Tysdag gjekk ein granat av i Pilestredet i Oslo.
To 13-åringar blei henta inn av politiet og to 15-åringar er sikta i saka.
Hendinga blir knytt til ein pågåande konflikt.
Slik såg det ut i Pilestredet då politiet var på plass og detonerte granaten.
Foto: Terje Pedersen / NTBNo er fleire uroa for at kutt i Oslo-budsjettet vil føre til fleire unge kriminelle.
Budsjettet, som blei lagt fram onsdag, viser at bydelane må kutte med om lag 500 millionar kroner.
Eit kostbart barnevernstilbod
Cesar Rahber er avdelingsleiar ved Barne- og familieetaten i Oslo.
– Vi har ungdommar som hovudsakleg utøver alvorleg kriminalitet, og kanskje gjentakande kriminalitet, seier Rahber.
Cesar Rahber er avdelingsleiar ved Barne- og familieetaten i Oslo.
Foto: William Jobling / NRKInstitusjonen tar i mot barn ned i 13 år, men mange plassar står tomme.
Sjølv om behovet er stort er det kostbart for bydelane å nytte plassane.
Heile 24 tilsette må til for å drifte tre plassar.
Tilbodet ved denne institusjonen i Oslo er kostbar for bydelane. Derfor står mange plassar tomme.
Foto: William Jobling / NRKKritiserer rammetilskotet frå staten
Oslo er den einaste kommunen som sjølv har ansvar for barnevernet sine tenester.
Byrådsleiar i Oslo Eirik Lae Solberg (H) meiner at rammetilskotet frå staten ikkje strekk til.
– Vi manglar nesten 500 millionar kroner frå staten for å finansiere det mest ressurskrevjande barnevernet, seier Solberg.
Eirik Lae Solberg (H) er byrådsleiar i Oslo.
Foto: William Jobling / NRKSolberg kritiserer den statlege finansieringa av barnevernet i hovudstaden.
– Barnevernet i Oslo får halvparten så mykje per barn som dei får i resten av landet. Det gir inga meining, seier byrådsleiaren.
– Det er ikkje sånn at vi har mindre utfordringar i Oslo enn andre stadar i landet. Nesten tvert i mot.
Ein «god og konstruktiv» dialog med kommunen
Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) er kjent med situasjonen i Oslo.
– Den situasjonen som ein opplever i Oslo liknar dessverre ein del på situasjonen i barnevernet i resten av landet, seier Vågslid.
Ifølgje ho har regjeringa vore opptatt av å styrke barnevernet i ei tid med auka kostnadar.
Barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap).
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBMinisteren opplyser at ho har ein «god og konstruktiv» dialog med Oslo kommune om finansieringsmodellen og situasjonen i barnevernet.
– Dei siste åra har vi gjort ting som Oslo har bede om. Oslo kommune har sjølv moglegheit til å prioritere barnevernet opp slik som dei ønsker det, seier Vågslid.
Nokon av tiltaka regjeringa har gjort i Oslo kommune er ifølgje Vågslid:
- Ei satsing på meir barnevern gjennom familieteam rundt barn og unge
- Løyve av pengar til ein til ein oppfølging for barn og unge i risiko sonen
- Styrka tilskotet til skular og beredskapsteam
Utfordrar barne- og familieministeren
Men ikkje alle politikarane på raudgrøn side er samd med barne- og familieministeren.
Leiar for Miljøpartiet Dei Grøne Arild Hermstad kritiserer finansieringa.
– Vi er einige med byrådsleiaren i Oslo om at finansieringa av barnevernet i Oslo er for dårleg.
– Vi er einig med byrådsleiaren i Oslo, seier Arild Hermstad (MDG)
Foto: William Jobling / NRKOgså tidlegare barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) meiner at det statlege tilskotet ikkje strekk til.
– Mi utfordring går til regjeringa, barne- og familieministeren og den nye kommunalministeren at dei no må levere eit statsbudsjett der Oslo også får sin rettmessige del.
– Det for å få til eit godt og nødvendig barnevern i Oslo.
Tidlegare barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) utfordrar Vågslid.
Foto: Jan Kåre Ness / NTBPublisert 25.09.2025, kl. 21.34 Oppdatert 25.09.2025, kl. 21.37