– Av-og-til-røyking blant unge menn har blitt trendy, seier FHI-forskar Tord Finne Vedøy.
Talet på folk som røyker sigarettar dagleg har gått nedover. Det syner Helsedirektoratet sin oppdaterte oversikt.
I 2024 var det om lag 8 prosent av befolkninga som røyker dagleg.
Men andelen som røyker av og til har ikkje hatt den same nedgangen over tid som daglegrøyking.
Tala syner at det gjeld særleg unge menn, og andelen er i vekst:
- I 2024 røykte 17 % av unge mellom 16 og 24 år av og til – ein auke frå tidlegare år.
- Auken er særleg markant blant unge menn, der heile 24 % oppgjer at dei røyker av og til.
- Samtidig har bruken av e-sigarettar (vape) auka blant unge jenter.
- 13 % av jenter i same aldersgruppe brukte vape av og til i 2024, mot 8 % blant gutane.
Tord Finne Vedøy er forskar på FHI og oppteken av korleis unge blir påverka.
– Kanskje det er ein normovertredande praksis. Ein måte å vise opprør, alternativitet eller estetikk. Kanskje det er ein leik, eit spel, inspirert av film og visuelle uttrykk.
Det seier sosiolog og forskar ved Folkehelseinstituttet (FHI), Tord Finne Vedøy.
Han trur at synleg røyking på TV og i sosiale medium kan ha ein effekt.
– For ungdom er ikkje trusselen om sjukdom om 40 år så effektiv.
Han meiner sigaretten framleis har ein sterk symbolverdi.
– Det har sigaretten alltid hatt. Mange undervurderer kor sterkt det symbolet er, meiner Vedøy.
– Uklar årsak
Av-og-til-røykar blir definert som ein som røyker sigarettar, men ikkje dagleg og ikkje fast.
Gjerne det som på godt norsk heiter «festrøyking».
– Det er jo ei utvikling vi er bekymra for, utan at vi heilt klarer å peike på årsaka.
Det seier Erlend Bø. Han er avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.
Han legg til at nokre kanskje brukar andre nikotinprodukt som snus og vape mellom røykeøktene.
– Vi ser også at nokre går frå av-og-til-røyking til fast dagleg røyking. Det er noko som uroar oss.
Eit lite utval bilete av røykande unge menn på Instagram.
Foto: Skjermdump, Instagram– Vise opprør
Tord Finne Vedøy er sosiolog og seniorforskar ved Folkehelseinstituttet (FHI).
Han peikar på at tala også syner at sjølv om fleire unge menn seier dei røyker av og til, så gjer dei det ikkje så ofte.
– Det tyder på at dei røyker mindre hyppig, men at fleire prøver.
Forskaren trur at unge er mindre «investert» i sjølve røykinga, og det difor er meir å sjå på som ein måte å vise seg fram på.
– Her bør det gjerast fleire studium, meiner Vedøy.
Han meiner også at dette kan handle om at røyking som kulturell funksjon har blitt styrka dei siste åra og blitt ein del av ein trend.
Han meiner dette kan forklare kvifor unge menn held fram med desse vanane, trass i helserisikoen.
Tala syner at nikotinbruken totalt sett er ganske stabil her i Noreg.
Det er bruken av dei ulike produkta som endrar seg. Som til dømes vapes, kvit snus, nikotinposar og sigarettar.
– Men alle desse er ikkje like skadelege, så det er ikkje uviktig kva produkt som går og kva som går ned, seier Tord Finne Vedøy i FHI.
Fryktar fleire kreftoffer
– Dette er ein alarmerande trend som gjer oss i Kreftforeningen veldig bekymra.
Det seier generalsekretær Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeningen om tala som viser at fleire røyker innimellom.
Kreftforeningen meiner utviklinga er alvorleg.
Dei peikar på at røyking er den viktigaste enkeltårsaka til kreft som tek livet av rundt 5000 nordmenn kvart år.
– Dersom denne utviklinga held fram blant dei unge, kjem vi til å sjå det igjen på kreftstatistikken.
Aksjon mot røyking på Møllergata skole i Oslo i 1971. No vil helsemyndigheitene vurdere nye kampanjar.
Foto: NTB / NTBVil ha generasjonsforbod
Kreftforeningen meiner det må sterkare grep til for å snu utviklinga.
Dei ønskjer eit generasjonsforbod mot tobakk – ikkje eit totalforbod.
Det vil i praksis seie ei gradvis heving av aldersgrensa for dagens 15-åringar og yngre.
Kreftforeningen meiner dagens unge ikkje har fått den same informasjonen som tidlegare generasjonar.
Dei vil også ha nye kampanjar.
– Vi er også bekymra over at barn og unge blir eksponert for førebilete som røyker i sosiale medium og på TV, seier Ross.
Kravet om nye og forsterka kampanjar får støtte både frå Helsedirektoratet og FHI.
Dei fleste som røyker dagleg no er eldre og godt vaksne.
Foto: Frank May / NTBBør også tenke på eldre
Vedøy i FHI trur det er for lenge sidan vi har hatt store kampanjar.
– Kanskje dei unge ikkje lenger er marinert i den intense motviljen mot røyk som vi klarte å bygge opp før? spør Vedøy.
Han skulle også ønske at fleire var meir uroa for meir vedvarande røyking blant eldre.
– Særleg eldre med lav sosioøkonomisk status. Det er eit mykje større folkehelseproblem enn av-og-til-røyking blant unge, meiner FHI-forskaren.
Han meiner røyking blant unge no kan vere meir leik enn alvor – men åtvarar:
– Når fleire prøver, kan det føre til fleire daglegrøykarar. Då har vi eit problem.
Publisert 27.09.2025, kl. 11.54