Frp og MDG samde om slankemedisin: Vil endre reglane

1 month ago 58



Dei siste tiåra har den norske livvidda vakse seg større og større.

No er det vanlegare å vere overvektig enn å ikkje vere det. Aukande fedme i Noreg vert omtala som ein folkesjukdom.

Men nye slankemedisinar gjev håp for mange av dei som slit med å kvitte seg med det helsefarlege feittet.

I sommar har både forskarar og pasientar tatt til orde for at staten bør innlemma desse legemidla i blåreseptordninga. Dei peikar på Wegovy, som er den av fedmemedikamenta som har størst vektreduserande effekt.

Helsestyresmaktene er førebels avvisande til forslaget. Direktoratet for medisinske produkt (DMP) har konkludert med at kostnadane overskrid effekten av legemidla.

Helsepolitikarane Bård Hoksrud (Frp) og Kristoffer Robin Haug (MDG) er positive til Wegovy på blå resept. Dei meiner avslaget frå DMP baserer seg på eit for snevert reknestykke.

– Ja, det er ein stor kostnad ved å bruke desse behandlingane, men samfunnsøkonomiske utrekningar viser at det er betydeleg større kostnadar ein kan unngå ved å hindre at folk blir verande i kronisk overvekt i lang tid, seier Haug (MDG).

Kristoffer Robin Haug (MdG) ser inn i kamera. I bakgrunnen står det eit cruiseskip, nokre kunstige palmar og fleire personar passerer.

INVESTERING: Helsepolitisk talsperson i MDG Kristoffer Robin Haug meiner samfunnet vil spare pengar ved å offentleg finansiere slankemedisinar.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Vil endre spelereglane

Spørsmålet er teknisk, men kan verte avgjerande for tilgangen til slankemedisinar i Noreg framover.

I 2025 skal regjeringa legge fram prioriteringsmeldinga for Stortinget. Eit av temaa er kva slags kriterium som skal ligge til grunn når helsestyresmaktene vurderer om legemiddel skal kunne fås på blå resept.

I dag er det Direktoratet for medisinske produkt (DMP), tidlegare Legemiddelverket, som gjer desse vurderingane.

Dei ser på tre ting:

  • Ressursar: Eit legemiddel vert prioritert høgare di færre ressursar det krev. Det gjeld sjølve kostnadane til legemiddelet, og kor ressurskrevjande det er å nytte det i helsevesenet elles.
  • Nytte: Vert målt i kor mange gode leveår legemiddelet i gjennomsnitt gir til dei aktuelle pasientane, samanlikna med annan behandling.
  • Alvorligheit: Vert målt etter kor mange gode leveår pasientane i gjennomsnitt tapar om dei ikkje får behandling med legemiddelet.
  • Kjelde: dmp.no

Det er det første av dei tre punkta den uvanlege politikarduoen vil til livs. Hoksrud vedgår først som sist at slankemedisinane er dyre.

Bård Hoksrud (FrP) ved eit utandørstreningsanlegg på Aker brygge.

VEGER ALTERNATIVA: Bård Hoksrud (Frp) meiner slankemedisinen Wegovy kan spare samfunnet for store utgifter, sjølv om legemiddelselskapa ifølgje han tar seg godt betalt.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Berre halvvegs i 2024 hadde staten brukt 1,4 milliardar på Ozempic på blå resept, heilt til styresmaktene 1. juli sa stopp og stramma inn.

Men, innvender Hoksrud:

– Alternativet er jo ikkje ingen utgifter. Fedme bidreg mellom anna til store trygdeutgifter til folk som fell ut av arbeidslivet. Difor er det viktig å sjå heile biletet, ikkje berre helsebudsjettet.

Kan kome til Stortinget

Verken Framstegspartiet eller Miljøpartiet Dei Grøne har vedtatt politikk på at dei går inn for Wegovy på blå resept. Både Hoksrud og Haug understrekar at avgjerda bør bli teke av fagfolk.

I sommar sende legemiddelselskapet Novo Nordisk inn ein søknad til norske helsestyresmakter om å gi Wegovy på blå resept til pasientar med sjukeleg overvekt (sjå faktaboks lenger nede i saka).

Novo Nordisk har ettersend ny dokumentasjon på den dokumenterte effekten av behandlinga. Direktoratet for medisinske produkt har ein frist på 180 dagars behandlingstid.

Nærbilde av en person stikker slankesprøyten Wegovy inn i magen.

POLITISK: Skal Wegovy innlemmast på blå resept må Stortinget truleg stemme over det.

Foto: Lise Åserud / NTB

Om DMP gir medhald til å innføre Wegovy på blå resept, kjem saka truleg til Stortinget. Alle vedtak om legemiddel på blå resept med ein prislapp på over 100 millionar kroner skal handsamast i Stortinget.

Per no svarar MDG og Frp slik om saka:

– Når vi ser på den samfunnsøkonomiske effekten, så meiner vi det kunne vere ei god ordning, seier Haug.

– Desse medisinane kan spare samfunnet for store utgifter på andre område. Då er det jo fornuftig, seier Hoksrud.

Stortinget med en av steinløvene i forgrunnen.

Shutterstock

Kva seier dei andre partia?

NRK har stilt følgjande spørsmål til dei andre stortingspartia:

  1. Korleis stiller partiet seg til Wegovy på blå resept?
  2. Bør samfunnskostnadar vurderast meir heilskapleg i vurderinga av offentleg finansiering av legemiddel?
En kvinne smiler til kameraet.

Marius André Jenssen Stenberg

Lisa Marie Ness Klungland, helsepolitisk talsperson for Senterpartiet

  1. Sp understrekar at avgjerder om medisinar og behandling bør tas av fagfolk.
    – I dette høvet vil me ta stilling til kva prioriteringsgrunnlag det skal vera, og her må me tenka oss godt om før me vedtar.
  2. – Forslaget deira vil gjer at til dømes folk som ikkje står i jobb, og som heller ikkje har høve til det i framtida, hamnar bakerst i køen. Eit slikt samfunn vil ikkje eg ha.
Mann i dress ser i kameraet.

NTB

Alfred Jens Bjørlo, helsepolitisk talsperson for Venstre

1. Venstre er positive til å vurdere Wegovy på blå resept.

– Det kan bidra til både betre helse og livskvalitet for mange som slit med overvekt, reduserte samfunnskostnadar og positiv samfunnsgevinst.

2. Tida er overmoden for å vurdere samfunnskostnader meir heilskapleg i vurderinga av offentleg finansiering av legemiddel. Venstre vil vere med å ta initiativ til dette i Stortinget i haust.

Kvinne smilar inn i kameraet.

Stian Lysberg Solum

Ida Lindtveit Røse, nestleiar i KrF

  1. – Vi er positive til at nye medisiner og legemiddel raskare vert tilgjengeleg for befolkninga. No ligg det ein søknad om Wegovy på blå resept til handsaming i DMP, og eg er spent på kva slags avgjerd dei tar.
  2. – Eg trur det er nyttig at samfunnsperspektivet er ein del av grunnlaget for å ta avgjerder innan helsesektoren. Samstundes må helseperspektivet ivaretakast, so alle får hjelpa dei treng.
Kvinne med briller smiler inn i kameraet.

Synnøve Sundby Fallmyr

Irene Ojala, stortingsrepresentant og leiar for Pasientfokus

  1. – Eg er ikkje heilt sikker på om Wegovy bør fås på blå resept eller ikkje, men er open for at det kan vere ei riktig prioritering.
  2. – PF er heilt samd i at samfunnskostnadar bør vurderast ved prioritering av legemiddel. Det er eit altfor snevert reknestykke å berre ta med kostnadar i helsesektoren. Mykje anna er relevant: deltaking i arbeidslivet, sosialt liv, mindre behov for hjelpemiddel osb.
Kvinne i park ser inn i kameraet.

NRK

Seher Aydar, helsepolitisk talsperson for Rødt

  1. Aydar seier at om legar meiner medisinane bidreg til betre helse, bør dei vere på blå resept.
    – Det kan ikke være privatøkonomien som avgjer om folk har tilgang til medisinane dei treng.
  2. – Den enkelte har stor vinst av å delta i arbeidslivet og vere aktiv i samfunnet. Difor er det noko som alltid bør vurderast generelt i helsetenesta, også når det gjeld legemiddel.

SV og Høgre

SV og Høgre har ikkje svart på NRKs førespurnadar.

Arbeidarpartiet svarar lenger nede i saka.

Kraftig auke i fedme og overvekt

Sidan 1980-talet har vektoppgangen i den norske befolkninga vore stor.

Mellom kvar sjette og sjuande nordmann er no overvektig, medan om lag 1 av 4 vaksne menn og kvinner har fedme, ifølgje Helseundersøkinga i Trøndelag (HUNT).

Dei ulike nivåa av overvekt er delt inn etter kroppsmasseindeks (KMI – sjå faktaboks). Med høg KMI kjem større risiko for sjukdomar og plagar, mellom anna:

  • Diabetes type 2
  • Hjarte- og karsjukdom
  • Visse typar kreft
  • Pustestopp om natta (søvnapné)
  • Stigmatisering, psykiske plager og mistrivsel
    Kilde: FHI

I 2019 var høg KMI knytt til om lag 2800 dødsfall i Noreg – nær 7 prosent av alle dødsfalla på landsbasis, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI).

Sett på befolkningsnivå byrjar pasientar å belaste helsevesenet når KMI er over 25, altså overvektig, forklarar helseøkonom og professor ved UiO, Jonas Minet Kinge.

– Det er på grunn av dei andre sjukdommane som fedme er ein risikofaktor for. Til dømes diabetes er veldig ressurskrevjande, seier Kinge.

Pengesluket

I ein rapport frå 2023 estimerer Menon Economics dei totale samfunnskostnadane av fedme og overvekt til 238 milliardar kroner årleg.

Rapporten er utført på vegner av Novo Nordisk, legemiddelselskapet som produserer Wegovy og Ozempic mellom anna.

Rapporten skil kostnadane i tre kategoriar:

  • Helsetenestekostnadar: Om lag 90 prosent av kostnadane er knytt til sjukdom relatert til overvekt og fedme, og 10 prosent er vektreduserande behandling.
  • Produksjonstap: Det er det samla verditapet av redusert arbeidsinnsats: Tapt inntekt for arbeidstakarar, redusert overskot for verksemder og tapte skatteinntekter.
  • Sjukdomsbyrde: Sjukdomsbyrde er tapet av helsemessig livskvalitet som følge av sjukdom, og tap av leveår som følgje av tidleg død. For å rekne på det gir ein kvart tapte leveår ein verdi på 1,41 millionar kroner, i tråd med føringar frå Helsedirektoratet.

Talet er kan hende svimlande, men er det eit rimeleg anslag?

– Ja, dei har brukt godkjende standardmetodar for å rekne på dette. Men det er mykje uvisse i slike berekningar også, seier helseøkonom Kinge.

Han trekk fram talet for sjukdomsbyrde, og viser til usemje i forskarfeltet knytt til verdsetting av tapte leveår.

Kvinne ser inn i kameraet med grøne buskar i bakgrunnen.

HØNA OG EGGET: «Kva er opphavet til kva» er spørsmålet frå helseøkonom Christina Edwards.

Foto: Privat / NRK

Eit anna problem er knytt til årsakssamanhengar, påpeiker Christina Edwards, som er helseøkonom og postdoktor ved Institutt for samfunnsmedisin og sjukepleie ved NTNU.

– Sjølv om personar med fedme i større grad har ein sjukdom som det kostar pengar å behandle, samanlikna med ein person som ikkje har fedme, betyr ikkje det nødvendigvis at kostnaden ville forsvunne om ein fjerna fedmen, seier Edwards.

Jonas Minet Kinge

DOKUMENTASJON: Professor Jonas Minet Kinge er opptatt av at effekten av legemiddel dokumenteres grundig.

Foto: Privat / NRK

Jonas Minet Kinge har nok eit aber, no knytt til potensiell vinst i produktivitet.

Poenget hans kan summerast opp slik: Sett at du er ufør og så får slankemedisin som resulterer i 15 prosent vektnedgang. Betyr det at du blir 15 prosent meir arbeidsfør?

– Ikkje nødvendigvis. Det kan hende det er sånn, men det må bli dokumentert godt om det skal danne grunnlag for prioritering av legemiddel, seier Kinge.

Fryktar for andre pasientar

Truls Vasvik, helsepolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, fryktar endringane som Hoksrud og Haug tek til orde for kan råke skeivt og gi konsekvensar for andre pasientgrupper.

Til dømes kan legemiddel som er meir utbreidd bland pensjonistar bli nedprioritert om produktivitetsvinst er del av vurderingskriteria, sidan dei ikkje er i arbeid.

– Det er oppsiktsvekkjande at Frp og MDG vil lage eit system der om du kan jobbe eller ikkje skal avgjere om du får hjelp frå helsetenesta, skriv Vasvik i en e-post.

– Vi jobbar no med å lage nye prioriteringskriterium. Det skal vi gjere på ein grundig måte. Men vi kjem ikkje til å lage prioriteringskriterium som skapar eit A- og B-lag i helsetenesta.

Truls Vasvik

KRITISK: Helsepolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Truls Vasvik er redd nye prioriteringskriterium kan gje skeive utslag for andre pasientar.

Foto: NRK

Vasvik er likevel spent på den vidare utviklinga for dei nye slankemedisinane. Men blå resept vil han ikkje love.

– Wegovy har vore vurdert ut frå dagens prioriteringskriterium. Om prisen går ned og vi får ein betre dokumentasjon av effekten, så er det naturleg at det vert gjort ein ny vurdering av om Wegovy skal på blå resept.

Publisert 16.08.2024, kl. 14.08

Read Entire Article