Forbyr denne – no er det full krangel i sykkelverda

1 month ago 27



Polen rundt fungerer i år som ein aldri så liten testpilot for Det internasjonale sykkelforbundet (UCI).

På onsdagens og torsdagsetappen var det berre to av ryttarane på kvart lag som fekk ha radiokontakt med følgebilen, medan det på fredag ikkje blir nokon.

Prøveordninga er starta som eit mogleg sikkerheitstiltak, men møtte stor motstand etter ein velt på onsdagsetappen.

– Det var kaos i dag (onsdag), utan radio. UCI kan ikkje halde fram med forbodet mot radio. Det gjer at ritta blir til ein komplett farse, som vi såg i OL der ryttarar ikkje kunne be om grunnleggande assistanse for tekniske problem. Forhåpentleg blei ingen skadde for hardt i dag, skreiv Plugge på X.

France Cycling Tour de France

MEKTIG SJEF: Richard Plugge er sjef for Jumbo-Visma og Jonas Vingegaard.

Foto: Daniel Cole / AP

Nokre timar seinare kom svaret frå sykkelpresident David Lappartient.

– Hei, Richard. Du er ferska i «fake news». Dagens velt i Polen rundt hadde ingenting med fråvær av radio å gjere og det veit du, skreiv Lappartient, og la til at Plugge ønsker å behalde radiokommunikasjonen for å kunne gi taktiske instruksjonar, ikkje av sikkerheitsomsyn.

– Uprofesjonell i handteringa

Amund Grøndahl Jansen er ein av fleire norske ryttarar som deltar i rittet. Han reagerer på svaret til den franske UCI-presidenten.

– Eg synest Lappartient er uprofesjonell i handteringa. Å kaste ut «fake news» utan argumentasjon verkar tullete, skriv han i ei melding til NRK.

I innlegget til Plugge, viste han til bilda av ein velt med franske Nicolas Debaumarché. Franskmannen var ein del av brotet då han krasja med vel fem mil igjen, ein alvorleg velt som enda med at Debaumarché fekk eit brot i ein ryggvirvel.

David Lappartient

SYKKELPRESIDENT: David Lappartient går hardt ut mot Richard Plugge på X.

Foto: Jean-Christophe Bott / AP

Sondre Sørtveit, NRKs sykkelekspert, meiner likevel at sykkellaga litt for ofte skuldar på UCI når ting går gale på vegen.

– Det var jo eit uvanleg krast tilsvar frå sykkelpresidenten. Men eg trur nok også sykkelforbundet er litt lei av at dei mektige lagleiarane skuldar på sykkelforbundet med ein gong noko ikkje går som det skal, seier han og understrekar:

– Eg synest det blir for enkelt å berre skulde på sykkelforbundet for radioforbod berre fordi det har vore ein velt. Det er ansvaret til syklistane å sykle på ein forsvarleg måte.

NRK har bede UCI-presidenten om ein kommentar på kritikken som kjem fram i denne artikkelen, men har ikkje fått svar.

– Dei fleste er negative

Syklist Carl Fredrik Hagen har vore ein av dei som har køyrt etappane utan radio dei siste dagane i Polen.

– For å vere heilt ærleg fungerte det ganske bra i dag (torsdag), men det var jo ein kjempe roleg etappe. Det var lett å komme seg bak i køen og hente flasker og liknande. Og så var det enkelt å kommunisere med lagkompisar. Onsdag var det litt «bob», men eg er ikkje så einig i at det var meir stress i feltet, seier Hagen, som syklar for Q36.5.

– Korleis har det blitt motteke i feltet?

– Dei fleste er negative. Ut ifrå kva eg høyrer, svarer Hagen.

Arctic Race of Norway

UTAN RADIO: Carl Fredrik Hagen har køyrt fleire dagar utan radio på øyret under Polen rundt. Han synest det har fungert bra.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Amund Grøndahl Jansen håpar dei får halde fram med å bruke radio i framtida. Han fryktar det vil oppstå farlege situasjonar som ryttarane ikkje blir varsla om.

– Det er heilt klart betre med radio for tryggleik, både for mindre velt, men spesielt ved ein nødssituasjon; skulle ein ryttar vere i kritisk tilstand etter ein velt kan ein langt raskare få beskjeden fram til medisinsk apparat i bilkortesjen, seier Jansen.

Det står att tre etappar av Polen rundt. Den danske superstjerna Jonas Vingegaard leiar rittet 19 sekund føre italienske Diego Ulissi.

Publisert 16.08.2024, kl. 14.43 Oppdatert 16.08.2024, kl. 15.00

Read Entire Article