Frankrike står framleis utan ei regjering: – Ein situasjon vi ikkje har sett maken til

1 month ago 13



Nesten to månadar etter parlamentsvalet i Frankrike, har landet framleis ikkje fått ei regjering på plass.

Ein situasjon vi ikkje har sett maken til.

Det seier Raino Malnes, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, om at landet har vore i ein slags limbo sidan starten av juli.

Venstresida krev å danne ei ny regjering

Måndag utelukka president Macron å utnemne ei regjering leia av venstrealliansen.

Ifølgje nyheitsbyrået AFP, grunngav Macron valet med at det ville vere ei «trussel mot institusjonell stabilitet».

Han har ikkje har tru på at dei vil få nok støtte i nasjonalforsamlinga.

Ved valet i juli, fekk venstrealliansen, òg kjent som Ny Folkefront (NPF), 182 av 577 seter i den franske nasjonalsamlinga.

Ein mann og kvinne som er formelt kledd som går mot kamera. Dei ser på kvarandre.

Jordan Bardella og leiaren for Marine Le Pen frå det ytre høgre-partiet Nasjonal samling, på veg til møte med den franske presidenten for forhandlingar.

Foto: BERTRAND GUAY / AFP

På den andre sida fekk sentrumsalliansen, som mellom anna består av partiet til Macron om lag 168 seter og Marine Le Pens ytre høgre Nasjonal samling (RN), fekk 143 seter.

Dermed var det ingen av partia som fekk dei 289 seta som gjev fleirtal i nasjonalforsamlinga.

– Det er eit imponerande politisk arbeid å få til samarbeid mellom parti som står så langt frå kvarandre politisk, som Sosialistpartiet og La France Insoumise. Dei har gått saman for å utfordre Macron og overvinne Nasjonal Samling, seier Malnes om NPF.

Ei kvinne som smiler.

Lucie Castets, kandidat for statsminister frå den venstrealliansen Ny Folkefront (NFP). Ho har uttala til fransk radio at «Demokrati betyr ingenting for presidenten, og det synest eg er svært farleg».

Foto: Manon Cruz / Reuters

Han påpeiker samstundes at alliansen er skjør, med store motsetningar i fleire saker.

NPF krev å danne ei regjering og har føreslått presidentkandidaten Lucie Castets, ein ukjend byråkrat ifølgje den franske avisa Le Monde.

Macron sitt nei, har ikkje falle i god jord:

Venstresida vert frårøva dette valet, sa leiaren for det Dei Grøne, Marine Tondelier, ifølgje AFP.

No ber dei franskmenn om å teke til gatene og protestere.

Hadde vore viktig for demokratiet

Etter fleire forhandlingssamtalar som ikkje har ført fram, trekte to parti i NFP seg frå forhandlingane tysdag.

Malnes trur at den franske presidenten haler ut tida, og vonar at alliansen vil falle frå kvarandre i møtet med vanskelege saker. Til dømes ei opptrapping i Midtausten-konflikten, som kan gjere det vanskeleg for partia å halde saman.

Raino Malnes. Mann med briller som ser rett i kamera.

Det seier Raino Malnes, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Foto: Christian Breidlid / NRK

Marte Mangset, førsteamanuensis i sosiologi ved Universitetet i Oslo, meiner uthalinga av tida, ikkje er riktig for demokratiet.

– Det luraste hadde vore for denne alliansen å få danne ei regjering.

Mangset seier at sjølv om det ikkje er sikkert at NPF hadde heldt lenge, hadde det vore viktig for demokratiet.

Dette meiner ho, òg ville ha hjelpt på å minske aggresjonen det franske folket har mot Macron.

Marte Mangset. Kvinne med kort mørkt hår som ser opp.

Marte Mangset, førsteamanuensis i sosiologi ved Universitetet i Oslo.

Foto: Christian Breidlid / NRK

Mangset fortel at det har teke langt tid for NPF å finne ein kandidat, og at Castets har vore open for å forhandle med ulike delar av parlamentet.

– Castets meiner det er mogleg å få til samarbeid sak for sak, til dømes ved å finne einigheit med Nasjonal Samling om saker som gjeld velferdsstaten og med Macrons parti om miljøsakene, seier Mangset.

Ei ny regjering bør vere på plass til 1. oktober, når regjeringa må leggje fram eit budsjettforslag for neste år.

Dårleg leiarskap

Macron bad om eit val i Frankrike etter at ytre høgre vant fram ved EU-valet. Dette verkar framleis som rart, fortel Malnes.

Det er jo underleg, og det tyder på dårleg leiarskap.

Denne avgjerda og det at Macron ikkje har teke betre vare på den støtta han hadde på venstresida til å byrje med, viser hans svake leiarskap, ifølgje Malnes.

To menn kledd i dress, dei ser alvorlege ut.

President Macron og statsminister Attal, sistnemnde har leia ei mellombels regjering sjølv om han bad om å få gå av etter valet.

Foto: TERESA SUAREZ / POOL / Reuters

Mangset meiner på si side at Macron vil vere hugsa som ein enorm kraft i fransk politikk.

Dei er begge einige om at Frankrike vil bestå, til trass for dei politiske utfordringane landet står i no.

– Franskmenn brukar sterke ord, og det vert høg temperatur, men det pleier å løyse seg, avsluttar dei.

Publisert 28.08.2024, kl. 10.48

Read Entire Article