Frosta-saka: To av dei fornærma kvinnene var under 16 år

1 month ago 18



Den tidlegare kommuneoverlegen er tiltalt for å ha misbrukt si stilling for å oppnå seksuell omgang med 95 kvinner. Han er også tiltalt for å ha valdtatt 88 av kvinnene.

Ei kartlegging NRK har gjort, viser at to av kvinnene var under 16 år da valdtektene skal ha funnen stad.

Likevel er ikkje Bye tiltalt for seksuelle handlingar mot barn.

Mellom 14 og 67 år

NRK har kartlagt dei 95 kvinnene som har status som fornærma i tiltalen.

Kartlegginga viser eit stort spenn i alder på dei fornærma.

Den eldste kvinna var 67 år da ho skal ha blitt valdtatt av den tidlegare kommuneoverlegen.

Dei to yngste kvinnene var 14 og 15 år. Valdtektene skal ha skjedd på legen sitt kontor.

– Det er slik at i denne tiltalen er det ikkje er tatt ut ein tiltale for alle moglege straffebod som kan vere brotne, seier statsadvokat Eli Nessimo.

Statsadvokat Eli Nessimo

Statsadvokat Eli Nessimo fortel at omstende som kor alvorleg lovbrotet er og alder på dei fornærma kan påverke ei eventuell straffeutmåling.

Foto: Henning Levold / NRK

Seksuelle handlingar med barn under 16 år fell som regel inn under paragraf 200 i straffeloven.

Bye er ikkje tiltalt for brot på denne paragrafen.

Nessimo fortel at saka er så omfattande at det har vore naudsynt å vurdere om det er hensiktsmessig å ta med alle moglege lovbrot.

– Det er likevel slik at dersom ein tiltalt blir funnen skyldig i eit forhold, så vil omstende rundt kunne bli lagt vekt på.

Kor alvorleg lovbrotet er, omstende rundt og alder på den fornærma vil derfor kunne påverke ei potensiell straffeutmåling, forklarar Nessimo.

Frosta kommune

Rettssaka mot den tidlegare kommuneoverlegen begynner 5. november i Trøndelag tingrett.

Foto: Vegard T. Blakstad / NRK

– Forstår vurderinga

Ingunn Kjelstad er ein av dei koordinerande bistandsadvokatane for dei 95 kvinnene som har status som fornærma.

Ho opplyser at ho er kjent med at Statsadvokaten ikkje har tiltalt Arne Bye for seksuelle handlingar mot barn.

Vi har forståing for vurderinga som statsadvokaten har gjort, skriv Kjelstad i ein e-post til NRK.

Erkjenner tre valdtekter

Onsdag blei det klart at Arne Bye erkjenner straffskyld på nokre av punkta i tiltalen.

Det bekrefta Bye sin forsvarar, Erlend Hjulstad Nilsen, i ein e-post til NTB.

Bye erkjente å ha valdtatt tre kvinner og å ha utnytta si stilling for å oppnå seksuelle omgang i 40 av dei 95 tilfella han er tiltalt for.

– Det er no gjennomført avhøyr av vår klient der han har erkjent straffskyld for tre tilfelle av valdtekt fordi fornærma i rettsleg forstand har vore ute av stand til å motsette seg handlinga, skreiv Hjulstad Nilsen til NTB.

Rettssaka mot den tidlegare kommuneoverlegen byrjar 5. november i Trøndelag tingrett.

Det er sett av 16 veker til saka.

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven eg burde snakke med?

Da vil eg veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt. 

Publisert 04.10.2024, kl. 14.09

Read Entire Article