Frikjent for bildrap etter 13 år: – Det har vore forferdeleg

5 hours ago 1



– Det er 100 kilo som har letta av skuldrene no, seier Thomas Elverum.

For over 13 år sidan var den tidlegare yrkessjåføren involvert i ei ulykke i Drivdalen i Oppdal kommune der ei kvinne mista livet.

Elverum blei dømt for aktlaust drap.

No har han blitt frifunnen i Eidsivating lagmannsrett etter at saka blei gjenopna.

– Det er heilt surrealistisk med tanke på at det har gått nesten 14 år, seier Elverum som heile tida har hevda at han er uskuldig.

– Men det er klart, gleda er heilt magisk. Den er til å ta og føle på.

Lagmannsretten var delt i sin avgjerd.

Dei fem meddommarane meiner Elverum måtte bli frifunnen, mens dei to fagdommarane framleis meiner han er skuldig.

Thomas Elverum

Dommen frå lagmannsretten slår fast at det ikkje er bevist at Elverum handla aktlaust.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Det har vore forferdeleg

Elverum var på veg frå Dombås til Trondheim tidleg om morgonen den 24. februar 2012.

På veg opp ein bakke fekk semitraileren skrens og Elverum mista kontrollen. Køyretøyet «saksa» og dekte snart heile vegbanen.

Fire personar sat i personbilen som kom imot.

Den 25 år gamle kvinna i passasjersetet døyde kort tid etter samanstøyten. I tillegg blei to av dei andre i bilen skadd.

Drivdalen

Ulykka fann stad i Drivdalen i Oppdal kommune i 2012. Biletet er tatt ved ei anna anledning.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

Etter ulykka blei han dømt for aktlaust drap i Trøndelag tingrett og seinare i Frostating lagmannsrett. Retten meinte han hadde køyrt for fort på det glatte føret.

Elverum blei dømt til seks månader i fengsel, mista førarretten og måtte betale totalt 750.000 kronar i erstatning til dei etterlatne.

Dommen er sona for lenge sidan og Elverum har tatt førarkortet på nytt.

Sjølv har Elverum meint at det var ein teknisk feil i koplinga til bremsane som var årsaka til ulykka.

Gjenopptakingskommisjonen peikte på at Statens vegvesen kan ha målt feil i ein sving og bestemte at saka skulle bli opna igjen.

Skader autovern ulykke Elverum

Slik såg autovernet ut etter ulykka i 2012.

Foto: Politiet

Etter at saka har blitt ført på nytt, har fleirtalet i lagmannsretten konkludert med at Elverum ikkje kan bli lasta for ulykka.

Dei viser til at det hadde blitt registrert 134 tilfelle av straumbrot mellom hengaren og trekkvogna.

I tillegg meiner dei det er uklart om Statens vegvesen undersøkte bremsane på hengaren.

Dei to fagdommarane meiner på sin side at det ikkje er haldepunkt for at straumen mellom hengaren og vogna var broten.

Dersom det var feil på bremsesystemet ville Elverum ha merket dette langt tidlegare, meiner dei.

– Det har vore forferdeleg, seier Elverum om å ikkje ha blitt trudd i rettssystemet før no.

Han fortel at han enno ikkje tør å slappe heilt av etter at han no har blitt frifunnen.

– Eg blir ikkje overraska om dei prøver å anke, men eg ser ikkje kva grunnlag dei skal gjere det på.

Påtalemakta har frist på to veker for å eventuelt anke dommen.

– Da skal eg sleppe jubelen laus. Da skal eg vere sjeleglad.

Thomas Elverum ser på bremsekabelen

Elverum har fått medhald i at eit straumbrot på kabelen mellom trekkvogna og tilhengaren kan ha vore årsaka til ulykka.

Foto: NRK

I tillegg til å bli frikjent for aktlaust drap, er Elverum også frikjent frå oppreisningserstatninga han blei dømt til å betale.

I 2013 blei han dømt for å ikkje å ha brukt ei såkalla diagramskive på ein annan køyretur. Hendinga fann stad året før ulykka i Drivdalen.

For dette blei Elverum dømt til å betale 10.000 kronar i bot. Eidsivating lagmannsrett meiner framleis han var skuldig i dette, men at straffa er fullbyrda.

Vil vurdere å anke

– Vi er kjent med dommen og vil bruke den tida vi treng på å vurdere om vi skal anke, seier statsadvokat Thorbjørn Klundseter.

Under rettssaka la han ned påstand om at dommen skulle bli ståande.

Før den gjenopna saka starta fortalde han at han framleis meinte det var bevis for å dømme Elverum for aktlaust drap.

Thorbjørn Klundseter

Statsadvokat Thorbjørn Klundseter vil vurdere om påtalemakta skal anke dommen der Elverum blei frifunne.

Foto: Vidar Ruud / NTB

– Kva tenker du om at dommen ikkje er einstemmig og at fagdommarane tar dissens?

– Eg har registrert at det er sånn og har ikkje noko ytterlegare kommentar til det, seier Klundseter.

Bistandsadvokatane til dei etterlatne etter kvinna som døyde i ulykka og dei andre som sat i personbilen har ikkje svart på NRK sine førespurnadar torsdag.

Publisert 23.10.2025, kl. 19.02 Oppdatert 23.10.2025, kl. 19.33

Read Entire Article