Fryktar at bygda skal bli stempla for alltid: – Vi har ikkje noko skyld

2 weeks ago 16



Eg trur det blir eit hinsides sirkus når det startar. Både med kjensler og snakk, seier Karen-Marie Reitan.

Ho er ei av kvinnene som har fått si sak mot Arne Bye lagt bort. NRK har tidlegare fortalt hennar historie.

No gjer ho og resten av lokalsamfunnet i Frosta seg klar til at rettssaka mot den tidlegare kommuneoverlegen startar i morgon.

Korleis det blir trur eg ingen klarar å sjå for seg.

I Trøndelag tingrett er det sett av tolv veker til saka der den tidlegare kommuneoverlegen er tiltalt for å ha valdtatt 88 av sine pasientar. Totalt har 95 kvinner status som fornærma.

Bye har erkjent å ha valdtatt tre kvinner. Han har også erkjent å ha utnytta stillinga si for å oppnå seksuelle omgang i 40 av dei 95 tilfella han er tiltalt for.

På resten av punkta i tiltalen nektar han straffskyld.

Karen-Marie Reitan

Karen-Marie Reitan har fått si sak mot Arne Bye lagt bort.

Foto: Morten Waagø / NRK

– Vi skal stå med hovudet heva

Karen-Marie er oppteken av at lokalsamfunnet må kome seg vidare etter saka.

– Frosta er ein fantastisk plass. Frodig, grønt og i vekst.

Ho er redd namnet «Frosta-saka» skal feste seg og prege lokalsamfunnet lenge.

Ho skulle ønske media hadde kalla saka noko anna.

– Kall det legesaka eller kall det Arne-saka. Men dette har ikkje noko med det som skal representere Frosta å gjere.

– Det skal ikkje vere slik at ein står på matfestival og vinn prisar, men at folk seier «å ja, kjem du frå Frosta? Er du ei av dei?».

Ho seier lokalsamfunnet har mykje å vere stolt av.

– Vi skal stå med hovudet høgt heva, for vi har ikkje noko skyld.

– Vi skal stille opp for kvarandre

Frosta kommune har om lag 2600 innbyggarar. Da Bye blei fråteke autorisasjonen sin i 2022 var han fastlege for 850 pasientar.

Politiet har tidlegare fortalt at totalt 209 kvinner har hatt status som fornærma under etterforskinga.

– Det set sine spor i lokalsamfunnet når omfanget er så stort, seier Frode Revhaug (H), ordførar i Frosta.

Frode Revhaug ordfører Frosta

– Det har vore to krevjande år, seier Frode Revhaug om tida etter saka blei kjend.

Foto: Morten Waagø / NRK

Han fortel saka har prega kommunen sida ho sprakk sommaren 2022. Etter ei omfattande politietterforsking blei tiltalen mot Bye klar i september i år.

– Det har vore ein lang periode med politietterforsking. Samstundes har det også vore mykje dekning frå media.

No håpar ordføraren lokalsamfunnet stiller opp.

– Det blir ei lang rettssak, men vi skal stille opp for kvarandre og fortsette å bry oss om kvarandre.

Revhaug peiker på at kommunen set i gang folkehelseprosjektet «Frostaprosjektet: Best saman».

Set i gang folkehelseprosjekt

Tore Erik Rønne er tilsett som leiar for prosjektet. Over fleire år skal han leie arbeidet som mellom anna skal vareta dei som er råka av saka.

– Vi har forsterka tilbod som rask psykisk helsehjelp, støttesenter for kriminalitetsutsette og ressurssenteret for seksuelle overgrep.

Han fortel kommunen også arrangerer samtaletilbod og informasjonsmøte til dei som er pårørande eller råka, men ikkje er ein del av sjølve rettssaka.

– Folk har veldig ulike behov for kva hjelp dei treng.

Prosjektet handlar også om å stimulere til aktivitet og møteplassar, fortel Rønne.

Når eit heilt samfunn blir sterkt råka og belasta, er det godt å samle seg som eit fellesskap.

Stor medieinteresse

– Dei første vekene trur eg det blir eit heftig medietrykk, seier Camilla Kilnes. Ho er journalist i Adresseavisen og er ein av mange journalistar som vil følge saka tett.

Når rettssaka startar i Trøndelag tingrett i Steinkjer vil frammøtet av media frå heile landet vere stort.

– Eg trur det blir ein sak som kjem til å sette dagsorden hos mange medium, seier Kilnes.

Camilla Kilnes og Pål Solberg i Adressa

– Eg trur omtrent det ikkje finst ein person på Frosta som ikkje er råka av saka på eit eller anna vis, seier Camilla Kilnes. Saman med Pål Solberg skal ho dekke saka for Adresseavisen.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

Pål Solberg har i ei årrekke arbeidd med krimsaker for Adresseavisen. Han fortel saka er ulik andre saker han har dekt.

– Det er ei veldig spesiell sak, både når det gjeld tal på fornærma og ikkje minst dei handlingane som skal ha blitt gjort.

– Det er ingen saker som liknar på dette, verken i Trøndelag eller andre stadar i Noreg.

Arne Bye, kommuneoverlege i Frosta. Han står utendørs, foran kommunehuset, iført blå jakke.

Arne Bye var tidlegare kommuneoverlege i Frosta. I morgon startar rettssaka mot han.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Derfor bruker NRK «Frosta-saka»

Narese Sae-Khow er nyheitsredaktør i NRK Trøndelag. Han fortel NRK har valt å bruke nemninga «Frosta-saka» på sakskomplekset.

– Det er ein kortfatta og nøytral måte å plassere saka geografisk, utan å ta stilling i straffesaka.

Sae-Khow fortel at han skjønner at innbyggarar på Frosta kan oppleve nemninga «Frosta-saka» som belastande.

– Likevel meiner vi det er ei dekkande nemning, nettopp fordi heile lokalsamfunnet på ulike måtar er råka av saka.

Publisert 04.11.2024, kl. 22.05

Read Entire Article