk til å flytta ut av byane.

På lista står mellom anna det same som Kvinnherad kommune brukte med hell.

Nemleg eit brev til alle som hadde flytta ut, med spørsmål om å flytta tilbake igjen.

– Me vil utvida lista med fleire punkt, og håpar resten av kommunestyret vert med oss, seier han.

Seier nei til å leggja ned skular

I Odda sit fagrørsle-leiar og politikar frå Raudt, Terje Kollbotn, og meiner nedlegging er heilt feil medisin.

Foto: Olav Røli / NRK

Ullensvang kommune: Må gjera grep

Men administrasjonen i Ullensvang kommune meiner dei må gjera upopulære grep no, og ikkje om fem år.

Kommunen slit både med fallande elevtal, mangel på arbeidskraft, og endra behov for blant anna kommunale tenester.

Anna Maria Kråkevik er kommunalsjef for oppvekst og utdanning i Ullensvang, men har tidlegare vore rektor på Tyssedal barneskole.

– Dette er ikkje noko kjekt. Me har mange flotte bygdesamfunn. Men i Tyssedal har elevtalet tale gått ned frå 350 til om lag 40. Det er også kraftig nedgang i elevtalet her i Odda, seier ho.

Står i fare for å verta lagt ned

Skulen i Tyssedal var den mest moderne i Noreg då den vart opna i 1919, ifølgje Hardanger Folkeblad. No kan skulen snart vera historie.

Foto: Olav Røli / NRK

Ho meiner ein må ta den nye verkelegheita inn over seg, og gjera endringar. Og visar til at nye Ullensvang kommune har same skulestruktur i dag som dei hadde før dei vart storkommune.

– Me må planleggja for det me ser i dag, seier ho.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post. 

Publisert 22.10.2024, kl. 06.52

Read Entire Article