Jan Helge Furu er tiltalt av Økokrim for heleri og bedrageri av over 17 millionar kroner i det såkalla investeringsprosjektet «Millioneventyret».
Strafferamma for tiltala er inntil seks års fengsel.
I siste dag av rettssaka mot Furu, hevdar hans forsvarar at han ikkje har lurt investorane hans, men har fortalt dei det han sjølv har blitt fortalt.
Tiltaltes forsvarar, advokat Bent Heiberg i Elden Advokatfirma, meiner at klienten hans er uskyldig.
Ifølgje han har ikkje Furu handla med ein bevisst intensjon om å lure investorane.
Meiner han bør i fengsel
Hans andre forsvarar, Arnt Angell, meiner klienten hans ikkje hadde brukt 20 år av livet sitt på å lure venner og familie.
Den tiltalte har tidlegare hevda at han har blitt framstilt på ein urettferdig måte:
– Media og Økokrim har laga eit dårleg bilete av meg.
Statsadvokat Anne Glede Allum i Økokrim har bedt om tre år og ti månadars fengsel for 61-åring frå Farsund.
Økokrim meiner at Furu har lurt folk på ein utspekulert måte.
– Bedrageriet er utført ved bruk av sosial manipulasjon. Det er bygd tillit og ein relasjon mellom bedragar og offera over lang tid, har Allum tidlegare uttalt til NRK.
Ifølgje tiltalen tok han imot omlag 14 millionar kroner frå ein svensk hovudmann i ein lengre periode.
Tiltalen byggjer på at Furu visste at desse midlane stamma frå bedrageri i Sverige.
Det avviser hans forsvarar.
Samstundes meiner påtalemakta at Furu skal ha mottatt pengar frå fem norske investorar som ønskte å bidra til eit prosjekt. Ingen av dei har fått pengane sine at.
Økokrim: Furu visste prosjektet var oppspinn
Allum i Økokrim er ueinig med forsvaret. Ho meiner det er god grunn til å tru at Furu visste eller forstod at prosjektet var oppspinn, basert på bevisa.
Dei viser til at Furu gav inntrykk av å vere i den indre kretsen av prosjektleiinga og fekk pengar frå hovudmannen, i motsetning til andre.
Påtalemakta peiker òg på at det blei halde hemmeleg for investorane at Furu fekk pengar, medan dei ikkje gjorde det.
I e-postar brukte Furu tittelen «project director». Det meiner Økokrim viser at han hadde ei større rolle i prosjektet enn forsvararen hans seier, og at det viser at han er skuldig.
Eit «luftslott»
Det var i 2021 at NRK avdekte det omfattande prosjektet i ein Brennpunkt-dokumentar.
Over 20 personar sidan 2005 har investert meir enn 40 millionar kroner.
Dei vart lova ein rask og høg avkastning. Ingen av investorane har sett noko til pengane.
Furu har tidlegare fortalt i retten at prosjektet handla om «kjøp og sal av statsdokument».
Økokrim har beskrive prosjektet som eit «luftslott», og meiner at mannen har overtydd fleire personar om å investere i eit fiktivt prosjekt.
Furu sjølv meiner at han har blitt lurt, og har fortalt i retten at han sjølv har investert fleire millionar.
– Han meiner at han har fått uriktige opplysningar, har Bernt Heiberg, Furus forsvarar uttala tidlegare.
Furu peikar på svenske Mikael Ivanoff, som leiar av prosjektet i Skandinavia.
Ivanoff blei òg pågripen etter Brennpunkt-dokumentaren, men har seinare døyd i fengsel.
Publisert 07.11.2024, kl. 12.48 Oppdatert 07.11.2024, kl. 15.13