– Innsamlingsboksane her er dyre. Det gjer at me må fjerne dei, dersom me ikkje finn andre løysingar, seier Inge-Olav Fonn, leiar for drift, logistikk og sal i Fretex.
Ombruksselskapet har sendt ut brev til 42 kommunar der dei ber om økonomisk støtte for at ordninga skal halde fram.
Dersom dette ikkje blir gjort, vil dei raude innsamlingsboksane bli fjerna innan 1. oktober 2025.
Firdaposten og Firda har omtalt at Fretex varsla Kinn og Sunnfjord kommune om fjerning av boksane.
Dette er tilfelle fleire stader i Noreg.
Distriktsproblem
Frå 2025 kom det nye krav til kjeldesortering i Noreg.
No er det kommunane som er ansvarlege for at tekstilavfallet blir samla inn og sortert frå restavfall.
Dette har skapa utfordringar i distrikta, der store avstandar gjer det vanskeleg for Fretex å behalde boksane.
I 2025 må kvar kommune skilje klede frå restavfallet. Kvar kommune kan ha eigne reglar på dette.
Foto: Bærum kommune– Desse innsamlingsboksane er ute i distrikta, det tyder lange køyringar, noko som gjer at det blir dyrt, legg Fonn til.
Han seier dei tapar pengar på dei, men vil ikkje oppgje kor mykje.
I 2024 gjekk Fretex Miljø AS med eit underskot på 20 millionar kroner, etter tre år med positive resultat.
– Dette kjem på grunn av alt som har gått opp i pris. Dette gjeld mellom anna for transport, diesel og husleige, fortel Fonn.
Inge-Olav Fonn er leiar for drift, logistikk og sal i Fretex.
Foto: Privat / NRKI tillegg trekkjer han fram at det er meir tekstilar på marknaden, slik at det er større kamp om å få seld desse. Brukarstyrte marknader som Tise og Finn gjer det vanskelegare for Fretex.
– Digitale marknadar gjer det lettare for folk å kjøpe og selje tekstilar. Det må me konkurrere med, seier leiaren.
– Manglar eit fungerande innsamlingssystem
Tal frå ein ny Sintef-rapport viser at 89,5 prosent av den separate tekstilinnsamlinga i Noreg i 2022 blei handtert av ideelle organisasjonar, som Fretex.
3 prosent av dei innsamla tekstilane blei selde i norske bruktbutikkar, medan 97 prosent blei eksportert til utlandet.
Ombruksselskapet ber fleire distriktskommunar om økonomisk støtte for at boksane ikkje skal bli fjerna.
Foto: Maren Braut / NRKEin av forskarane bak rapporten, Moana Silva Simas, seier me ikkje kan stole på nokre få ideelle organisasjonar for å skape ein sirkulær verdikjede for tekstilar.
– Om det blir færre innsamlingspunkt for brukte tekstilar, kan fleire tekstilar ende opp som restavfall og gå rett til forbrenning. Då blir desse verken resirkulerte eller brukte på ny, seier Simas.
Forskaren er redd for at dette vil føre til ein større del tekstilar blir kasta som søppel, derfor bør det bli sørga for eit fungerande innsamlingssystem.
Illustrasjonsbilete av tekstilhaugar frå Renovasjonsselskapet for Drammensregionen (RfD).
Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRKI tillegg påpeiker ho at me ikkje kan ignorere at det store tekstilforbruket er ei av hovudårsakene til det auka tekstilavfallet, som blir stadig viktigare i ei verd med billige tekstilar som blir importerte frå «ultra-fast fashion»
– Det bør også bli laga strategiar for å redusere overforbruk og sløsande forbruk, legg Sintef-forskaren til.
Frå Sogn til Polen
Fretex fortel at dei allereie har fått på plass løysingar i enkelte kommunar. Ein av desse er i Sogn.
Der har miljø- og avfallsselskapet Simas fått til ei ny ordning som sparer Fretex fraktkostnader.
No skal dei innsamla tekstilane frå desse kommunane bli eksporterte direkte til Polen med skip frå Simas i Kaupanger.
I Polen blir tekstilane sorterte og sendt vidare til ombruksbutikkar der.
Før måtte tekstilane innom i Bergen, men det er rimelegare å gå direkte frå Sogn til utlandet.
Inge Bent Arnestad, direktør i Nordfjord Miljøverk IKS (NoMil), seier dei er på veg med å forhandle fram ein ny innsamlingsavtale med Fretex, i samarbeid med Sunnfjord Miljøverk IKS.
Foto: Harald Kolseth / NRK– Me sparer inn ein god del på det, og då blir det rekningsvarande å ha det, fortel Fonn.
Dagny Alvik, direktør i Simas, er nøgd med ordninga.
– Om me ikkje hadde samla inn tekstilane, hadde eg vore bekymra for at tekstilane hadde hamna i avfallet. Det hadde blitt ei dyr ordning, fortel Alvik.
Det er ikkje kome fram til løysingar i alle dei varsla kommunane endå.
– Sjølv om me legg ned, nokre plassar er det ikkje slik at me sluttar innsamlinga. Det vil også vere mogleg å sende pakker med klede heimanfrå, legg Fonn i Fretex til.
Forbruket vårt gjør jorden varmere
Det er lett å kjøpe nytt i et rikt land som Norge. Men forbruket vårt er i ferd med å få voldsomme konsekvenser.
Ifølge FN er overforbruk hovedårsaken til tre store kriser vi står i: Det bidrar til et varmere klima, til naturtap og til forurensing.
Hvorfor skjer det, og hva kan vi gjøre? Sveip for å lese mer.
Snorre Tønset / NRK
Hvorfor er forbruket vårt skadelig?
Alt vi kjøper, fra flyreiser til småelektronikk og mat, bruker ressurser fra naturen. I dag bruker vi disse ressursene mye raskere enn jorda klarer å lage dem på nytt.
Hvis ikke forbruket går ned, eller vi finner bedre måter å bruke ressurser på, vil uttaket av naturressurser øke med 60 prosent de neste 35 årene, ifølge FN.
yr.no
Kan overforbruk virkelig gjøre jorda varmere?
Ja. Verden er i dag 1,2 grader varmere enn før den industrielle revolusjonen, på grunn av menneskers klimagassutslipp.
Omtrent 60 prosent av denne oppvarmingen skyldes utvinningen av jordas ressurser, ifølge FNs ressurspanel. Det er fordi både produksjon og transport av varer, i tillegg til forbrenning av fossil energi som olje og gass, fører til store utslipp.
NRK
Hva med maten vi kaster?
Rundt en tredel av all maten verden lager, blir kastet. Maten vi aldri spiser står alene for rundt 10 prosent av verdens klimagassutslipp.
Her i Norge har myndighetene og matbransjen gått sammen om en avtale for å halvere norsk matsvinn innen 2030. Allerede til neste år skulle matsvinnet vært redusert med 30 prosent.
Leif Dalen
Hva kan vi gjøre?
Både produsenter og vi som kunder må ta grep hvis forbruket skal ned på et bærekraftig nivå, ifølge ressurspanelet.
Som samfunn kan vi bli flinkere til å bruke materialene vi har hentet ut av naturen på nytt, før de kastes.
Hver og en av oss kan også hjelpe til ved å kjøpe produkter som varer lengre, kan repareres og kan resirkuleres når de er brukt opp.
Publisert 28.09.2025, kl. 16.14