Forslag om EU-kontrollar: Kan koste 2,5 milliardar meir for norske bilistar

9 hours ago 2



Bilar eldre enn ti år kan måtte bli EU-kontrollert kvart år.

Det ønskjer EU-kommisjonen i eit nytt forslag sendt til EU-parlamentet.

Dei trur det vil auke trafikktryggleiken og minke miljøskadelege utslepp.

– Klassisk skrivebordspolitikk.

Slik beskriv Tor Valdvik det nye direktivet.

Han er samfunnskontakt i Kongelig Norsk Automobilklub (KNA).

Tor Valdvik

KRITISK: Tor Valdvik i KNA forventar draghjelp frå politikarane for å stoppe direktivet.

Foto: Frode Meskau / NRK

Koster 2,5 milliardar ekstra

Valdvik meiner dette vil ramme dei med dårleg råd.

Han reknar seg fram til at norske bileigarar må betale opp mot 2,5 milliardar kroner årleg.

– Dei som vil tene på det vil jo vere verkstadbransjen, seier Valdvik.

Samstundes trur Valdvik at det kan gje auka ventetid på service, reparasjon og EU-kontroll for verkstadane.

Valdvik fryktar det vil gå ut over naudsynte reparasjonar.

– Det kan vere kontraproduktivt og verke mot si hensikt, meiner han.

Ikkje like pessimistisk

På ein bensinstasjon i Minnesund tek NRK kontakt med fleire sjåførar.

Dei er ikkje like negativ til forslaget frå EU.

  • ein mann som står ved sidan av ein bil

    Frode Meskau / NRK

    Hans Rødalen

    – For meg er det viktigaste at bilen er i god stand og at den er sikker. Det blir sjølvsagt ein ekstra kostand, men eg har ikkje veldig store motforestillingar til det.

  • ein kvinne som smiler ved sidan av ein bil

    Frode Meskau / NRK

    Nicole Mothes

    – Det skaper jo tryggleik på vegane, så eg er i utgangspunktet positiv til forslaget. Men kanskje ein må justere litt på prisane?

  • ein person med bil sjekkar lufttrykk

    Frode Meskau / NRK

    Ludvik Kjenner

    – For meg kjenst det ut som ein litt unødvendig ressurs, for eg likar å ta vare på bilen min. Men det blir nok ein høgare trafikktryggleik generelt.

  • ein dame som står ved sidan av ein blå bil

    Frode Meskau / NRK

    Inger Lise Hansen

    – Eg har sjølv bil som er over 10 år, men den utgiften betaler eg. Eg syns det er greitt, for eg har sett mykje dårlege biler som er ute og køyrer.

Delte meiningar politisk

– Eg er imot dette forslaget. Det blir dyrare og meir byråkratisk for folk og vi må ikkje straffe dei som tar vare på den gamle bilen sin.

Det seier Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet.

Trygve Slagsvold Vedum fotografert ved sjøen under et besøk i Alta

IMOT: Vedum kjem sjølv til å bli påverka av den nye regelen. Han har ein bil frå 2002.

Foto: Hanne Larsen / NRK

Han peikar spesielt på dei som bur ute i distrikta.

– Der treng ein ofte to bilar, kor den eine kanskje er litt eldre for å halde kostnadene nede. Ein må ikkje gjere det for dyrt og vanskeleg for folks kvardag.

Vedum tykkjer dagens ordning er god nok, og at ein ikkje skal gjere det for vanskeleg for folk å ha ein litt eldre bil.

Usikker på forslaget

Statssekretær Tom Kalsås (Ap) i Samferdselsdepartementet seier at dei i samarbeid med Statens vegvesen vurderar forslaget, og verkingane av det spesifikt for Noreg.

Tom Kalsås

USIKKER: Tom Kalsås er ikkje sikker på om årlege godkjenningar er vegen å gå.

Foto: Samferdselsdepartementet

Samstundes vil dei ikkje gje bileigarar uforholdsmessige kostnadar.

– Eg er i utgangspunkt usikker på nytten av dette tiltaket. Ved behov er vi derfor innstilt på å påverke forslaget som er under diskusjon.

– Openbert meir press

Fleire kontrollar kan bety fleire timar på verkstaden. Administrerande direktør i Meko Noreg, Geir Hoff, er ansvarleg for verkstadkjedene MECA og Mekonomen.

Han fortel at å begynne med årlege EU-kontrollar vil openbert bety meir press på verkstadene, men at det er vanskeleg å talfeste.

– Det er heller ikkje sjølve EU-kontrollen som vil gje verkstadane auka inntekt. Det er det verkstadjobben i ettertid som gjer, om det finst manglar på bilen.

Mekaniker jobber med bil.

AUKA PRESS: Verkstadene vil få meir å gjere dersom forslaget blir ein realitet.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Publisert 16.05.2025, kl. 15.07

Read Entire Article