I eit roleg nabolag i ein kommune på Austlandet banka politiet på døra. Det var ein tidleg haustmorgon i 2022.
– Er sonen din heime? spurte dei.
– Ja, eg kan gå ned å hente han, svarte mor.
– Nei, det gjer me. Du kan bli her oppe.
Sonen hennar låg og sov i etasjen under.
Snart skulle han bli vekt av to politibetjentar som arresterte han for sovevaldtekt.
For mor var sjokket ubeskriveleg.
– Han vart bokstavleg talt tatt heilt på senga. Og at eg, som mor hans, ikkje fekk forberedt han, snakka med han før dei kom ... Eg grein så fælt.
No fortel ho korleis det har vore å vera mamma i ein slik situasjon.
– Det einaste du vil med barna dine, er å beskytte dei, og får dei problem, så vil du hjelpe dei. Her kunne eg ikkje gjere noko. Eg kunne berre sørgje for at han ikkje var aleine.
Dømt i tingretten og lagmannsretten
Nokre månadar tidlegare var sonen på fest med venene sine. I løpet av kvelden skal han ha lagt seg for å sove i same seng som ei venninne.
Dei skal ha hatt ein god og venskapeleg relasjon frå før.
Så skal valdtekta ha skjedd medan ho sov.
Dette er henta frå dommen frå lagmannsretten. Han vart også dømt i tingretten.
Han har forklart at han opplevde at det var samtykke. Ho har forklart at ho sov. Det er ord mot ord.
– Eg er overtydd om at han ikkje har gjort det. At det har vore ei misforståing, seier mor.
Ho seier ho ikkje har lest dommen, og understrekar at ho veit at som mor vil ho naturlegvis tru på barnet sitt.
– Men om eg hadde trudd at han hadde gjort det, hadde eg tenkt at han måtte ta konsekvensane av handlingane sine, seier ho.
I dommen står det at fleirtalet av dommarane er overtydd om at jenta sov på tidspunktet, og at ho vart vekt av samleiet.
Mindretalet, som bestod av ein dommar, meinte blant anna at det ikkje er bevist utover kvar og ein rimeleg tvil at jenta sov på tidspunktet.
Fleirtalet skriv vidare at forklaringa til sonen på enkelte punkt har utvikla seg og at på eit, relatert punkt så står ho i motstrid med andre forklaringar.
Det står også at fleirtalet er overtydd om at sonen forstod at jenta mest sannsynleg sov.
Desse punkta er blant dei som dannar grunnlaget for at han vart dømt.
Tone Monclair er bistandsadvokat for jenta. Ho understrekar at retten har fått forklaring frå fleire vitne.
– Det er eit strengt beviskrav i straffesaker, og det er ikkje uvanleg at tiltalte og fornærma har ulik forklaring om faktum. Det var også anna bevisførsel som har hatt betydning for den samla vurderinga av saka. Det er ei riktig domfelling.
– Han er meldt for valdtekt
Dette er snart tre år sidan. Og mor fortel om tre år i krise.
Sonen har gitt samtykke til at mor fortel si side av historia som pårørande. Han har sjølv ikkje ynskt å uttale seg.
– Det er veldig vondt. Det får så utruleg store ringverknader for alle rundt, seier mor.
Nokre veker før han vart arrestert, fekk ho sjølv vite om hendinga. Då var ho ute med nokre vener.
Ho hadde lagt merke til at sonen var mykje heime. Mykje meir enn vanleg. Han pleidde å vera mykje med vener, men no låg han berre på rommet.
På tidspunktet hendinga skjedde, var sonen i byrjinga av 20-åra.
Mor hadde møtt nokre vener av han ute, og ho lurte på kvifor ikkje han var med.
Venene visste ikkje.
Så kom det bort ein annan kamerat.
– Han seier til meg at han ville fortelje meg kva som hadde skjedd. Han sa at sonen min var blitt meldt til politiet for valdtekt.
– Kva er det du seier? skal mor ha spurt. Ho knakk saman.
Ho ringer til sonen sin. Han avfeiar det som tull.
– Men eg såg jo at han blei veldig inneslutta. Eg byrja å bli veldig bekymra for han.
– Ei sorg ein ikkje tenkjer på
Det tok nesten to år frå han vart meldt til politiet fram til saka kom opp i tingretten.
– Det å sjå sonen min sitte på tiltalebenken, han knakk heilt saman, det var heilt forferdeleg. Eg ville berre springe bort og halde han.
Ho fortel at dei då hadde levd i eit vakuum i to år. Alt var på vent.
– Og då han blei dømt i tingretten, så fekk eg ei sånn panikkjensle. For meg er det det vesle barnet mitt.
Sonen vart dømt til nesten fire år i fengsel, og til å betale over 270.000 kroner i erstatning.
Ho fortel at det at han skulle i fengsel har vore ei sorg for heile familien.
– Ei sorg eg ikkje trur andre tenkjer på.
Venene hans bruker desse åra på å etablere seg, studere, få kjærast.
Mor fortel om turar i butikken der ho ser gutar på hans alder, og at ho unngår visse stader av akkurat denne grunnen.
– Eg tenkjer berre på at han sit der inne og går glipp av desse åra. Det er tid som han blir frårøva. Det er veldig vondt.
Aktor i saka, Martin Gautestad Jakobsen, fortel at dei har forståing for at det også bak tiltalte står pårørande.
– Men som aktor har me vore overtydd om at tiltalen har vore riktig, og me forheld oss til våre vurderingar forut for tiltalen og domsresultatet.
– Eg brann opp dommen
Beskjeden om at han vart dømt, fekk mor på ein handletur.
– Me anka med ein gong. Du klamrer deg jo til det vesle håpet, men du lever i ein sånn rar kvardag.
Så kom saka opp igjen i lagmannsretten. Det vesle håpet var der, og ho tenkte at denne gongen kom det til å gå fint.
– Då advokaten fortalde meg at han vart dømt andre gongen, så klarte eg ikkje snakke med han. Då var det ikkje noko meir å gjere.
Mor fortel at ho ikkje hugsar noko frå tida rett etter dommen falt.
– Eg har aldri lest dommen sjølv. Då me fekk den, reiste eg heim og brann den opp.
Det å gå ned på rommet hans, og brette kleda hans som ho hadde vaska, det var heilt forferdeleg, fortel ho.
Ho fortel at ho ikkje var ute av huset på fleire veker.
– Romjula og nyttårsaftan var heilt forferdeleg. For eg visste at han ikkje kom til å vera her neste gong. Eg gjekk i mi eige «zombie-verd.»
«– For meg så var det som om han skulle døy.»
I byrjinga var det ingen som lét ho vera aleine.
– På eit vis klarte eg å stå i det når det skjedde. Men etter han gjekk inn, så gjekk det hol på ballongen.
Forsvarar for sonen, Øivind Sterri, kommenterer saka slik:
– Dette er ein sakstype der det er stor risiko for at det oppstår justismord sett med framtidas auge, og der det ligg føre fare for at ein nyttar for lågt beviskrav i praksis. Det er påstand mot påstand, og ikkje avgjerande støttebevis på kva som har skjedd når begge partar er rusa.
Korleis forberede sonen sin på å dra i fengsel?
– Korleis skal eg som mor forberede sonen min på at han skal inn? Det var heilt rart.
Ho fortel at ho sørgde for at han fekk med seg alt han skulle ha, blant anna å kjøpe nye, ordentlege sokkar han kunne ha med seg.
Ho passa på at han fekk med seg yttertøyet han skulle ha og toalettsakene han trong.
– Eg gjekk jo og grein medan eg gjorde det.
Etter at politiet, utan forvarsel, kom på døra og henta sonen i 2022, har ikkje mor kjent seg trygg heime.
– Kvar gong hunden bjeffa eller det banka på døra, fekk eg hjartebank. Sonen min pleidde også å kome frå rommet og lurte på kven som kom.
Slik har mor det endå.
– Om det banker på døra no, spør eg mannen min om han kan sjekke kven det er først. Sjølv om det ikkje kan bli verre no.
– Eg er stolt av deg og eg elskar deg
Morgonen han skulle inn til soning, kom altfor fort.
– Han ville ikkje at eg skulle køyre han, det ville bli for stor belastning for meg meinte han. Det var så vidt eg fekk sagt ha det til han.
– Eg fekk ein kjapp klem, og sa: eg er stolt av deg og eg elskar deg.
Då han hadde reist, la ho seg i senga og grein i fleire timar.
Så kom det folk for å ta vare på ho.
– Eg veit ikkje kva eg hadde gjort hadde eg ikkje hatt dei næraste rundt meg.
Fyrste gong mor besøkte sonen sin i fengselet, var tøft, men godt.
– Eg var redd han skulle sjå bleik og sliten ut, men han gjorde ikkje det. Det var sonen min. Me sat i to timar og prata masse. Så var det vondt når me drog.
Ho fortel at ho har tenkt mykje på om det kan skje noko med han der inne. Ho peiker på at som valdtektsdømt så er ein ofte nedst på rangstigen i eit fengsel.
– Eg måtte ta litt beroligande dei fyrste dagane han var inne for å kunne få sove litt. Me har høyrt om dei som har blitt banka, og me har grua oss veldig til akkurat dette.
Lever for kvar telefonsamtale
Når mor ser tilbake på desse tre åra, så er det noko som står klart:
– Eg syns det er rart at me har greidd å kose oss litt inni mellom. Men det har hengt over oss heile tida. Alt har jo vore prega av dette her. Å føle seg så makteslaus fordi alle tenker at så lenge han er dømt, så har han gjort det.
Ho fortel at ho tenkjer mykje på korleis det vil bli når han kjem ut.
– Det vil jo prege mykje framover også. Det er nesten fire år på CV-en som står tomme. Denne dommen følgjer han resten av livet.
Ho fortel at ho ikkje greier å glede seg til noko. At ho berre går og ventar.
– Eg lever for kvar telefonsamtale og kvart besøk eg får med han.
– Men eg veit sonen min ikkje vil eg skal sitte heime og rotne. Eg prøver å gjere det eg kan for å leve vidare.
– For hans skuld.