Fugleinfluensa på villfugl i Bodø

2 hours ago 3



Mattilsynet informerer Bodø kommune om at det er påvist fugleinfluensa i området, skriv Avisa Nordland.

Det er påvist fugleinfluensa på villfugl i kommunen. Mattilsynet stadfester at dei per no ikkje har gjort andre funn i Salten, men understreker at det pågår eit større utbrot i Troms og Nordland.

– Det er påvist fugleinfluensa på 12 ulike plassar i Nordland og Troms i august og september, seier seksjonssjef for produksjonsdyr nord i Mattilsynet, Hege Osen, til avisa.

Viruset er dødeleg for fuglar og smittar i hovudsak fuglar imellom.

Det skal mykje til for å smitte menneske, men folk blir oppfordra til å ikkje direkte ta på sjuke eller døde fuglar.

NB: Bildet er henta frå tidlegare tilfelle av fugleinfluensa i Vadsø.

Read Entire Article