Først vart dei frikjende. No er tenåringane dømde for gruppevaldtekt

1 month ago 38



Lagmannsretten kom til motsett konklusjon. Ein video av overgrepet vart avgjerande.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
SNUDDE: Lagmannsretten dømmer to tenåringsgutar for å ha valdteke ei jente under 14 år i fellesskap. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Publisert 01.03.2025 14:33

– Begge tvinga meg. Eg prøvde å presse imot, men så tenkte eg at det var betre å berre bli ferdig slik at eg kunne kome meg vekk raskare.

Slik skildra den unge jenta det ho opplevde bak eit kjøpesenter i Nordhordland i januar i fjor.

Då hadde jenta, som den gong var under 14 år, vore på ungdomsklubb saman med venene sine. I løpet av kvelden kom ho i kontakt med to eldre gutar på 15 og 16 år.

No er dei to mindreårige gutane dømde for å ha valdteke jenta i fellesskap, skriv Bergens Tidende

Det skjer etter at dei først vart frikjende i Hordaland tingrett i haust.

– «Eg vil gå herifrå», sa eg. Men då tok han armen min og dytta meg i bakken.

Filma overgrepet

Gulating lagmannsrett legg i si vurdering stor vekt på filmopptaket av overgrepet. 

Det var dei to gutane som sjølv filma det som skjedde med ein mobiltelefon.

– Ho blir spurt om ho kosar seg og ho ristar på hovudet. Fleirtalet oppfattar dette klart som at fornærma svarar nei på spørsmålet, heiter det i dommen.

– Min klient er nøgd med utfallet og håpar ho snart kan legge den lange prosessen bak seg, seier Kjetil Ottesen til TV 2.

 Sorosh Sadat / TV 2
BISTANDSADVOKAT: Kjetil Ottesen er jenta sin bistandsadvokat. Foto: Sorosh Sadat / TV 2

Han er bistandsadvokat for den fornærma jenta.

– Saka er også eit døme på ein svært negativ trend der overgriparar filmar overgrep. Dette er ein stor ekstrabelastning for offeret, med tanke på spredningsfare, legg Ottesen til.

Kritiserer etterforskinga

Valdtektssaka i Nordhordland er ei av fleire saker TV 2 har følgt det siste året, der film av overgrepet er eit viktig bevismateriale i saka. 

Både i tingretten og i lagmannsretten har det vore dissens i saka mot dei to tenåringsgutane. 

Bak ryggen hennar hadde han opna Snapchat

I tingretten frikjende to meddommarar, medan fagdommaren ville dømme.

I lagmannsretten er det to fagdommarar og fire meddommarar som utgjer fleirtalet som vil dømme. Éin meddommar ville frifinne gutane for valdtekt. 

Vedkommande meiner ein ikkje kan sjå bort ifrå forklaringa til gutane om at den seksuelle omgangen var frivillig frå jenta si side.

Meddommaren kritiserer også etterforskinga av saka for å vera mangelfull. 

Vil anke

Det har også forsvararane gjort tidlegare.

Dei var særleg kritiske til at fleire ungdomar som var ved kjøpesenteret same kveld, ikkje vart avhøyrt av politiet.

Det skal ha blitt vald vekk då politiet hadde video og bilete av sjølve hendinga, har Bergensavisen tidlegare skrive.

– Bevisbiletet er tilnærma identisk no som det var i tingretten. Derfor er det vanskeleg å akseptere lagmannsrettens resultat. Vi kjem til å anke dommen, seier Marius Wesenberg til Bergens Tidende.

Han forsvarar den yngste av dei to dømde. 16-åringen sin forsvarar, Rune Håkon Tjomsland, seier til avisa at dei meiner det ikkje var bevisgrunnlag for dom.

Dømde til ungdomsstraff

– Det var ho som masa veldig om å få gjere forskjellige ting, sa 16-åringen under tingrettsforhandlingane.

– Det var ho som ønska å gjere dette. Først han, så meg, så han igjen, sa 15-åringen til tingretten.

No er begge dømde til ungdomsstraff med ei gjennomføringstid på tre år. Dei må også betale 250.000 kroner kvar i erstatning til fornærma. 

Read Entire Article