Frp-veteran om Gaza: – Det er ein forsvarskrig

2 hours ago 1



Tysdag morgon skal Sylvi Listhaug (Frp) og Jonas Gahr Støre (Ap) møtest til duell i Politisk kvarter på NRK.

Førre veke møttest dei same partileiarane til statsministerduell.

Rett før den debatten på Carls, barka ungdomspartileiarane Simen Velle (FpU) og Gaute Skjervø (AUF) til sin eigen dyst, og det gjekk ei kule varmt.

AUF kritiserte FpU for å vere tause om krigen i Gaza og dei humanitære konsekvensane.

Omlag 1400 palestinarar er blitt drepne i matkøar i Gaza sidan mai, ifølgje FN.

Listhaug vil ikkje kritisere Israel direkte

– Eg synest krig er forferdeleg. Det er forferdeleg å sjå at folk svelt, og at konflikten held fram, svarte Listhaug så NRK spurte ho om situasjonen på Gaza.

Men ho ville ikkje kritisere Israel direkte:

– Det er domstolar som skal avgjere om dei følgjer folkeretten. Det viktige er å få inn nok mat, medisinar og nødvendige varer til befolkninga, sa Listhaug.

Då regjeringa anerkjente Palestina, kalla Listhaug det for «symbolsk handling».

en gruppe mennesker som skriker og gråter mot kamera idet de holder tomme gryter.

Gaza står no overfor ein akutt fare for svolt, der éin av tre går dagar utan mat, og folk blir drepne medan dei prøver å skaffe seg mat, ifølgje FN.

Foto: Jehad Alshrafi / AP / NTB

– Regjeringa vil anerkjenne ein stat som i praksis er eit diktatur, delt mellom ei korrupt og inkompetent leiing på Vestbreidda og eit terrorregime i Gaza, ifølgje partiets eige nettside.

Frp har også foreslått å stanse støtta til FN-organisasjonen UNRWA, og har kritisert regjeringa for å hente skadde frå Gaza til behandling i Noreg.

Usemje i eigne rekkjer

Odd Gunnar Tveit er omtalt som Frps største stemmesankarar i Birkenes i Agder.

Han stiller seg bak krigføringa til Israel.

– Krigen er forferdeleg, men dei har ikkje noko val, seier lokallagsleiaren i Frp.

Han meiner Israel må stoppe Hamas for å overleve som stat.

– Så du meiner at krigføringa er akseptabel?

– Det er jo forferdeleg, men det er ein forsvarskrig, seier Tveit.

Tveit meiner det ikkje er overraskande at Israel held tilbake matforsyningar til Gaza.

– Det er vel ingen land som gir mat til fienden.

Odd Gunnar Tveit

Odd Gunnar Tveit, lokallagsleiar i Birkenes Frp.

Foto: Svein Sundsdal

Tveit seier han trur at krigen kan bli ein krevjande sak for partiet hans i valkampen, og meiner at mediedekninga er skreiv.

– Media er einsidige, det kan bli eit problem.

Partifellen hans Thorleif Vikre, fylkesleiar i Telemark, er meir tilbakehalden.

– Det er ingen tvil om at Israel har ein rettmessig krig. Verkemidla er kanskje noko vel sterke, etter mitt syn, seier Vikre.

Thorleif Fluer Vikre (FrP)

Thorleif Vikre, fylkesleiar i Telemark Frp.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Han seier lidingsnivået i Gaza viser at Israel har «tatt litt mykje tran».

– Når sivilbefolkninga lid på den måten ein ser no, så betyr det at ein kanskje har gått litt for langt, seier han.

Han åtvarar han mot å bruke krigen som valkampsak, og seier at ein bør heller fokusere på norske saker og problemstillingar.

Politisk redaktør: – Frp i sitt største Israel-dilemma

Politisk redaktør i Fædrelandsvennen, Vidar Udjus meiner at Frp aldri har hatt det vanskelegare i Israel spørsmålet enn no.

– Dei har vore veldig nære Israel og støtta nærast kvar einaste regjering dei har hatt. Men når Frp-veljarar ser det som skjer på Gaza no, så blir det vanskeleg, seier han.

Han trur Listhaug kan bli nøydt til å markere større avstand til Israel viss krigføringa held fram, eller viss veljarar byrjar å stille spørsmål.

– Dei prøver å ha to tankar i hovudet samtidig. På den eine sida framstå som ein sterk støttespelar for Israel, men samstundes ta inn over seg dei brutale lidingane alle ser på Gazastripa.

Vidar Udjus er politisk redaktør i Fædrelandsvennen

Politisk redaktør i Fædrelandsvennen, Vidar Udjus.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Udjus peikar på at Frp kan miste støtte frå fleire hald:

– På den eine sida har du KrF og Konservativt, som ønskjer å vere endå meir Israel-vennlege. Samstundes finst det veljarar som reagerer sterkt på krigføringa og meiner Israel har gått altfor langt.

Han legg til:

– Dette er nok den vanskelegaste perioden for Frp som det mest Israel-vennlege partiet i Noreg, seier han.

Publisert 05.08.2025, kl. 06.36

Read Entire Article