Fryktar israelske angrep er starten på langvarig krig

19 hours ago 4



Over 400 menneske blei drepne i israelske luftangrep natt til tysdag. Hamas seier dette er eit einsidig brot på avtalen om våpenkvile.

Israel seier at angrepa kjem fordi Hamas fleire gongar har motsett seg å sette fri israelske gissel.

– Israel vil frå no av bruke auka militærmakt mot Hamas, skriv israelske styresmakter i ei pressemelding.

Kvifor skjer dette no?

Våpenkvileavtalen som Israel og Hamas blei einige om i januar, var delt inn i tre fasar. Ifølge tidsplanen skulle vi no ha vore godt inne i fase to. Men dit har vi ikkje kome, seier Midtausten-ekspert og seniorforskar ved Prio, Jørgen Jensehaugen.

– Det har lenge vore klart at det er lite sannsynleg at ein skulle klare å komme til fase to. Dei siste par vekene har det vore ei slags opptrapping mot at våpenkvila skulle ta slutt, seier han.

en mann med hodetelefoner

Seniorforskar Jørgen Jensehaugen ved Prio.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Han seier at Israel blant anna har blokkert naudhjelp som skulle inn i Gaza, og at dette er ei varsla katastrofe. Dei siste vekene har det også vore fleire meldingar om menneske som er drepne i israelske luftangrep i Gaza.

Forskar og rådgjevar i Forsvaret, Hanne Eggen Røislien, åtvara tidlegare i mars om at krigen kunne blusse opp att. Ho seier at mistilliten er stor mellom partane.

– Israel har vore redde for at Hamas skulle bruke våpenkvila til å bygge seg opp igjen. Det er ein stor mistillit. Israelarane og palestinarane stoler ikkje på kvarandre, og er engstelege for a dei skal bruke våpenkvila til å angripe kvarandre igjen.

En lastebil med nødhjelp

Ein lastebil med naudhjelp køyrer gjennom Rafah tysdag. Dette er ein av få bilar som har fått køyre over grensa til Gaza dei siste vekene.

Foto: EYAD BABA / AFP / NTB

Blir det full krig igjen?

Røislien trur angrepet natt til tysdag er det første av fleire angrep som kjem framover. Men ho er usikker på om det blir like omfattande krig som det var før våpenkvila starta.

– At IDF kjem til å fortsette å utføre denne typen angrep ei god stund til, er ikkje overraskande. Men ein storskala bakkeinvasjon som vi såg frå november 2023, er noko heilt anna. Det er mindre truleg, fordi det krev ein annan type mannskap.

Hanne Eggen Røislien, Tormod Heier.

Forskar i Forsvaret Hanne Eggen Røislien

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Men Jensehaugen meiner våpenkvila no er over, og trur Israel no gjer seg klare til å gå inn med bakkestyrkar i Gaza igjen.

– Evakueringsordren dei har kome med no, tyder på at dei har tenkt å gå inn med styrkar igjen. Og då er vi tilbake i Gaza-krigen igjen.

en person på en bil med bagasje bak

Mange palestinarar har flykta frå heimane sine etter at Israel sende ut ein ordre om evakuering tysdag.

Foto: Abd Elhkeem Khaled / Reuters / NTB

Er våpenkvileavtalen død?

Israel melde i helga at dei hadde sendt ein delegasjon til Egypt for å blant anna drøfte vidare frigjeving av israelske gissel på Gazastripa.

Hamas seier tysdag til AFP at dei har møter med meklarar for å vurdere situasjonen og dempe aggresjonen.

Men angrepa mot Gaza viser at situasjonen er fastlåst, seier Røislien.

– Dette er slik denne konflikten kjem til å sjå ut i ganske lang tid. Fordi det er så låg tillit, kjem partane til å halde fram på denne måten.

Jensehaugen tvilar også på at partane vil komme seg vidare til neste fase med det første.

– Prosessen som var i gang stranda eigentleg på steg ein. Israel gjorde det tydeleg at dei ønskte å forlenge fase ein, og ikkje ei opptrapping til fase to. Så vi var eigentleg veldig langt unna å kome til den neste fasen.

Er dette starten ein langvarig krig?

Fleire land har fordømt det israelske angrepet natt til tysdag, og seier at dei er uroa for situasjonen i regionen, skriv The Guardian.

Også familiane til dei israelske gislane som framleis er i Gaza, har fordømt angrepet.

en gruppe mennesker som holder skilt

Familiane til gislane som framleis er i Gaza demonstrerer utanfor nasjonalforsamlinga i Israel.

Foto: Mahmoud Illean / AP / NTB

Men Israel har fått støtte frå USA. President Donald Trump har blant anna lova at «helvete skal bryte laus» om Hamas ikkje set fri gissel.

Han har også kome med forslag om at USA tek over Gazastripa for å lage det han har kalla «Midtaustens riviera». For å få til det, vil han tvangsflytte palestinarar.

Jensehaugen fryktar dette er starten på ein langvarig krig, og meiner utsegnene til Trump er med å legitimere israelsk flytting av palestinarar.

– Det betyr at dei verste elementa i israelsk politikk får støtte frå Det kvite hus. Og det gjer det veldig alvorleg.

Røislien har likevel eit lite håp om at det internasjonale samfunnet skal reagere på det som no skjer.

– Verda ser kva som skjer, og kan ikkje godta at det blussar opp igjen, og det kanskje i storskala. Eg trur vi kjem til å sjå eit internasjonalt samfunn som grip inn igjen, seier ho.

Publisert 18.03.2025, kl. 17.01

Read Entire Article