Forskar trur Israel kan ønske krig mot Iran

2 weeks ago 12



Spenninga aukar i Midtausten før eittårs markeringa til Hamas sitt terrorangrep på Israel 7. oktober 2023. Kring 100 personar er enno haldne som gissel. Mange er redde for at det no bryt ut full krig mellom Israel og Iran.

– Eg må seia at eg er redd, ja. Eg veit at me har luftforsvaret Iron Dome, men eg er redd likevel, sa Alex til NRK fredag.

Alex i Haifa

Alex frå Ukraina fryktar krig mellom Iran og Israel.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Forskar Kristian Berg Harpviken meiner mykje kan tyda på at Israel ønsker ein krig med Iran.

Etter Irans missilangrep på Israel førre tysdag varsla Det israelske militæret (IDF) at dei er i full beredskap.

Netanyahu uttala også at angrepet var «eit stort feilsteg», som vil få konsekvensar for Iran.

Sundag avlyste Iran alle flyavgangar fram til måndag morgon. Nokre timar seinare melde nyheitsbyrået Reuters om at luftrommet var ope att, og siterte iranske medium.

Luftrommet over Iran 6. oktober 2024

Slik ser det ut over Iran søndag kveld, ifølge Flightradar.

Grafikk: Flightradar

– Mogleg scenario

Fleire forskarar har skildra det iranske angrepet mot Israel som svakt, og meiner Israel truleg vil legga seg på same linje.

Forskar Kristian Berg Harpviken ved Institutt for fredsforsking er derimot ikkje så sikker på det. Ifølge han, kan mykje tyda på at Israel faktisk ønsker ein fullskala krig.

Han trekker fram det at Israel gjentekne gonger har handla mot råd frå sine næraste allierte som eit eksempel.

Kristian Berg Harpviken

– Det er ikkje så openbert at Israel ikkje ønskjer seg den fullskalakrigen, seier Kristian Berg Harpviken ved Institutt for fredsforsking.

Foto: Christian Breidlid / NRK

– Eg trur at den politiske leiinga i Israel no, og ein ganske stor del av befolkninga, opplever at dette er eit «vera eller ikkje vera» for Israel, seier han.

Israel føler seg pressa frå fleire kantar, og kan dermed tenka at det er no dei har sjansen til å slå til mot Iran, meiner han. Ifølge Harpviken kan særleg eit israelsk angrep på Iran sine atominstallasjonar føra til ei eskalering i regionen.

Klippemoskeen på Al-Aqsa, også kjent som Tempelhøyden, ses mens prosjektiler flyr gjennom himmelen, etter at Iran avfyrte ballistiske raketter mot Israel, sett fra Jerusalem

Iran skaut rakettar mot Israel i eit angrep tysdag.

Foto: Jamal Awad / Reuters

– Er me der, så er me plutseleg inne i eit veldig farleg atomvåpenkappløp i Midtausten, seier han.

– Eg trur ikkje at det er det mest sannsynlege utfallet, men eg trur absolutt det er sannsynleg nok til at me må sjå på det som eit mogleg scenario.

– Israel har ikkje kapasitet

Forsvarsanalytikar Per Erik Solli i Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) peikar på at ein av grunnane til at luftrommet vart opna att sundag, om kunngjeringa stemmer, kan vera fordi Iran fekk etterretning på at dei ikkje vert angripne i kveld.

– Men det er vanskeleg å seia noko som helst. Dei einaste som veit kva som vil skje er israelarane sjølve og amerikanarane.

Forsvarsanalytiker, Per Erik Solli, NUPI, Nord universitet

Forsvarsanalytikar Per Erik Solli i Nupi

Foto: Benjamin Fredriksen

Ifølge Solli er det usannsynleg at Israel kjem til å angripa atominstallasjonane til Iran. Det vil ikkje USA gå med på, meiner han.

– Det er jo Israels største mareritt om Iran utviklar atomvåpen, men USA og Biden set ned foten.

Det er dermed truleg at Israel berre vil ramma militære mål, fordi landet allereie er i ein pressa militær situasjon med styrkar både i Gaza og i Libanon, meiner Solli. Han legg til:

– Eg har vanskeleg for å i praksis sjå at Israel skal ha ambisjonar om å gå i væpna konflikt med Iran. Israel har ikkje kapasitet, og Iran har ikkje militær evne.

– Avhengig av truverdig avskrekking

Oberstløytnant Sigbjørn Halsne ved Krigsskolen viser til at Israel hadde ein avmålt reaksjon etter at Iran angreip med rakettar i april. Han meiner at det tydde på at Israel den gongen ikkje ønskte ein større konflikt med iranarane.

Sigbjørn Halsne ved Krigsskolen. Halsne er hovedlærer i landmakt ved Forsvarets høgskole.

VIL SKREMME: Oberstløytnant Sigbjørn Halsne ved Krigsskolen trur at Israel vil slå hardare tilbake mot Iran enn ved tidlegare angrep.

Foto: Halldor Asvall / NRK

Men ifølge den norske eksperten er det sannsynleg at israelarane kjem til å reagere kraftigare etter det iranske rakettangrepet for vel ei veke sidan.

Han meiner at amerikanske og israelske myndigheiter nå diskuterer kva mål som kan vere aktuelle.

– Israel er heilt avhengig av ei truverdig avskrekking. Fiendane til landet må vite at Israel har vilje og evne til å slå tilbake. Derfor ligg det i den militære logikken at israelarane vil svare hardare denne gongen enn i april, seier Halsne til NRK.

Men han understrekar at det er vanskeleg å seie på kva måte dette vil skje, og med kva intensitet.

Offiseren påpeikar også at Israel er bekymra over Irans atomprogram. Det kan komme til å endre sikkerheitssituasjonen i Midtausten ganske kraftig.

– I Israel går det nå føre seg ein diskusjon om det vil vere best å angripe Irans atomanlegg nå før trusselen har blitt for stor, eller om det er best å vente til seinare, seier Halsne.

Høyr Urix-episoden om Israel og Libanon:

Publisert 07.10.2024, kl. 18.00

Read Entire Article