– Det begynner med veldig små manipulasjonar, som du føler at nesten ikkje er der. Så bruker dei ord for å fortelje deg at det er noko gale med deg. Eg begynte å tru på det og tenkte det var meg.
Det seier Carine Van Hee, som fortel at ho levde i eit forhold med psykisk vald over fleire år.
Nettopp det å forstå og oppdage psykisk vald kan vere vanskeleg for både offeret og dei rundt. I starten av forholdet verka alt normalt.
– Han var karismatisk, sjarmerande, vennleg og sporty. Så skjedde alt veldig fort og blei alvorleg, seier Carine Van Hee.
Van Hee fortel at ho prøvde å snakke med venner om korleis ho hadde det heime på den tida, men at dei ikkje forstod kor ille ho hadde det.
Van Hee har brukt mange år på å bearbeide forholdet. Ho er frå Belgia, men bur no i Kristiansund.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKFå veit om avverjingsplikta
Det mange ikkje veit, er at ein er pliktige til å forsøke å avverge dersom ein mistenker at nokon blir utsette for vald.
Avverjingsplikta gjeld alle i samfunnet, men helsepersonell har ei nøkkelrolle i å fange opp og handtere saker der nokon er utsette for vald, både fysisk og psykisk.
– Partnarvald er ikkje ei privatsak. Det er ikkje opp til kvar enkelt, men ein må tore å bry seg. Det gjeld særleg dei som jobbar i helsetenestene, men også befolkninga elles.
Det seier Thea Brevik, forskar ved Høgskolen i Molde. Saman med kollegaer frå Politihøgskolen, Oslo universitetssjukehus og Høgskulen i Volda forskar ho på avverjing av partnarvald.
Thea Brevik er med å forske på avverjingsplikt i møte med partnarvald. Prosjektet er ikkje ferdig før neste år, men dei har allereie publisert fleire artiklar om funna dei har gjort så langt.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK– Det er dessverre veldig få som oppgir at dei kan avverjingsplikta sjølv om dei har jobba mange år i helsevesenet, seier ho.
I prosjektet har dei undersøkt kva ulike profesjonsutøvarar kan om plikta. I éin av studiane fekk 37 deltakarar som jobbar i helsevesenet fire timar med undervisning om temaet.
Før opplæringa var det berre 3 prosent som kjente til lova og ingen visste om kriteria for når ein skal melde frå.
Etter undervisninga auka kunnskapen betrakteleg. 63 prosent kjente til lova og 69 prosent kjente til kriteria for når ein skal melde frå.
Gjennom måleria sine formidlar ho kjenslene frå tida med eksen.
Foto: Marius Andre Jenssen Stenberg / NRKBestemte seg for å dra
Éin dag såg Van Hee seg sjølv i spegelen og innsåg at ho hadde mista seg sjølv, fortel ho. Ho tenkte på barnet sitt og skjønte at ho måtte ut av forholdet.
– Heldigvis hadde eg eigen konto med eigne pengar, det hjelpte. Vi budde i huset mitt, men det var eg som drog, for eg var så redd.
Kunsten til Carine Van Hee. Det høgre bildet illustrerer korleis ho vil bli snakka til.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKDet som skjedde etter at ho hadde gått ut av forholdet, var ho ikkje førebudd på.
– Eg hadde fleire kollegaer og venner eg var veldig glad i, men eg mista nesten alle. Eg hadde tre venner som støtta meg. Eg har kjent meg veldig mykje aleine, seier ho.
I dag formidlar Van Hee kjenslene gjennom kunsten ho lagar. Nokre måleri har mørke fargar, andre har lyse.
– Det er mykje skam, skuld og stigmatisering rundt dette, derfor må eg snakke om det, seier Carine Van Hee.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKPå utstillingar har ho fleire gonger skjønt at ho ikkje er aleine om det ho har opplevd.
– Det er fleire som har opna seg for første gong og fortalt at dei også har levd i slike forhold, seier ho.
Publisert 05.08.2025, kl. 21.56