For høge verdiar av aluminium i 15 år – barn blir kalla inn til helsekontroll

1 day ago 5



Høyanger kommune i Sogn kallar inn barn til undersøkingar, etter at det blei oppdaga for høge verdiar av aluminium i drikkevatnet frå Kyrkjebø vassverk.

Kommunen har no gjennomgått vassprøvar tekne ved vassverket tilbake til 2004.

Resultata viser at det har vore for høge verdiar av aluminium mellom 2011 og 2026, altså i 15 år, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Også i 2006 var snittverdien for høg, og også enkeltprøvar for andre år viser for mykje aluminium i vatnet.

Kallar inn barn til kontroll

Langvarig inntak av vatn med så mykje aluminium kan gje varige skadar på nervesystemet.

Folkehelseinstituttet seier barn under tre år er dei mest sårbare for aluminiumsforgifting.

Difor kallar kommunen alle barn mellom 0 og 3 år som har vore fastbuande på Kyrkjebø frå 2021 inn til helseundersøking.

Firebarnsmor Linn Elisabeth Dregelid har tidlegare sagt til NRK at ho er uroa.

– Det verst tenkelege er jo at dei har tatt skade av det. Det er jo ille å tenke på at vi har gitt ungane våre drikkevatnet i kanskje fem år, og trudd at det var trygt, sa ho.

Ordførar Petter Sortland (Ap) legg seg flat:

– Dette er alvorleg. Me har brukt helga på å gå gjennom vassprøver og samla søndag kriseleiinga. Det er ikkje anna å gjere enn å orsake.

ein mann fuller vatn frå ein tank bakpå ein bil

RESERVEVATN: Kommunen har sett ut tankar med vatn til dei som er knytt til vassverket.

Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK

Langt over trygge verdiar

For at mengda aluminium i drikkevatn skal vere helsemessig trygg, er grensa på 0,2 mg aluminium per liter, opplyser Folkehelseinstituttet.

Analysar frå FHI viser at vatnet har ein gjennomsnittsverdi på 0,54 mg aluminium per liter sidan 2021.

Altså meir enn dobbelt så mykje som grenseverdien.

Den høgste målinga viser 0,84 mg aluminium per liter.

– Med desse verdiane vil alle aldersgrupper ligge over tolegrensa for aluminium, skriv FHI i vurderinga.

NRK har vore i kontakt med Folkehelseinstituttet måndag, men dei har ikkje gjort ei oppdatert vurdering etter denne siste gjennomgangen av prøveresultata.

– Får ta julinga me fortener

Onsdag 24. juni er det kalla inn til folkemøte på Kyrkjebø. Ordførar Petter Sortland vil legga fram alt dei veit.

– Me skal ikkje legga skjul på noko som helst. Me får ta den julinga me fortener. Dette er ikkje kjekt å stå i, seier han.

Petter Sortland

ORSAKAR: Ordførar Petter Sortland (Ap) legg seg flat etter funna.

Foto: privat

Sjølv om kommunen har sett i verk eit stort arbeid er det førebels uvisst kor lenge det har vore for mykje aluminium i drikkevatnet. Ordføraren seier arbeidet held fram.

– Vatn skal vera trygt å drikka, og me skal snu alle steinar. Me har ikkje oversikt før 2004, og eg veit ikkje om me får det heller. Det må me finna ut av saman med laboratoria, seier han.

Ber folk ta kontakt ved symptom

Prøvane som er funne går altså tilbake til 2004, og kommunen ber folk som merkar symptom om å ta kontakt.

Korleis har dette vore mogleg?

– Vi må kalla det systemsvikt. Me har fått tilbakemeldingar på prøvar, men det har ikkje nådd fram til dei som tek avgjerder, og det er ikkje sett inn tiltak. Kontrollutvalet i kommunen er hjarteleg velkomne til å sjå på saka, seier ordføraren.

Publisert 22.06.2026, kl. 09.47 Oppdatert 22.06.2026, kl. 10.36

Read Entire Article