Forakt for norsk

1 month ago 21



Vi samler opp avisens kortinnlegg i spalten «Kort sagt». Her er dagens innlegg. Foto: Ketil Blom Haugstulen / Ellen Eriksen

Publisert: 03.09.2024 01:00

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

Anglifiseringa går sin gang. I dag er kanskje fotballfronten den staden der den provinsielle forakta for alminneleg norsk uttrykksmåte gjer seg sterkast gjeldande. Mange av TV-kommentatorane ser ut til å ha den innstillinga at norsk er eit altfor sidrumpa språk.

Landslagssjef Ståle Solbakken, tidlegare landslagssjef Nils Johan Semb og Drillos-veteranen Jan Åge Fjørtoft merker seg ut.

Ifølgje desse er ordet «fremragende» ikkje akseptabelt. Det må heite autstænding. Ordet «verdensklasse» er for Fjørtoft ubrukeleg, det må erstattast av oøld kla:s.

Solbakken spør seg om den eller den spelaren kan kætsche eit høgt nok nivå, og han er imponert over spiden han har, men understrekar at den kritiserte taktiske vurderinga aldri var ein issju. Fjørtoft poengterer at ættitjuden er viktig, og Semb peiker på kor nødvendig det på dette levelet er med ein kånneksjen mellom spelarane og lagdelane.

Og alle tre er samde om at det har vore ein tait fait.

Slik kunne eg ha halde fram, for det er snakk om ein omseggripande ukultur.

Jon Langdal, pensjonert norsklektor

Read Entire Article