Regjeringa vil at færre skal få 100 prosent sjukemelding når dei går til fastlegen.
Målet er å få ned sjukefråværet.
– Ambisjonen er at nesten alt sjukefråvær skal vere gradert, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).
Frykta å ikkje komme tilbake
Sjukepleiar Ingrid Røe Brevig veit alt om korleis det er å vere gradert sjukemeld.
Etter åtte år som sjukepleiar fekk ho leddgikt og vart 100 prosent sjukemeldt.
Som NRK tidlegare har fortalt, fekk ho livet snudd opp ned og frykta å aldri komme tilbake i jobb.
– Det var veldig viktig for meg å halde meg i jobb.
Fagsjukepleiar Ingrid Røe Brevig fekk ein periode andre arbeidsoppgåver og jobba berre ein eller to dagar i veka i starten. No er ho tilbake i 100 prosent jobb.
Foto: Johan E. Bull / NRKGradert sjukemelding vart løysinga
Det vart avgjerande at ho fekk andre arbeidsoppgåver og jobba lite i starten.
– Såpass lite som éin dag i veka, med tilrettelagde arbeidsoppgåver.
Det tok ho rundt to år å komme tilbake i full jobb.
Sjølv om ho seier gradert sjukemelding var viktig, vil ho ikkje utan vidare støtte regjeringa sine nye grep fordi folk har ulike behov.
– Den perioden eg var 100 prosent sjukemeldt, så hadde eg ikkje noko arbeidskapasitet i det heile. Då hadde det ikkje vore mogleg for meg å jobbe ved sidan av det.
Virke-sjef Bernt Apeland meiner forslaget til regjeringa er eit viktig steg i riktig retning.
– Det er viktig både for den enkelte verksemda og for det heile norske samfunnet. Både for å ha folk i aktivitet og for å redusere kostnadane til sjukefråvær.
Feil medisin
Legeforeininga meiner regjeringa skriv ut feil medisin om målet er å få ned sjukefråværet.
– Me må skilje mellom kort- og langtidsfråvær, og setje inn tiltak for å få ned talet på langtidssjukemelde, meiner president i Legeforeningen, Anne-Karin Rime.
Ho meiner at dialogen mellom arbeidsgivar og arbeidstakar må bli betre, og at dei kan ordne opp sjølv, utan å involvere fastlegen.
Meiner tiltaka ikkje vil ha effekt
Fastlege og leiar i Norsk foreining for allmennmedisin, Torgeir Hoff Skavøy, er einig med Rime.
Torgeir Hoff Skavøy meiner tiltaka til regjeringa ikkje vil ha noko effekt.
Foto: Sissel Rikheim / NRKPå Bønes legesenter i Bergen seier han at legeinvolvering i det korte sjukefråværet har liten effekt. Når ein eventuelt går over på langtidsfråvær, kan lege verte involvert.
– Dei fleste sjukemeldingar bør byrje med arbeidstakar og arbeidsgivar. Slik kan ein finne ut kva moglegheiter for tilrettelegging ein har, meiner Skavøy.
Apeland i Virke meiner at dette ikkje er vegen å gå.
– Men å ha eit godt samarbeid mellom arbeidstakar og arbeidsgivar er heilt openbert.
Skavøy meiner at regjeringa sine tiltak vil ha liten effekt.
– Dette er tiltak som er godt kjent frå før og eit fokusområde som legar har hatt i mange år.
I ein travel kvardag kjem legar til å bruke meir tid på å gjere papirarbeid enn legearbeid, meiner fastlege Torgeir Hoff Skavøy.
Foto: Sissel Rikheim / NRKEit av dei nye tiltaka er eit «Følg-eller-forklar-prinsipp». Ifølgje Vestre betyr dette at legen må forklare kvifor pasienten skal bli 100 prosent sjukemeld.
– Det verker som at det ikkje er noko anna effekt enn at me legar må bruke meir tid på å dokumentere vala våre, seier Skavøy.
Han kjem til å jobbe på same måte som han har gjort før.
– Me har prøvd å gradere i alle år. Skal me må lågare sjukefråvær må me samarbeide. Me må slutte å tenke at me får endringar av å leggje strengare krav på legane.
Ingrid Røe Brevig håpar arbeidsgivarar legg til rette for sjukemelde.
Foto: Johan E. Bull / NRKIngrid Røe Brevig meiner det viktigaste er at arbeidsgivarane gjer det mogleg for sjukemelde å komme tilbake.
– Eg håpar fleire arbeidsgivarar legg til rette for tilrettelagde stillingar og gradvis auke og passar på at det er passe arbeidsmengd for dei som er sjuke.
Publisert 11.05.2026, kl. 21.36 Oppdatert 11.05.2026, kl. 21.50















![This Could Have Ended BADLY | Iceland Westfjords [Ep. 21] – Royal Enfield Himalayan Motorcycle](https://i.ytimg.com/vi/7Qcrqrd4kmo/mqdefault.jpg)
English (US)